Hopp til innhold

Ida (23) flytta til ny kommune: – Eg aner ikkje kva eg skal velja

Éi gruppe i befolkninga bruker stemmeretten langt mindre enn resten av oss. Forskar er overraska over tala.

Ida Nummestad

Ida Nummestad flytta til Voss i midten av februar, men har tenkt å stemma i kommunevalet i Voss herad.

Foto: Tale Hauso / NRK

I haust kan du og eg vera med og bestemma kven som skal sitta i dei ulike kommunestyra og ved fylkestinga rundt om i landet.

Her får dei forskjellige partia valt inn representantar etter kor mange som har stemt på dei.

Mange av avgjerslene som blir tatt av kommunen og fylkestinget handlar om tilbod som ofte påverkar og dei unge.

Men ikkje alle som bur i kommunen har det lika lett når dei skal finna ut kven dei skal stemma på.

Ein av dei er Ida Nummestad.

Ida Nummestad

Jobb og natur lokka Ida Nummestad til Voss.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kan påvirke skule og helsetilbod

Ida er 23 år gamal og flytta for nokre månadar sidan til Voss.

Ny jobb, i tillegg til natur og skimoglegheiter lokka østfoldingen vestover.

Ute i naturen er ho i sitt rette element, men utanfor heradshuset på Voss er ho i ukjent terreng.

Ida har tenkt å stemma ved kommunevalet til hausten. Men synest det er vanskeleg å vita kva ho skal stemma på i ein heilt ny kommune.

– Eg har tenkt til å stemma fordi det har eg lært at det skal ein gjera.

Ida kan vera med å påverka saker på Voss som til dømes naturvern, skule og helsetilbod når det er lokalval.

Unge mellom 20 og 24 i særklasse

Men fleirtalet i Ida si aldersgruppe går ikkje til stemmelokala.

I Noreg brukar mange stemmeretten sin, som regel 7 av 10 ved kvart val.

Men ei gruppe skil seg spesielt ut: For hos dei unge som er mellom 20 og 24 år fell deltakinga markant i forhold til 18-19 åringane.

Berre sjå her:

Ved lokalvalet i 2019 møtte berre 47 prosent i denne aldersgruppa opp, viser tal frå SSB. Men talet er betre enn talet i 2015 som berre var på 36,4 prosent.

– Eg synest det er litt overraskande at det er så få som brukar stemmeretten sin, seier Ida.

Likevel forstår ho det, òg. Då det er store forskjellar i livssituasjonen i denne aldersgruppa.

– Politikk er kanskje ikkje det første ein tenkjer på om ein nettopp er ferdig på studiet eller har flytta til ein ny plass.

Unik valguide for alle kommunar i landet

Før årets val har NRK kartlagd valprogram og parti i alle norske kommunar.

Gjennom den unike Lokalvalguiden kan du sjekke kva politiske saker det står om rundt i landet - og finne ut kva parti du matchar best med.

Test guiden ved å trykke deg inn her:

I tillegg kan du finna ut kva dei ulike partia meiner i din kommune om det som er viktig for deg i Valomaten:

Tre viktige årsaker

Jana Belschner er postdoktor ved Samanliknande politikk ved Universitet i Bergen, ho er overraska over at det er så mange som droppar å stemma for andre gong i motsetnad til dei som skal stemma for første gong.

Belschner har sett på ulike grunnar til at spesielt mange i denne aldersgruppa ikkje nyttar stemmeretten sin og den store forskjellen mellom aldersgruppene.

Ho peikar spesielt på tre punkt:

  • Dei bur ikkje lenger heime hos foreldra sine som kan minna dei på valet.
  • Dei har endra livssituasjon der dei kanskje har flytta heimanfrå og dei er opptatt med sitt
  • Dei veit lite om partia

I tala frå SSB kan ein sjå at 13 prosent av dei som ikkje stemte ved lokalvalet i 2019 svarte at dei rett og slett gløymde å stemma.

– Dette viser at dei har mykje andre ting å tenkja på, seier Belschner.

Jana Birke Belschner, forskar Universitet i Bergen

Jana Belschner er postdoktor ved Samanliknande politikk ved Universitet i Bergen.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Treng å vita meir

I kantineområdet i eit av fakulteta ved Oslo Met sit ein gjeng med lærarstudentar og førebur seg til engelskeksamen. Dei er mellom 20 og 23 år og kjem frå ulike plassar i Noreg.

Dei har alle tenkt å stemma ved fylkes- og kommunevalet til hausten, men treng litt meir tid og research først.

– Vi har eit ansvar i å delta i valet og bruka stemmeretten, seier Marius Dallmer (22) som kjem frå Ålesund og skal stemma i heimkommunen sin.

Men han synest at det er ei utfordring å vita kva som skjer i Ålesund når han no bur i Oslo.

Marius Dallmer, Petter Dølør, Rawa Mohammadi og Tin Nguyen skal stemma til hausten.

Marius Dallmer, Petter Dølør, Rawa Mohammadi og Tin Nguyen skal stemma til hausten.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Kommunepolitikk under radaren

Tin Nguyen (23) kjem frå Kristiansand. Han stemte ved sist stortingsval, men då valte han det «alle andre» stemte på.

– Denne gongen bør eg setta meg litt meir inn i politikken i Kristiansand og finna ut kva eg faktisk vil, seier Nguyen.

Rawa Mohammadi (20) kjem frå Asker, han trur mange på hans alder har mykje å tenkja på og at det å følgja med på kommunepolitikk kan falla litt under radaren.

– Eg trur og at mange føler at det ikkje utgjer ein så stor forskjell om vi stemmer eller ikkje, seier Mohammadi.

Skal du bruka stemmeretten din?

Viktig stemme

Belschner meiner det er eit demokratisk problem at det er så få unge som stemmer, då dei unge er ei lita gruppe i eit samfunn der fleire blir eldre.

– Det betyr eigentleg at kvar einaste som ikkje stemmer veg ganske tungt, seier Belschner.

Ho viser også til at det på kommunenivå blir bestemt mykje politisk.

– Avgjerd som blir tatt i dag kjem til å ha langvarige konsekvensar. Så for dei unge som har interesse i å påverka ikkje berre notid, men og framtid, så er det viktig å stemma.

Ida Nummestad

Ida Nummestad flytta til Voss i midten av februar. Her sit ho utanfor heradshuset.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Prøv så godt du kan

Tilbake til Voss der Ida har ei klar melding til politikarane.

– Legg inn litt innsats på å nå ut til aldersgruppa og prøv litt ut kva som fungerer for å nå oss.

Ida veit framleis ikkje kva ho skal stemma på, men skal no ut på informasjonsjakt.

Men Ida har ei oppmoding til andre i si aldersgruppe.

– Prøv så godt du kan – og bruk stemmeretten din!

Hei!

Er du mellom 20-24 år, og har ikkje tenkt å stemma?

Då vil eg gjerne snakka med deg!