Hopp til innhold

Skofabrikken overlevde andre verdskrigen. No kan det vere slutt

Aurlandskoen har overlevd andre verdskrig og fleire finanskriser. Om han overlever koronakrisa, står att å sjå.

Aurlandssko blå

SKOEN: Dette er den tradisjonsrike Aurlandskoen. Alle tilsette er permitterte og fabrikken står stille.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Det er heilt stille. Eg ser på fjorden utanfor fabrikken og det er ingen der ute, seier dagleg leiar Mette Bakketun i Aurlandskoen.

Den vesle skofabrikken inst i Sogn har overlevd sidan 1930-talet. På det meste var det nitten skoprodusentar i Aurland, og i tiåra etter krigen jobba over hundre menneske i bygda som skomakarar. No er det berre éin skofabrikk att.

Og snart kan talet vere null.

– Status er at alle er permitterte og at fabrikken står tom og stille, seier Bakketun.

Mette Bakketun

UROA: Dagleg leiar Mette Bakketun i Aurlandskoen veit ikkje korleis det ser ut for bedrifta før i august.

Opp på catwalken

Fabrikken har vore gjennom både opp- og nedturar.

Men for nokre år sidan tok Aurlandsskoen steget opp på catwalken under Oslo Fashion Week.

Der ifrå gjekk vegen inn på sidene til eit av verdas største motemagasin, italienske Vogue.

Så kom koronakrisa, og full stopp i turismen. På gode dagar har fabrikken pleid å ha mellom 100 og 500 handlelystne besøkande.

– Det er kjempekritisk. At det er eit virus som slår oss ut er jo heilt tragisk å tenkje på.

Aurland skofabrikk

FABRIKKEN: Her blir Aurlandskoen sydd, men no er dei tilsette permitterte.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Stolt tradisjon

Aurland er kommunen i Vestland med flest permitteringer. Meir enn kvar femte tilsette i næringslivet er utan jobb.

Ordførar Trygve Skjerdal (Sp) seier situasjonen er vanskeleg, både for dei som skal styre og for bedriftene som no ikkje har arbeid.

– Aurlandskoen er varemerket vårt framfor noko. Skoen har blitt viden kjent, og aurlendingane er stolte over fabrikken og tradisjonen.

No håper han signaturskoa kjem seg over kneika.

– Det er mange som har gjort mykje for å få det til å gå rundt, så eg håper det varer framover.

Trygve Skjerdal

SIGNATURSKO: – Aurlandskoen er varemerket vårt framfor noko, seier ordførar Trygve Skjerdal (Sp).

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Spor av framgang

Bakketun seier dei neste fire månadane vil avgjera kva slags lagnad skoa får.

– Dei statlege krisepakken kan gjere at vi klarer oss nokre månader, men det hjelper oss ikkje vidare.

Håpet for framtida knyter seg no til nettbutikken, der dei ser «ein viss pågang».

– Vi kan begynne å produsere om det kjem mange bestillingar. Det er det vi treng, at folk bestiller vesker, sko og belte. Då kan vi begynne å produsere igjen.