Astrid Navarsete lagar aurlandsko

ERFARING: Astrid Navarsete fekk opplæring av Ansgar og Eldbjørg Wangen då ho starta for 36 år sidan. Dei starta fabrikken i 1939, og det er no den einaste fabrikken att i bygda. Faktisk er det den einaste skofabrikken i heile Noreg.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Ingen har sydd fleire Aurlandsko enn Astrid

Astrid Navarsete har sydd skinnsko på Norges einaste skofabrikk i 36 år. I år fekk skoa spalteplass i det italienske motemagasinet Vogue.

Frå fabrikkvindauga ser du ut over Aurlandsfjorden. Om sommaren er det stor trafikk der ute, med turistbåtar og cruiseskip. No er det stille.

Men på fabrikken durar symaskinene jamt og trutt. Astrid Navarsete styrer den grå singermaskina med sikre hender.

– Eg hadde jobba på hotell som stuejente då eg starta. Erfaring med skomakaryrket hadde eg ikkje. Langt der ifrå. Men det var ikkje så vanskeleg. Eg tok det veldig fort.

Under fingrane hennar veks ein lêrsko fram på maskina. Den er i svart, glinsande lakk. Ikkje brunt eller svart lær, slik du kanskje kjenner den tradisjonelle kvardagsskoen frå Aurland.

For i butikken ved fjorden er hyllene fulle av sko i alle fargar no. Det står også heilt nye modellar, utarbeida saman med norske designarar.

I haust tok Aurlandsskoen steget opp på catwalken under Oslo Fashion Week. Og der ifrå gjekk vegen inn på sidene til eit av verdas største motemagasin, italienske Vogue.

– Eg tenker ikkje så mykje på det. Men det er gøy at det alltid skjer noko nytt. To dagar er aldri heilt like, fortel Astrid Navarsete.

Aurlandssko blå

SAME MODELL, NY FARGE: Dei siste åra har aurlandskoa komme til i nye fargar og med nye solar.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Norsk mote

– Maria Skappel Holzweiler ringde meg i mai 2016 og lurte på om vi skulle samarbeide. Eg må berre innrømme at eg ikkje visste kven dama var. Eg stod i butikken og var opptatt, så eg spurte om ho ikkje kunne ringe tilbake. Heldigvis gjorde ho det, ler Mette Bakketun.

Den daglege leiaren for Aurland skofabrikk skjønte først i ettertid at Holzweiler var eit kjend namn nasjonalt og internasjonalt i moteverda.

Den eine veggen i fabrikklokalet er dekka med former i ulike skostørrelsar. Ei maskin presser ut kvar del som må til for å lage den kjende Aurlandskoen, som peparkakeformer i lêret.

Saman med Maria Skappel Holzweiler utvikla dei ein heilt ny modell, der den tradisjonelle skoen møter kjenneteikna frå klesmerket.

– Det er veldig viktig for oss med slike samarbeid. Vi har tidlegare jobba med det norske merket Haik som blant anna sender sko til Japan. Så vi har fått senka målgruppa frå 70 pluss til 40 pluss. Det er viktig at vi heile tida kan fornye oss, seier Bakketun.

Holzweiler tok Aurlandsskoa med på catwalken på alle sine modellar både på moteveka i haust og i vinter.

– Det er ganske fantastisk, seier Bakketun.

Mette Bakketun med favoritt aurlandsko

FAVORITTSKO:Dei grøne lakkskoa er Mette Bakketun sine favorittar. Ho leiar skofabrikken som også er Èconomusèe, museum for handtverket det er å lage sko.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Den siste skomakaren på den siste fabrikken

For nokre år sidan var det berre Astrid Navarsete att som sydde Aurlandsko. I butikken jobba Eldbjørg Wangen, fabrikkeigaren.

– Vi var berre to stykke i mange år. Det er kjekt å ha nokre fleire å preike med no, ler Astrid Navarsete.

Tiåra etter krigen jobba over hundre menneske i bygda som skomakarar. Aurlandskoen med tiøren i tverrbjoren var kjend ut over landegrensene.

Aurlandsko i prosessen

EIN, TO: Tidlig i prosessen, men du kan allereie sjå den kjende forma på skoa.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Med så kom nedgangstidene. Skofabrikkar over heile landet vart lagt ned, og i Aurland var ikkje noko unntak.

I dag er Aurland skofabrikk den einaste skofabrikken att i landet. Men nedgangen har snudd. Dei siste åra har dei gått frå to tilsette til sju. Salstala er på veg opp, og alderssnittet på kjøparane ned.

