Hopp til innhold

Konkurransetilsynet vurderer forbod mot Norwegian sitt kjøp av Widerøe

Fryktar svekt konkurranse i den norske flymarknaden.

Norwegian og noen Widerøe fly som står på utsiden av ankomsthallen på Værnes lufthavn.

Konkurransetilsynet meiner konkurransen i flybransjen vert svekt som følgje av Norwegian sitt varsla oppkjøp av Widerøe.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Det opplyser Konkurransetilsynet i ei pressemelding fredag morgen.

Allereie 15. september varsla tilsynet at dei vurderte å seia nei til å la Norwegian kjøpa Widerøe.

Dei meiner konkurransen i marknaden for luftfart kan bli betydeleg svekt som følgje av oppkjøpet.

Konsekvensen kan verta høgare prisar og færre avgangar for flypassasjerar.

Marknaden for luftfart er ein stor og viktig marknad for norske forbrukarar. Oppkjøpet fører mellom anna til at vi går frå tre til to aktørar på fleire flyruter innanriks. Me ser at det er reell risiko for at konkurransen i marknaden kan bli svekka på ein måte som fører til høgare billettprisar og dårlegare rutetilbod for norske flypassasjerar, seier konkurransedirektør Tina Søreide.

Konkurransetilsynet Tina Søreide kikker inn i kameraet. Bak hun står "Konkurransetilsynet" på veggen.

Konkurransedirektør Tina Søreide seier dei er bekymra for at prisane på flybillettar vil auke om Norwegian kjøper Widerøe.

Foto: Karoline Forberg / NRK

Råkar spesielt Vestlandet

Det er spesielt rutene der Widerøe og Norwegian konkurrerer at Konkurransetilsynet er uroa.

Døme er rutene mellom Bergen og Stavanger, og mellom Bergen og Trondheim.

I tillegg nemner tilsynet indirekte ruter mellom stader i Noreg der selskapa konkurrerer om flyreiser med flybyte i Oslo eller Bergen.

Det er tre forhold som kan svekke konkurransen. Med berre to aktørar i marknaden kan det bli lettare å koordinere prisar på innanriksnettet. Det kan og bli dårlegare konkurranse på ruter der desse to selskapa i dag konkurrerer mot kvarandre. I tillegg er det fare for dyrare bakketenester for konkurrerande selskap på flyplassane Evenes, Alta og Kirkenes, seier prosjektleiar Katrine Amdam i Konkurransetilsynet i pressemeldinga.

Widerøe-fly måtte snu

Det er spesielt på rutene mellom Bergen-Trondheim, og Bergen-Stavanger, at konkurransetilsynet er uroa for konkurransen.

Foto: Erling Johnsen / NRK

Flyselskapa varslar kamp

Norwegian og Widerøe varslar kamp før Konkurransetilsynet kjem med si endelege avgjerd.

– Me er overraska over Konkurransetilsynet si varsling om mogleg stans av oppkjøpet. Dialogen med tilsynet har vore god og konstruktiv, og me har levert inn omfattande dokumentasjon innan dei fristene dei har sett. Basert på realitetane i saka er eg optimist før det endelege utfallet av søknaden, skriv Geir Karlsen, konsernsjef i Norwegian.

Stein Nilsen og Geir Karlsen

Både Widerøe og Norwegian er skuffa over Konkurransetilsynet, men varslar kamp før den endelege avgjerda kjem. Her Stein Nilsen og Geir Karlsen.

Foto: Helge Lyngmoe / Helge Lyngmoe

Kommunikasjonssjef Catharina Solli i Widerøe seier til NRK at dei er skuffa over varselet frå Konkurransetilsynet.

– Wideøre er svært positive til Norwegian som eigar, seier ho.

Konsernsjef Stein Nilsen meiner oppkjøpet vil sikra flytilbodet over heile Noreg.

– Eg er skuffa over dagens varsel frå konkurransemyndigheitane. Med Norwegian vil me få ein solid norsk industriell eigar som ynskjer å vidareutvikla begge selskap. Dette vil sikra heilt naudsynt kollektivtransport i distrikta, i tillegg til å sikra eit attraktivt tilbod for gjennomgåande flyreiser i heile Noreg, skriv Nilsen i ei pressemelding.

Partane har no frist til 8. desember med å svare på Konkurransetilsynet sin førebelse vurdering. Tilsynet sin endelege frist for å fatte vedtak i saka er 3. januar 2024.