Hopp til innhold

Kommunen meiner dei går glipp av vasskraft-millionar – no sender dei protest til Stortinget

Kommunestyret i Ullensvang har vedteke ein samrøystes protestuttale etter at energiselskapa Hydro og Lyse slo seg saman og unngjekk statleg eigarskap.

Valldalsvatnet
Valldalen

Valldalen før og etter oppdemming. Vatnet kan regulerast med 80 meter, som gjer det krevjande å bruka det, i følge grunneigarar.

Ragnar Utne / Røldal Grunneigarlag

– Me føler at heile distriktet er lurt. Me har venta på ny konsesjon i 60 år, seier Helleik Rabbe.

Han er grunneigar i Valldalen, som sidan 1960-talet har vore demma opp og brukt til vasskraft.

Vassnivået er ganske lågt, og kan regulerast opp og ned 80 meter.

Helleik Rabbe

GRUNNEIGAR: Helleik Rabbe.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Kraftverka i Røldal og Suldal vart bygd på 60-talet, og skulle i utgangspunktet gå tilbake til statleg eigarskap i 2022.

Dette unngår Hydro som følge av den store samanslåinga med kraftselskapet Lyse.

Hydro er framleis minoritetseigar i det nye selskapet. Det nye selskapet oppfyller då regelen om at større vasskraftverk skal vera to tredjedelar offentleg eigd, fordi Lyse sine hovudeigarar er kommunar i Rogaland.

Vertskommunane hadde fått tilgang til store mengder konsesjonskraft viss staten hadde tatt over.

Selskapet kan derfor fortsetja å ta ut krafta frå verka utan at det blir stilt krav om strengare vilkår for drifta, som til dømes naturvern.

Rabbe meiner kommunane har blitt ført bak lyset, og håpar at protestuttalen set prosessane i sving på Stortinget.

– Me har ikkje vore med på dei demokratiske prosessane. Kommunane har ikkje fått med seg kva konsekvensar det fekk. Så det er det me meiner at Stortinget må sjå på og gjera om, seier Rabbe.

Vertskommunane Suldal og Ullensvang tener i dag mellom 30 og 50 millionar kroner på kraftverk.

I avtalen frå 1960-talet stod det at kommunane skulle få disponera 10 prosent av krafta etter 2022. Det hadde betydd summar på rundt 200 millionar kroner.

– Eit historisk brot

Fylkestingsrepresentant, kommunestyrerepresentant og stortingskandidat for Raudt, Terje Kollbotn, har lenge vore kritisk til styresmaktene si handsaming av saka.

Han sparer ikkje på krutet når han blir spurt om kva han syns om samanslåinga.

– Me opplever at dette er eit ran på høglys dag. Me føler at Stortinget sine løfte frå 60 år sidan er brote på alle punkt, så det er all grunn til protest, seier Kollbotn.

Terje Kollbotn

PROTESTERER: Fylkestingsrepresentant, kommunestyrerepresentant og stortingskandidat for Raudt, Terje Kollbotn, er lite nøgd med korleis saka har blitt handsama.

Foto: Leif Rune Løland/NRK

Ifølgje Kollbotn får ikkje vertskommunane nok inntekt frå kraftproduksjonen, i forhold til kva dei har gjeve.

– Kraftkommunane i dette landet har ofra mykje, både når det gjeld naturinngrep og tradisjonelle næringar som måtte vika for kraftutbygginga, seier Kollbotn.

Det som har vore vanleg kraftpolitikk i Noreg, er at staten overtek eigarskapet etter 60 år, for å unngå at utanlandske bedrifter kan ta kontroll på den norske vasskrafta.

I Valldalen vart 18 stølar lagt under vatn etter at det vart demma opp. Dette er eitt av fire vassdrag som no blir eigd av Hydro og Lyse.

Valldalen, Ullensvang

REGULERT: Valldalsvatnet er eitt av tre reguleringsmagasin som Hydro og Lyse får behalde.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– Ei god løysing

Grunneigarane i Røldal og Suldal har sendt inn klage til Olje- og energidepartementet.

Statssekretær Tony Christian Tiller frå Høgre seier han forstår reaksjonane i saka, men meiner det alt i alt løysinga er god.

Statsekretær Tony Christian Tiller (H) i Olje– og energidepartementet

GOD LØYSING: Statssekretær Tony Christian Tiller (H), meiner avtalen sikrar konkurransekraft til norsk industri.

Foto: OED / Scanpix

– Avtalen var tilrettelagt av politiske styresmakter, og me syns det er ei veldig god løysing. Dette sikrar konkurransekraft til grøn, norsk industri, seier Tiller.

Ein gjenteken kritikk av heimfallsretten er at han hindrar effektiv konkurranse, og at han gjev dårlege insentiv til investeringar i private kraftverk.

Statssekretæren minner om at kraftutbygging historisk sett har hatt konsekvensar for naturen, og at desse kraftverka vart bygd på 1960-talet.

Han er ikkje einig i at lokaldemokratiet har blitt overkøyrd, og meiner at dialogen og samarbeidet med lokale styresmakter har vore bra.

Hydro Lyse-motstand

LOKAL MOTSTAND: Samanslåinga har ført til fleire banner og plakatar rundt om i kommunen.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– Me har hatt møter med ordførarane og hatt ein dialog med kommunane, seier Tiller.

Olje- og energidepartementet har sendt eit brev til NVE om ein gjennomgang av vilkåra i konsesjonen.