Hopp til innhold

Kreftfri Oddny rørte SV si valvake til tårer: – Valkampen har vore fantastisk

BERGEN (NRK): Fri for kreften, men framleis prega møtte Oddny Miljeteig på SVs jubel-valvake, der det blei jubla for at partiet går kraftig fram.

Oddny

GLADE: Oddny Miljeteig talte, og Gina Barstad blei rørt. SV rekna seg som valvinnarar i Bergen i natt.

Foto: Christian Lura / NRK

– Eg er kreftfri no, men har ikkje fått kreftene mine igjen. Cellegift er ikkje for pingler. Men valkampen har vore fantastisk. Eg har fått lov å vera med igjen. Ikkje så mykje som før, men ganske mykje. Så har eg kunna flata ut på sofaen innimellom, seier Oddny Miljeteig til NRK.

Det var stinn brakke på Bar1bar i Bergen, der sosialistane hadde inntatt det gamle bankkvartalet for å ha valvake.

Audun Lysbakkens lokallag var stolte av jobben, og kunne til slutt visa til ni prosent oppslutnad.

Men heime i Bergen var det dronninga Oddny Miljeteig som verkeleg rørte forsamlinga med talen sin. Den tidlegare nestleiaren i partiet fekk ein alvorleg kreftdiagnose sommaren 2015, men er no kreftfri og deltok i valkampen i år så mykje som helsa tillét.

Ikkje for pingler

– Eg må berre vera så enkel å seia at det har vore heilt fantastisk. Vi har opplevd nedturane. Vi la partiet i potten for dette regjeringssamarbeidet. Vi fekk gjort ein del, men folk gløymde ut at det fanst eit SV. Vi har måtta bruka tid på å bygga oss opp igjen, seier Miljeteig.

– Høyr kor audmjuk ho er! Du har gjort så mykje, seier Gina Barstad, 2.-kandidat til Stortinget.

– Ho har stått i valbua, halde appellar, ho har stått på morgon og kveld, seier Barstad.

For fire år sidan vaka SV like over sperregrensa. I år viser prognosane at partiet får rundt seks prosent av røystene. Det er eit comeback som SV er særs nøgde med.

Partioppslutning i Hordaland

Med endring i prosentpoeng fra stortingsvalget 2013

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04

RRødt

2,1
+1,2

SVSosialistisk Venstreparti

7,0
+2,1

APArbeiderpartiet

22,8
−2,0

SPSenterpartiet

7,6
+3,2

MDGMiljøpartiet De Grønne

3,5
+0,3

KRFKristelig Folkeparti

5,5
−2,2

VVenstre

4,4
−1,4

HHøyre

30,4
−0,9

FRPFremskrittspartiet

15,1
0,0

ANDREAndre

1,6
+0,1
SV si valvake i Bergen, valg 2017

STINN BRAKKE: SV i Bergen kunne jubla over ni prosent oppslutnad i Bergen.

Foto: Christian Lura / NRK

Viste til SV sine grunnleggjarar

Både ho og Barstad er nøgde med partileiaren frå eigen by.

– I dette valet føler eg Audun Lysbakken har stått fram som ein ektefødt arving til pionerane våre som Finn Gustavsen og Hanna Kvanmo, seier Miljeteig.

Som gjekk heim tidleg. Batteria hennar treng framleis litt ekstra lading.

Men ho håpar snart å vera tilbake.

– Eg er no her, eg. Og eg har fått gjort eit stykke gagns arbeid i valkampen. Eg håpar eg innan overskodeleg tid kan komma tilbake som gruppeleiar i Bergen bystyre.

Mandatfordeling i Hordaland

Antall mandater med endring fra stortingsvalget i 2013

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04

Rødt

0 mandater
Ingen endring siden 2013

Sosialistisk Venstreparti

1 mandater
Ingen endring siden 2013

Arbeiderpartiet

4 mandater
Ingen endring siden 2013

Senterpartiet

2 mandater
1 opp fra 2013

Miljøpartiet De Grønne

0 mandater
Ingen endring siden 2013

Kristelig Folkeparti

1 mandater
Ingen endring siden 2013

Venstre

1 mandater
Ingen endring siden 2013

Høyre

5 mandater
1 ned fra 2013

Fremskrittspartiet

2 mandater
Ingen endring siden 2013