Cruisetrafikken aukar enormt i Norge - nærast stillstand i resten av Europa

Havnene langs Vestlandskysten er den store vinnaren i den europeiske cruiseindustrien. Medan resten av verdsdelen sakkar etter, er veksten enorm i Norge.

Cruiseskip i Olden

STOR VEKST: Cruisehavner som til dømes her i Olden opplever ein stor vekst i talet på passasjerar.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

I følgje Dagens Næringsliv reiste 5,7 millionar passasjerar mellom europeiske havner i fjor, noko som var ein heilt marginal vekst på 1,3 prosent.

Men i rak motsetning står cruisetrafikken til Norge. Vi er den store vinnaren med ein vekst på heile 28 prosent. Vi er dermed på fjerdeplass av landa i Europa, bak Italia, Spania og Hellas.

Bergen, der dei fleste skipa som og kjem til Flåm og Olden kjem inn, er no den tredje største cruisehavna i Europa.

Også i år ser veksten ut til å halde fram med sju prosent fleire anløp og 21 prosent fleire dagsbesøkande. Årsaken er mellom anna stadig større skip som kjem hit til Vestlandet.

– Det er ein betydeleg større vekst enn i resten av Europa, der prognosen er pluss fem prosent, seier Wenche Nygaard Eeg i Cruise Norway til Dagens Næringsliv.