Hopp til innhold

Blir nedlessa i klager om eigedomsskatt – no vil kommunen rette opp i feil

Silje Storesund fekk ein takst på bustaden sin på 2,7 millionar, kommunen sine takstfolk sette verdien til 4,4 millionar. – Vi var ikkje klar over at det var så mykje feil, seier ordføraren.

Silje Storesund til sak om eigedomstakst.

PÅ SIN PLASS: Silje Storesund meiner det er på sin plass at kommunen går gjennom feil som er gjort rundt eigedomsskatten.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Bråket om taksering av eigedomsskatt i kystkommunen Kinn når nye høgder.

Kommunen blir nedlessa i klagesaker på eigedomsskatten, mellom anna frå næringsdrivande som nærast hovudristande ser kva tekst bygga får. Det har kome inn 290 meldingar og innspel som handlar om eigedomsskatt.

– Det eg i alle fall forventar er at dei vurderer å ta ei retaksering av alle næringseigedomar. Det er så gjennomgåande store avvik, seier Bjørn Hollevik, som er talsmann for næringslivet i Florø.

I dag blei gruppeleiarane i dei politiske partia i Kinn kalla inn til møte med ordføraren om eigedomsskatten.

– Det har vore ein del reaksjonar og tilbakemeldingar som har gjort at kommunedirektøren og politikarane har lurt på om grunnlaget for utlikning av eigedomsskatt har vore korrekt, seier Kinn-ordførar Ola Teigen (Ap).

For bustadeigedomar har det vore ein del enkeltutslag som har vore større forventa. Det kan dreie seg om noko så enkelt som tastefeil eller feil i matrikkelen, ifølgje Teigen.

Norman Ingvard Løland opplevde at huset hans blei taksert til 11 millionar, det dobbelte av det han sjølv meiner huset er verdt.

– Den type feil skal ikkje ha omfattande klagebehandling. Då skal innbyggjarane kunne ta ein telefon til kommunen, så rettar vi det opp, seier Teigen.

– Nokre vil vere usamde i skattetaksten, det kan òg vere når taksten er rett. Då vil ein måtte følge vanleg klagebehandling, legg ordføraren til.

Særleg i gamle Vågsøy har mange opplevd ein stor takstauke. Det kan henge saman med at førre taksering var for 14 år sidan og at marknadsverdien har endra seg, seier Teigen.

Har de prioritert kvalitetssikringa godt nok?

– Det kan ein sikkert innvende. Vår nye kommune har måtta sendt ut takstgrunnlaget innan fristen 1. mars. Så var vi nok ikkje klar over at det var så mykje feil, det er to nye kommunar som skal gå saman og det er ein del nye feilkjelder, seier Teigen.

Næringsbygg verdt 8 millionar taksert til 40 millionar.

BRÅ VERDIAUKE: Dette forfalne næringsbygg har fått ein skattetakst på 40 millionar kroner. Eigarane meiner det er verdt maks 8 millionar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Mange har klaga

Mange eigarar av private bustadar har klaga på utrekninga av skattetaksten. Ein av dei er Silje Storesund.

Ho fekk ein verditakst på 2,7 millionar frå meklaren for husværet ho skal selje.

Men kommunen sin takstfolk meiner at summen er 4,4 millionar og det er det eigedomsskatten skal reknast ut etter.

Storesund synest det er «på sin plass» at kommunen rettar opp i feil.

– Dei har reglar å halde seg til, så dei kan ikkje halde fast ved krav som er såpass feil, seier Storesund, som no sjølv vil ringe kommunen for å melde frå.

– Viss det kan vere gjort enkelt ved å ringe inn og få det ordna, er det noko eg vil gjere, seier ho.

Ben Inge Rasmussen frå W Eiendomsmegling og Silje Storesund.

OVERRASKA: Silje Storesund skal selje ei leilegheit og brukar meklar Ben Inge Rasmussen i W eigedomsmekling.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Stemmer ikkje med røynda

– Heilt feil, meiner Storesund og meklar Ben Inge Rasmussen.

Rasmussen meiner at det er rart korleis kommunen har klart å kome fram til heilt andre tal enn det bransjen opererer med.

– Vi ser at det er fleire takstar som spriker ganske godt i forhold til det eg meiner er marknadsverdi, seier Rasmussen.

Huseigar Storesund følgjer opp:

– Då eg såg dette tenkte eg at det er eit klassedøme på at det har skjedd ein stor feil. Det stemmer ikkje med røynda i det heile tatt.

Auke på opp mot 350 prosent

Næringslivsselskapet Måløy Vekst har fått kring 50 skriftlege og munnlege tilbakemeldingar frå sine medlemsbedrifter.

– Alle tilbakemeldingar peiker på at det er stor avstand mellom reell verdi av eigedommane, og kommunen sin fastsette verdi, fortel dagleg leiar Randi Humborstad.

Auka kostnader kan få konsekvensar som færre oppgraderingar, færre nyinvesteringar og i enkelte tilfelle avvikling, påpeiker Humborstad. Nokre verksemder varslar òg at dei heller vil gjere planlagde etableringar i andre kommunar.

– Dei fleste i næringslivet var innstilt på ein varsla auke på pluss-minus 20 prosent, men førebels viser endringane på dei tilbakemeldingane vi har fått ein auke på 150–350 prosent.

– Mange feil

Stor uvisse rundt takstar, særleg på næringsbygg, gjer at klagefristen på seks veker ikkje blir handheva, fortel ordførar Ola Teigen.

– VI er ikkje heilt fornøgd med eit arbeid som er gjort med taksering på næringseigedom, som vi kanskje opplever er den største feilkjelda. Så det er litt å rette opp, seier han.

– Vi vil oppmode fok om å ikkje sette i gang ei omfattande klagebehandling og taksering. La oss rette opp feila vi kan gjere i forkant, så får vi ved usemje om skatt sjå kor vi kan løyse det ved vanleg klagebehandling.

Grunnlaget for taksten vil også bli sendt ut til alle eigarar, så ein kan sjå kva vurderingar som ligg til grunn.

– Ein standard

Are Andenæs Huser er administrerande direktør i bransjeorganisasjonen Norsk takst. Han vil ikkje kommentere den aktuelle situasjonen i Kinn.

Men på generelt grunnlag seier han at kan bli for stor ulikskap i måten kommunane reknar ut kor mykje folk skal betale i eigedomsskatt.

– Vi er opptekne av at det skal bli gjort ei forsvarleg verdivurdering. Men vi meiner at det hadde vore hensiktsmessig med ein standard for korleis dette blir gjort, seier Huser.