Vått for historiske cruiseturistar

Førde viste seg ikkje frå si vêrmessig beste side då det første cruiseskipet la til hamn ved Ankerløkken fredag.

Cruiseskip i Førde

VÅTT: 220 britiske og amerikanske cruisepassasjerar fekk eit vått møte med Førde og Sunnfjord. – Vêret kan ingen styre, så vi tek det som kjem, seier Wenny Iren Hansen i FjordKysten.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Om bord Minerva kom 220 britiske og amerikanske turistar, klare for å utforske Sunnfjord.

Det 133 meter lange skipet tek vanlegvis 350 passasjerar. I tillegg til eit mannskap på 160.

– Det kjennest fint. Det er godt at dei vel å komme til Sunnfjord, seier dagleg leiar Wenny Irene Hansen i FjordKysten.

Tre reisemål

Wenny Irene Hansen

BUR SEG: Wenny Irene Hansen (t.h.) bur seg på å sende av garde nær 200 passasjerar på si utforsking av Sunnfjord.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Medan regnet hølja ned, hasta 192 turistar frå cruiseskipet til dei fem-seks oppstilte bussane på kaien.

Derifrå vart turistane spreidde. Nokre valde Luftkampmuseet og Ausevik, andre tok turen til Jølster, medan nokre valde ein kortare tur – Sunnfjord Museum og Hulderfossen.

– Sunnfjord har veldig mykje å by på. Det er ein fin kontrast å komme hit, om du til dømes har vore i Flåm, så er det rolegare tempo her, seier Hansen.

Vart overraska

Ekteparet John og Sandra Marshall frå Chesterfield, er mellom dei britiske turistane om bord. Dei blir overraska når NRK fortel at dei er dei første passasjerane som går i land frå eit cruiseskip.

Då skipet klappa til kai ved Ankerløkken, var det som å komme heim, gliser John.

(Artikkel held fram under video)

Fredag 14. juni klappa det første cruiseskipet til kai i Førde.

SJÅ: Historisk cruiseskip til Førde. Foto og redigering: Oddleif Løset

– Vi bur sjølve i ein industriell by, så dette er ikkje noko nytt for meg. Berre å sjå anlegget der betyr noko for meg, seier han og peikar anleggsmaskiner på området.

Likte Flåm

Cruiset er kunnskapsbasert, med passasjerar som ynskjer å lære meir om Norge og hamnene dei vitjar. Vanlegvis plar cruiseskipa å leggje til kai i Florø, men Minerva valde altså å gå turen inn Førdefjorden.

Det var ikkje mange turistar som fekk med seg innseglinga. I alle fall ikkje av dei som i øsande regnvær tok seg tid til å snakke med ein frammøtt journalist.

– Flåm var veldig bra. Eg er ein «togbane-freak», og det var imponerande med ei togbane i eit slikt landskap, fortel John, som også er ingeniør.

Meir industri

– Det er berre synd at vêret ikkje har halde, legg han til.

Landsmannen David Carswell venta å kome i land på ein langt mindre stad. Og i alle fall ikkje på eit industriområde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Minerva til kai i Førde.

MINERVA: Cruiseskipet la til kai ved verftsområda til tidlegare Ankerløkken.

Foto: Truls Kleiven

– Vi kom inn i dag tidleg, så eg fekk ikkje sett innseglinga. Men her er meir industri enn eg trudde. Eg trudde faktisk det var mindre busetnad her, gliser han før han hastar inn på bussen.

Til Naustdal

Både ekteparet Marshall og Carswell valde seg turen til Ausevik og Luftkampmuseet i Naustdal.

– Eg er interessert i Royal Air Force og krigen, så museet er av stor interesse for meg. Sandra er interessert i vikingtida. Og så er eg fortald at eg har vikingblod i meg, så det blir jo litt som å sjå kvar forfedrane mine kjem frå, seier John.

To-vekers cruise

«Independence of the Seas» i Flåm

GIGANT: «Independence of the Seas» vitja Flåm tidlegare i sesongen.

Foto: Arne Veum

Skipet er ikkje særskilt stort om ein samanliknar det med dei som vitjar cruisehamnene i Olden og Flåm. Her tek dei i mot skip med fleire tusen passasjerar.

Cruiset starta i Portsmouth 5. juni. Når dei igjen legg til kai i same by på den engelske austkysten 20. juni, har dei også vitja Oslo, Aalborg, Haugesund, Ulvik, Olden, Åndalsnes og Bergen.

Dagleg leiar Hansen i FjordKysten trur turistane vil returnere frå vestlandskysten med gode inntrykk.

– Dette er passasjerar som er veldig interesserte i dei område som blir besøkt. Dei har mange spørsmål og er genuint interesserte, seier ho.

Fekk dispensasjon

I Førde fekk kaien dispensasjon frå ISPS-regelverket. Dette er ei internasjonale tryggleiksreglar for skip over 500 bruttotonn i internasjonal fart og hamner som tek i mot slike skip.

Reglane betyr kontrollert, avgrensa og innegjerding. I Førde var det hamnevesenet i Florø som passa på. Spørsmålet no, er om dette blir det første og einaste cruiseanløpet i Førde.

– Det kan godt hende at Førde er eigna som cruisehamn, men slik det er i dag så er det ikkje ISPS-klarert kai. Så om ein skulle teke i mot fleire måtte det blitt gjort ein jobb med det, seier Hansen i FjordKysten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Cruiseskip på veg inn Førdefjorden

FLOTT SYN: Cruiseskipet på veg inn mot Førde i morgontimane fredag.

Foto: Steffen Ben Jonstad

Signaliserer ikkje

– I tillegg signaliserer heller ikkje Førde kommune at dei ynskjer å satse på cruise. Dei har ikkje gått inn i Sunnfjord Cruisenettverk, der fleire kommunar og verksemder er med, for å medverke til marknadsføring og innsal av cruise her i området, legg Hansen til.

Ho trur fleire cruiseanløp til Sunnfjord er av stor betydning.

– Heile området dreg nytte av at det kjem båtar til Florø. Vi sender utflukter også til Jølster, Bremanger og Naustdal, seier ho.