Bjarne Nikolai Huus (18) frå Førde tok VM-sølv i sandvolleyball

Bjarne Nikolai Huus frå Førde tok søndag sølv i U19-VM i sandvolleyball saman med Christian Sandlie Sørum (Klubb Spirit Lørenskog). Det tyske laget Reichert/Wicler vart for sterke i finalen og vann 2–0 over det norske gullhåpet.

Bjarne Nikolai Huus (t.v.( og Christian Sandlie Sørum

VANN SØLV: Bjarne Nikolai Huus (t.v.) og Christian Sandlie Sørum tok sølv i U19-VM i sandvolleyball denne helga. Her etter at dei vann semifinalen.

Foto: FIVB

Den norske duoen nådde ikkje heilt opp i finalen mot tyskarane. 21–17 og 21–16 vart resultata i dei to setta som vart spelt, og då måtte Huus/Sørum ta til takke med sølvmedaljen.

– Nett no rett etter kampen so har eg litt blanda kjensler for å ikkje vinne gull, men når eg får tenkt litt gjennom det so veit eg at eg kjem til å vera veldig nøgd med at me kom oss til finalen. Me slo mange gode lag på vegen, og å sitja att med ein sølvmedalje, då er eg nøgd, seier Huus til NRK.

– Hang litt bakpå frå starten av

Bjarne Nikolai Huus
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Etter rapportane frå Porto i Portugal, der meisterskapen vart arrangert, var det ikkje ufortent at det var tyskarane som vann. Dei var hakket kvassare enn nordmennene gjennom heile kampen, og tok til slutt sigeren.

– I første settet hang me litt bakpå i starten. Me kom litt inn i kampen og følte at me spelte likt med dei, men at vårt spel ikkje sat heilt som det skulle. Eg fekk ikkje heilt kjensla av at me ikkje spelte bra. Hadde me hatt ein betre dag og vore litt lettare i beina so ville me kanskje slått dei. Men dei spelte veldig bra i dag, so er det ikkje masse å klage på, seier Huus.

Storebror og juniorlandslagstrenar Bendik Huus støttar kampanalysen til veslebroren.

– I ein slik kamp vil ein alltid vera prega av nervar. Det var ei ny oppleving for dei med mykje folk, høg musikk og at alt var veldig offisielt. Kampen byrja jamt og dei følgjer kvarandre ganske tett. Tyskland gjer veldig lite feil, det er små marginar og me taper første settet. Eg følte dei hadde eit ekstra gir å gå på, men det gjekk ikkje i dag.

Men storebror har trua på at dei kan bite hardt frå seg framover.

– Det er rett og slett ei erfaringssak. Ved neste eventuelle sjanse dei får er dei kanskje tøffare i trynet og klarer å sleppe seg litt meir laus. Då kan dei bli verdsmeistrar.

– Enorm for norsk volley

– Dette er enormt for norsk volleyball og det syner at det spirer og gror godt. Eg har trua på at desse kan gjere det veldig godt i både eldre aldersklassar og på seniornivå i framtida, seier generalsekretær i Norsk Volleyballforbund, Kristian Gjerstadberget.

– Europa har tatt kraftig innpå Sør- og Nord-Amerika i internasjonal sandvolleyball, og det blir eit meir og meir teknisk spel. Ein grunnleggjande god teknisk basisk betyr meir enn før, og me har fleire norske spelarar som er ekstremt gode tekniske og taktiske.

Gjerstadberget trur tyskarane hadde ein fordel fordi dei spelar tøffare kampar oftare enn dei norske.

– Dei er kanskje meir vande med å spela jamnare og tøffare kampar. Huus og Sørum får jo ikkje so mange kampar på dette nivået, men dette resultatet er veldig lovande for norsk volley.

Motivasjon

– Eg hadde tenkt veldig mykje på ein eventuell finale. Heilt sidan me var ferdige med EM og VM i fjor har eg tenkt på at eg ville stå øvst på det podiet neste år. Det vart eitt hakk ned, men eg er nøgd når eg tenkjer meg godt om, seier Huus.

– Er dette motivasjon for å satsa endå hardare?

– Ja, det er kjempemotivasjon. Om litt under ein månad skal me vera med i U20-EM i Litauen der me skal prøva å bita godt ifrå oss. All den treninga eg og Christian har lagt ned, det er so godt å få vite at det er verdt å jobbe for det fordi ein får att for det til slutt.

Bjarne Nikolai
Foto: FIVB