NRK Meny
Normal

Jublar for ferjeavløysing

GARDERMOEN (NRK): Kystfylka i Høgre jubla i landsmøtesalen då kommunalministeren lanserte at fylkesferjer skal kunne avløysast av bruar.

Ståande applaus frå Sogn og Fjordane Høgre på landsmøtet

KYST-JUBEL: Delegasjonen frå Sogn og Fjordane Høgre applauderte kraftig for bodskapen om at det no kjem ferjeavløysing på fylkesvegar. F.h. fylkesleiar Arve Mjømen, stortingsrepresentant Bjørn Lødemel og fylkesordførarkandidat Noralv Distad.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er fantastisk gledeleg!

Det seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel utanfor landsmøtesalen etter talen til nestleiar og kommunalminister Jan Tore Sanner.

Då Sanner kom til punktet om ferjeavløysing braut det ut applaus i salen, og han vendte seg til Lødemel og sa:

Ja, Bjørn. No kjem det!

Ordninga går ut på å avløyse ferjer på fylkesvegar, ved å heller byggje bru eller undersjøisk tunnel for pengane som i elles ville gått til ferjedrift. Det har vore etterlengta i kystfylka.

Kyst-Høgre omkransar Jan Tore Sanner

OMKRANSA: Kommunalminister Jan Tore Sanner vart omkransa av blide vestlendingar etter at han slepte nyheita om ferjeavløysing. F.v. fylkesordførarkandiat Charles Tøsse, stortingsrepresentant Helge Orten, fylkesordførarkandidat Noralv Distad, kommunalminister Jan Tore Sanner, stortingsrepresentant Bjørn Lødemel og fylkesleiar Arve Mjømen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ei puslespelbrikke som mangla

Fylkesordførarkandidat Charles Tøsse i Møre og Romsdal er nøgd.

– Både på kort og lenger betyr dette enormt mykje. Dette er ei brikke som har mangla i puslespelet for å få realisert fleire fjordkryssingsprosjekt. I fyrste omgang er det Nordøyvegen for oss.

I nabofylket Sogn og Fjordane er fylkesordførarkandidat Noralv Distad minst like glad.

– Dette er heilt fantastisk. Det er berre tre dagar sidan eg var på besøk i Askvoll og snakka med folk som bur på Atløy. Dei framheva kor viktig det var at dei kan bli tilknytta fastlandet med bru framfor ferje.

Jan Tore Sanner slår ut med armane på talarstolen

FORNUFT: - Det er god fornuft å erstatte ferjer med bruer, sa kommunalminister Jan Tore Sanner (H) til landsmøtet i Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Representantar for dei to fylka klynga seg saman med handtrykk og klemmar etter talen til kommunalministeren. Han merkar seg gledesutbrota.

– Fornuftig å fjerne ferje

– Det synes eg er veldig hyggeleg. For eg veit kor mykje våre lokalpolitikarar og stortingsrepresentantar som Bjørn Lødemel og Helge Orten har jobba for dette. Då er det veldig hyggeleg å kunne seie: no kjem det.

– Eg ser at det er god fornuft i at pengar som har vore brukt på ferjer, no kan brukast på nye tunnelar og bruer, seier Sanner til NRK.

I følgje han vil dette kome i kommuneproposisjonen i byrjinga av mai. Det er allereie fleirtal for dette på Stortinget, og difor vil ordninga kunne gjelde frå 2016.

Kritikk til dei raudgrøne

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel seier det er no er fleire vegprosjeket som står i kø.

– Det er så ufatteleg viktig å få byggje vegar i Sogn og Fjordane. Ferjeavløysing er heilt avgjerande for å kunne realisere prosjekt som Atløysambandet, Ytre Steinsund og Kystvegen.

– Denne regjeringa leverer etter eitt år. Medan den raudgrøne fleirtalsregjeringa brukte åtte år på å ikkje få det til. Eg er veldig glad og stolt over regjeringa, seier Bjørn Lødemel og klappar Jan Tore Sanner på skuldera.

Hjarteleg handtrykk mellom Bjørn Lødemel og Helge Orten

HANDTRYKK: Stortingsrepresentantane Bjørn Lødemel (Sogn og Fjordane) og Helge Orten (Møre og Romsdal) gratulerer kvarandre. Noralv Distad og Arve Mjømen er også nøgde.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser