Måndag opna den nye innfartsåra på E39 til Bergen frå sør. Noreg har ingen andre så lange tunnelar med fartsgrense 100 km/t.
Eitt døgn etter opninga vart NRK med ein sivil politibil på patruljering på strekningen.
– Denne bilen er utstyrt med gjennomsnittsfartsmålar og videokamera, forklarer politibetjent Tore Hagland.
Foto: Leif Rune Løland / NRKSolberg-regjeringa sa nei til fotoboksar
Tunnellen på over ni kilometer har ikkje fotoboksar.
Verken denne eller andre nybygde motorvegar har fotoboksar for automatisk kontroll. Det avgjorde regjeringa til Erna Solberg medan Ketil Solvik Olsen (Frp) var samferdselsminister.
– Denne vegen vart planlagd under den førre regjeringa. Det er tilrettelagt for fotoboksar her. Men Framstegspartiet ønska ikkje fleire fotoboksar.
Det seier Utrykningspolitiet (UP) sin distriktssjef for Vestlandet, Terje Oksnes.
I same sekund blir politibilen forbikøyrd av ein svart bil i høg fart.
Hagland startar gjennomsnittsmåling av bilen i det den bremsar litt ned.
– 132 kilometer i timen, konstaterer han, men legg til at bilen truleg var oppe i 150 eller meir under forbikøyringa.
Han ventar til dei nærmar seg tunnelopninga før han skrur på blålyset.
Etter forbikøyringa bremsa bilen til venstre ned tre gonger medan gjennomsnittsfarten vart målt til 132 km/t.
Foto: UtrykningspolitietHeilt fersk sjåfør
Det er ein ung sjåfør på 18 år som rullar ned vindauget.
– Du har ikkje hatt førarkortet lenge, ser eg. Tre veker, konstaterer Hagland.
Han fortel 18-åringen at farten var langt høgare enn gjennomsnittsfarten som vart målt til 132 km/t.
– Denne gjennomsnittsmålinga er ei snill måling. Du hadde mista lappen viss me hadde hatt laserkontroll.
Ungdommen endar opp med å få over 11.000 kroner i bot og seks prikkar i førarkortet.
Det betyr at han i tre år må unngå ein einaste ny prikk, elles ryk lappen i seks månader.
UP: – Bør få fotoboksar
Oksnes fortel at manuell radarkontroll er for farleg i ein tunnel der fartsgrensa er 100 – både for politiet og bilistane.
– Det er ganske risikofylt, så det vil me ikkje. Det er for trangt og forureina å stå i havarilommene der inne, og farleg å stoppa bilar som deretter må opp i hundre igjen. Men me kan ha laserkontroll ute mellom tunnelane, men då må me ha bil klar til å følge etter.
– Skulle det vore fotoboksar her?
– Ja, det burde vore det, fordi manuelle trafikkontrollar er ei utfordring.
Han meiner automatisk gjennomsnittsmåling vil vera det beste.
Sjef for Utrykningspolitiet på Vestlandet, Terje Oksnes, tar ein alvorsprat med dei to 18-åringane i bilen.
Foto: Leif Rune Løland / NRKFrp: – Feil medisin
Stortingsrepresentant Morten Stordalen (Frp) forsvarer at nye motorvegar ikkje har fotoboksar.
– Det er fordi dette er dei tryggaste vegane. Det har ikkje vore nokon dødsulykker på vegane med fire felt så langt i år. Det er tofeltsvegane som er dei farlegaste.
Han meiner det ikkje er gode faglege argument for automatisk fartskontroll på nye vegar utan ulukkeshistorikk.
– Fotoboksar skal ikkje berre vera inntektsbringande. Dei skal berre nyttast der det har vora dødsulykker. Derfor vil det vera merkeleg å sette opp fotoboksar ved ein ny, trygg firefelts motorveg.
– Kva med risikoen for ekstrem råkøyring av ungdom som vil testa bilen sin?
– At enkelte gjer det, bør ein slå hardt ned på, men det rettferdiggjer ikkje å setta opp fotoboksar langs kvar ein veg i Noreg. Det er heilt feil medisin, svarar Stordalen.
Fryktar ulukker
Oksnes i Utrykningspolitiet stadfestar at det skjer få ulukker på vegar med fartsgrense 100 eller 110.
– Men om ulukka først skjer i ei slik hastigheit, vil konsekvensane vera svært store. For å få ned farten må det gjennomførast kontrollar. Dersom me skal gjera det på dette vegnettet, med desse tunnelane, bør det vera automatiske kontrollar, seier han.
Og legg til:
– Men me køyrer sivile patruljar slik som i dag.
Oksnes er også uroleg for at farten og ulukkestala kjem til å auka på den gamle innfartsåra til Bergen.
– For der blir det no mykje betre plass. Viss farten går opp og vegen er like dårleg som før, kan me få fleire ulykker, så me kjem til å prioritera å vera der, også.