Hopp til innhold

Kommune bruker 350.000 kroner på kampanje for å få ny bru

MASFJORDEN (NRK): Kommunen har køyrd ei storstilt kampanje mot stortingspolitikarar for å få bygd ei etterlengta bru. – Annonseringa har i beste fall liten effekt, meiner marknadsføringsekspert.

Reklamekampanje for bru over Masfjorden

KAMPANJE: Politikarane i Masfjorden vil erstatte ferja med bru og har betalt for ei kampanje som skal overtyde avgjerdstakarane.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Eg prøvde meg på LinkedIn ein gong. Elles har eg liten erfaring frå sosiale medium, innrømmer ordførar i Masfjorden, Karstein Totland (H).

Likevel gjekk han saman med eit samrøystes kommunestyre inn for å løyve pengar til ein kampanje på Twitter og Facebook. Målet er å påverke dei som bestemmer for å få bygd ei ny bru over fjorden som deler kommunen.

– Vi har prøvd alt. Så det er verdt å prøve dette og. Vi har brukt 150.000 kroner på å produsere reklamen, og om lag 200.000 på sjølve annonseringa, fortel Totland, når NRK treff han ved ferjeleiet han vil gjere overflødig.

Ordførar i Masfjorden kommune Karstein Totland (H).

HELLER BRU: Ordførar Karstein Totland vil at ei bru skal erstatte ferja som trafikkerer Masfjorden.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Draumen om brua

Sidan 80-talet har politikarane i nordhordlandskommunen prøvd å få bygd ei bru over Masfjorden.

No meiner dei at dei er så nære at eit lite puff kan vere det som trengst for å få starta bygginga. Eller som kommunen har formulert det i marknadsføringa; «no heng prosjektet fast i byråkratiske detaljar».

Brua vil koste om lag 900 millionar kroner. Kommunen satsar på å få såkalla ferjeavløysingsmiddel i nær 30 år framover. Dette tyder at dei får pengar til bru som elles ville gått til ferjedrift.

Ordførar Totland seier dei då berre treng å få lov til å bruke bompengar til å betale renter på eit lån som skal finansiere brubygginga.

Difor prøver dei no på alle vis å påverke Stortinget.

Reklamekampanje for Masfjordbrua på Twitter

KAMPANJE: Slik ser ein av postane frå kampanjen ut på Twitter.

Foto: Skjermdump

Det siste framstøyten er altså postar på Twitter og Facebook.

Kven er det de vil nå?

– Dei som tek avgjerdene. Folk som sit på Stortinget og i regjeringa, og for så vidt fylkeskommunen òg, slik at dei held trykket oppe, seier Totland.

Truleg liten effekt

Men har det effekt å bruke offentlege middel på ei slik kampanje? Nei, meiner marknadsføringsekspert Alexander Hem, førsteamanuensis på Høyskolen Kristiania.

– Det vil i beste fall ha liten effekt. Eg ville nok vurdert å bruke pengane på ein litt annan måte for å treffe målgruppa betre.

Særleg bruken av Twitter stiller Hem seg undrande til.

– Twitter er nok ikkje den beste kanalen for å nå ut til målgruppa. Det er ein veldig smal kanal som få bruker i Noreg.

Marknadsføringsekspert Alexsander Hem, førsteamanuensis på Høyskolen Kristiania

SKEPTISK: Marknadsføringsekspert Alexander Hem har lite tru på at annonseringa for Masfjordbrua treff avgjerdstakarane.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Lovar store gevinstar av bru

Masfjordbrua skal erstatta ferja mellom Masfjordnes og Duesund. I postane reklamerer kommunen for alle dei positive ringverknadane ei brua vil ha.

«Masfjordbrua vil kome heile regionen frå Mongstad i sør til Gulen i nord til gode. Eit område som er større enn Oslo, Drammen, Asker og Bærum».

Vestlandet blir også tryggare, klimagevinsten stor og tilflyttinga betydeleg, ifølgje kampanjen «Ja til Masfjordbrua og eit sterkare Vestland».

Laster Twitter-innhold

I sosiale medium har fleire stilt spørsmål ved om løfta er for gode til å vere sanne. Mange skriv også at dei irriterer seg over at annonsane for brua stadig dukkar opp i Twitter-feeden.

Hem meiner det kan øydeleggje for kampanjen om mottakaren ikkje opplever at all informasjonen er rett.

– Det kan øydelegge ganske mykje.

Laster Twitter-innhold

Meiner kampanjen når ut

Ordførar Totland avviser at kommunen feilinformerer i postane dei har betalt for i sosiale medium.

Han vil heller ikkje seie seg samd med marknadsføringseksperten i at kampanjen ikkje er den mest målretta måten å bruke pengane på.

– Fylkesordføraren har blant anna ringt meg, så det er tydleg at denne er litt målretta. Avgjerdstakarar får opp på sin telefon at no er det noko med Masfjordbrua.

Det kjenner ikkje fylkesordførar Anne Gine Hestetun (AP) seg igjen i.

– Eg ringde for å spørja, kva i alle dagar er det de brukar pengar på?

Ho reagerer på at Totland kan ta det til inntekt for at kampanjen har fått positiv respons.