Ferdig med Bieber: – Barnsleg og sur superstjerne!

– Ein intimkonsert med Justin Bieber kan ikkje bli feil, tenkte eg. Men det vart det, seier Madelen Mindresunde. Ho er ikkje lenger ein belieber.

Madelen Mindresunde

BØR TA SEG EI PAUSE: Madelen Mindresunde meiner Justin Bieber treng ei pause frå musikk og hylande fans.

Foto: Montasje

– Det var ikkje så mykje konsert å oppleve. Det var ein låt og det var det. Eg hadde forventa ein konsert, i og med at det var det som stod i kontrakten. Og det var det vi var der for, seier 20 år gamle Madelen Mindresunde frå Sandane.

I går var rundt 1000 inviterte publikummarar samla til konsert med superstjerna, men stod att i sjokk då Bieber avbraut konserten etter ein låt fordi nokon i publikum hadde søla vatn på scena.

Justin Bieber holdt en intimkonsert for utvalgte fans på Chateau Neuf i Oslo 29. oktober 2015. Etter kun én låt stormet han av scenen. Foto: Privat

STAKK AV: Her stormar superstjerna av scena til stor overrasking for publikum.

Sang ein song

Den einaste songen superhelten rakk å framføre før han gjekk av scena var "Boyfriend".

– Han såg ikkje så glad ut då han song, og så kom han med ein spøk om at han kanskje skulle framføre den songen ein gong til. Litt som om han eigentleg ikkje hadde lyst å synge meir.

– Er det lov å seie at det er veldig barnsleg og tåpeleg? I tilfelle meiner eg det. Eg tenkjer at han er Justin Bieber og at det er jenter som hyler og skrik etter han, men at han toler såpass lite når han er den han er så synest eg det er ganske kjipt gjort.

Ikkje ein belieber lenger

Mindresunde har vore fan av Justin Bieber i fleire år. Men no veit ikkje ho kva ho skal synast om superstjerna.

Madelen Mindresunde

FERDIG MED BIEBER: Madelen Mindresunde var på konserten med Justin Bieber der han gjekk etter ein låt.

Foto: Privat

– Det er klart at då eg var rundt 14 og 16 syntest eg han var supersøt og ei stor stjerne. Men det endrar seg. Eg synest han var mykje større då enn han er no.

– No føler eg at eg ikkje lenger er i hans målgruppe lenger, men då eg fekk telefon om at eg kunne få gå på konsert så tenkte eg at det kunne vere kjekt. Men nei.

Reknar du deg som ein belieber?

– Nei eg vil ikkje det. I alle fall ikkje meir etter i går. Eg trur det har vore sånn at alle har vore litt fan av han, særleg i tenåra, syntest det var stas med han. Eg hadde sjølvsagt gleda meg til ein intimkonsert med Justin Bieber, det hadde jo ikkje slått feil ein torsdag kveld tenkte eg ... Men det slo feil, ler Mindresundet.

Fans har blitt hetsa og drapstruga

Nokre av fansen som stod framme ved scenekanten då Justin Bieber avslutta konserten er i løpet av dagen blitt drapstruga og hetsa på sosiale medium.

– Det er heilt forferdeleg at små uskuldige jenter blir hetsa berre fordi dei fekk sjå idolet sitt og var litt over snittet begeistra.

Justin Bieber-konsert

SJOKKERTE: Publikum trudde knapt sine eigne auge då superstjerna brått avslutta konserten.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Mindresunde trur ikkje det var vatnet på scena frå drikkeflaska som Bieber skulda på, var den eigentlege grunnen til at han forlét konserten

– Eg trur det må ligge noko anna bak. Det kan ikkje ha vore den vassflaska. Då han kom inn på scena tenkte eg at det han såg ut som han ikkje hadde noko gnist, han såg ikkje glad ut. Det såg rett og slett ut som om han ville vere alle andre plassar ut enn på scena.

– Ta pause, gjer noko anna

Ho meiner superstjerna kan ha godt av å gjere noko anna ein periode.

– Eg tenkjer at han burde ta ein pause og komme sterkare tilbake. Ein pause frå støyen og konsertar og skrikande fans. Eg føler det er det han treng så han ser litt meir fornøgd ut.

Men stemninga var god i lokalet fram til vassølinga.

– Dansarane var flinke. Og det var god stemning i salen. Men Justin Bieber såg rett og slett sur ut.