– No skal eg klippe av det som er for mykje, og så skal eg sy på bjoren etterpå. Oppå der skal tverrbjoren. Den tiøringen sit inni, syner ho.

Ho er i gang med sko nummer to. Det tek ho ein og ein halv time no, å bli ferdig med eitt par.

Då ho starta tok det tre dagar.

– Det har skjedd ei stor utvikling der. Maskinene gjer jobben lettare. Spesielt pinnemaskina, som formar skoen. Før var det meir manuelt, fortel ho.

Astrid Navarsete tenker ikkje så mykje på at skoa ho lagar blir sett av moteeliten. Men det er kjekt at det går bra med bedrifta. Då må dei lage fleire sko, og dei fleire om jobben på den vesle fabrikken.

Og av og til når ho er ute og reiser, er det ekstra stas å sjå nokon som går med aurlandssko.

– Det er jo litt morosamt å tenke på at dei blir seld ut i verda. Eg legg merke til det ute å reiser, og så ser eg nokon med aurlandssko. Då tenker eg «åå, kanskje eg har sydd dei skoa».

skinn som skal bli aurlandsko

FARGERIKT: Dei siste åra har dei brune og svarte skoa fått selskap av blant anna blå, grøne, semska og lakksko i hyllene på Aurland skofabrikk. Nokre sko har gummisole, som ei modernisering av den tradisjonelle av tre. Men alle dei opphavlege modellane vil alltid bli produsert, forsikrar Mette Bakketun.

Foto: SIGRID SKJERDAL / NRK

Reiser ut i verda

Ba glasveggen til limerommet i fabrikken står skoa som nesten er ferdige. Nokre har lesten i, den som skal passe på at dei får riktig form. Andre har fått solen limt på, og fleire har små lappar der det står kvar dei skal ende opp til slutt.

Dei hamnar i Japan, USA, England og i ulike butikkar rundt i landet. Skomakaren som lagde dei første modellane tok aldri patent på modellen, men ville gjerne dele den med verda, fortel Mette Bakketun.

Det var Nils Tveranger frå Solund som var hjernen bak skoslageren. Han reiste som så mange andre til Amerika på slutten av 1800-året.

– Dei seier at han busette seg i Boston og vart inspirert av indianarane sine mokasinar. Tveranger reiste heim att til Noreg, og busette seg i Aurland. Han lagde ein kombinasjon av Teseskoen, nasjonalskoen og dei indianske mokasinane, som vart til Aurlandsskoen.

– Nils Tveranger såg nok for seg at skoen skulle ut i verda. Han tok med seg skoen tilbake til USA og viste den fram på ei stor internasjonal messe der, fortel Bakketun.

I Aurland held dei på at dei har den originale versjonen.

– Vi har testa salet i USA, og det er stor interesse. Dei likar å vite at skoen originalt kjem herifrå. Så det litt hårete målet vårt er at alle menn på Wall Street og i Tokyo skal bruke Aurlandsskoen som kontorsko, smiler Bakketun.

Aurland skofabrikk

FRÅ TO TIL SJU: No har Astrid Navarsete seks kollegaer og dele arbeidskvardagen med.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Erfaring

– Nei, dette var bom! Eg syr utan undertråd, seier Astrid Navarsete og bryt ut i ei latterkule.

– Det var jo veldig morosamt. då. Godt ingen er feilfrie, humrar ho.

Ho sprett opp stinga med ein skarp kniv. Dei skal til ein ny butikk i Trondheim, og må vera perfekte.

Dei blir som regel det, fortel Navarsete. Det er ikkje kvardagskost at ho gjer noko feil. Få kan handverket det er å lage Aurlandssko betre enn ho, sjølv ikkje dei godt utdanna kollegaene på fabrikken.

– Dei andre spurte kanskje litt om hjelp i starten. Men no har dei vore her så lenge at dei kan det så godt sjølve. Ho eine er utdanna skomakar frå Fredrikstad, og ei anna er utdanna frå Romania. Så dei er flinke, skryt Navarsete av kollegaene sine.

Ho er omgitt av sko og lær dagen lang. Men på føtene har ho joggesko, i dag.

– Eg har jo 17–18 par aurlandssko berre sjølv. Men eg har ingen favoritt blant dei. Det er litt vanskeleg å bestemme seg om morgonen for kva ein skal gå for. Så det vart joggesko i dag.