Hopp til innhold

Kommune-Noreg slit økonomisk – vil ha koronagaranti frå regjeringa

Kommunane får ein ekstra krevjande jobb med å lage budsjett for neste år. No krev dei tydelegare signal frå regjeringa om kva som ventar dei.

Kommunedirektør i Sunnfjord kommune Ole John Østenstad

VIL HA SVAR: Kommunedirektør i Sunnfjord, Ole John Østenstad vil ha tydelegare signal på kva kostnadstap som vil verte kompensert for, som følgje av koronakrisa.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Koronaen har per i dag kosta oss 35 millionar kroner, og så langt ligg me an til å få dekka berre 24 av dei, seier kommunedirektør Ole John Østenstad i Sunnfjord.

Dei er blant mange kommunar som i utgangspunktet slit med å få budsjetta til å gå opp, og koronapandemien gjer utsiktene endå mørkare.

Førre veke lovde regjeringa å dekkje kostnadar som er direkte relatert til korona. Det vil seie utgifter for testing, isolering, karantene og liknande. Men kva som vert dekt av kostnadane som er meir indirekte relatert til korona, er det meir tvil om.

Det gir grunn til bekymring, meiner Østenstad.

– Eg tykkjer det er bra at regjeringa seier som dei gjer, men det er ikkje der me har dei store kostnadssprekkane hos oss. Det går på vikarutgifter i høve skule, barnehage og omsorg.

– Mykje spelar inn

Også i Stord kommune saknar dei pengestøtte. Ei oppteljing fram til 20. august viser ekstra koronautgifter på over 11,5 millionar kroner.

– Mar ikkje fått nok midlar til å dekkje dei ekstra utgiftene me har hatt på det inneverande budsjettet, seier rådmann Magnus Mjør.

Rådmann i Stord kommune, Magnus Mjør.

VANSKELEG: Stord kommune slit tungt med økonomien. - Koronapandemien har forverra situasjonen, seier rådmann Magnus Mjør.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Mjør varsla denne veka at kommunen må spara 50 millionar kroner neste år – utan at koronavirus er rekna med. Med dei ekstra utgiftene tatt i betraktning, gjer det ikkje situasjonen enklare.

– Det er jo viktig for oss å få dekka alle utgiftene knytt til korona. Då har du jo mellom anna hatt ting som auka vikarbruk, auka reinhald og auka sjukefråvær sidan terskelen for å halde seg heime er annleis. Mykje spelar inn her.

Vert vanskeleg

Styreleiar Bjørn Arild Gram i interesseorganisasjonen KS, er klar på at arbeidet med neste års budsjett blir ekstra krevjande for mange kommunar.

– Det er vanskeleg å budsjettere for, me veit ikkje kva inntekter som fell bort og kva kostnader som vil auke. Det er klart det er ekstra vanskeleg for kommunane med stram økonomi.

Han meiner regjeringa sine løfter om kompensasjon, enn så lengje, ikkje er gode nok.

– Regjeringa seier dei skal stille opp for kommunane og at det ikkje er grunn til å ta ned aktiviteten og det er jo positive signal. Samstundes har me ikkje fått signal på at alt vert kompensert.

Ueinig

Kommunalminister Nikolai Astrup har tidlegare uttalt til Klassekampen at ikkje alle kommunane kan rekne med å få alt kompensert. Likevel er han overraska over utsegnene til Gram.

– Eg meiner dette er feil. Og eg meiner me har god dialog med KS om desse spørsmåla.

Han seier kommunane så langt har fått 19 milliardar kroner i koronastøtte. I tillegg meiner Astrup at lågare løns- og prisvekst gir kommunane 9 milliardar til.

– Førebels så er det godt samsvar med utgiftene kommunen har hatt og den kompensasjonen som regjeringa har stilt opp med.

Nicolai Astrup.

IKKJE SAMD: Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) meiner regjeringa førebels har kompensert for dei utgiftene kommunane har hatt i samband med Korona.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix


Kommunaldepartementet har no sett ned ei arbeidsgruppe som skal finna ut kor mykje koronapandemien kostar. KS deltek i arbeidet, og den første rapporten kjem i oktober.

Fram til dess ber Astrup kommunane om å ikkje uroe seg.

– Vårt utgangspunkt er at vi skal dekke dei meirutgiftene og mindreinntektane som er direkte relatert til korona. Ingen kommunar skal måtte kutte i tenestetilbodet som følgje av korona.