Hopp til innhold

Køyrde mot trafikken i 100-sone: – Skadepotensialet er stort

Etter berre ei veke, har allereie to personar hamna i feil køyreretning i den nye tunnelen mellom Os og Bergen. Det er fare for at det skjer igjen, seier Vegvesenet.

Ein mann i 80-åra køyrde måndag føremiddag i feil køyreretning i den nye Lyshorntunnelen mellom Os og Bergen. Han køyrde fire kilometer feil veg før han snudde inne i tunnelen, som har fartsgrense på 100 km/t.

– Det gjekk heldigvis bra, men på kamera såg me at han møtte motgåande trafikk. Det kunne ha blitt ein samanstøyt viss dei ikkje hadde lege i det andre feltet, seier trafikkoperatør Marius Næss ved Vegtrafikksentralen.

Alarmen om feilkøyringa gjekk etter berre eit par sekund, og tunnelen blei stengt slik han skal.

Bilen blei stansa av politiet på utsida av tunnelen på Os-sida. Saka blir no etterforska.

Les også Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård opna den nye E39 med brask og bram

Jon-Ivar Nygård opnar den nye motorvegen mellom Bergen og Os.

Andre gong på kort tid

Dette er andre gongen folk køyrer i feil retning etter at tunnelen opna for ei veke sidan, ifølgje Vegtrafikksentralen.

– Det var eitt tilfelle i førre veke også, seier Næss, som ikkje kjenner til detaljar rundt den hendinga.

Prosjektleiar Kelly Nesheim Iversen i Statens vegvesen kjenner til at det har vore nokre tilløp til feilkøyringar i tunnelen, der bilistar har oppdaga at dei er på feil veg i rampane.

Kelly Nesheim Iversen i Statens vegvesen

Kelly Nesheim Iversen utanfor Skogafjellstunnelen på nye E39 mellom Os og Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ho seier dei skal gå nøye gjennom feilkøyringa måndag.

– Denne hendinga beklagar me. Det er dette me har sagt at me er redde for skal skje. Likevel er det tryggjande at det tekniske utstyret i tunnelen verkar. Trafikken blei leidd over i høgre felt, og tunnelen blei stengt med bom frå Rådal.

– Er det fare for at det skjer igjen?

– Det er fare for at det skjer igjen. Trafikantar er veldig forskjellige, og ikkje alle har erfaring med å køyra på motorveg. Du skal ikkje snu på ein motorveg. Du må følgja pilene som er i vegen og vera konsentrert. Det kan vera lett å få panikk i ein slik situasjon, seier Iversen.

Om ein køyrer feil retning eller ser at andre gjer det, skal køyra inn i ei havarilomme i tunnelen, der det er telefonar til trafikksentralen, seier Iversen.

Les også Utrykkingspolitiet kritisk til manglande fotoboksar i Lyshorntunnelen

Råkjøring i Lyshorntunnelen

Dødsulukke skuldast køyring i feil retning

Dødsulukka i Operatunnelen i helga skuldast køyring i feil retning på ein motorveg, inne i ein tunnel.

– Hendinga på E39 er diverre ikkje eineståande, seier Iversen.

Hendinga på nyevegen mellom Bergen og Os blir no følgt opp. Iversen seier dei allereie har vore på møte med Vegtrafikksentralen.

– Me har sett på video kva som faktisk skjedde. Me har kalla inn til eit nytt møte i morgon med entreprenøren vår. Så me følgjer opp denne hendinga ganske tett. Me vil finna ut om noko skuldast veganlegget eller noko me kunne ha gjort betre, seier Iversen.

Prosjektet er no overlate til drift og vedlikehaldseininga i Vegvesenet.

– Men me held likevel eit auge på det dei første vekene, seier Iversen.