Hopp til innhold

Heldt jokeren hemmeleg så lenge som råd

FØRDE – RANDABERG 4–2 (NRK): Ingen hadde venta at Bjarne Nikolai Huus skulle spele semifinalen for Førde. Han viste seg å bli den store jokeren.

Bjarne Nikolai Huus i blokk mot Tony Zylstra

BLOKK: Bjarne Nikolai Huus (t.h.) i blokk mot Randabergs Tony Zylstra. Førde-guten sin gjesteopptreden viste seg å bli ein stor suksess.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det var fantastisk å få spele framfor så mykje folk. Det er jo spesielt å sjå opp på tribunen og faktisk kjenne nesten alle som var her, gliser Bjarne Nikolai Huus.

Han har akkurat feira at Førde har teke seg til cupfinalen etter ein skikkeleg thriller av ein volleyballkamp i Førdehuset. For med 3–2 til Randaberg i den første semifinalen, og med 3–2 til Førde i returkampen – måtte laga ut i eit sjette sett.

Det tok heimelaget seg av i overlegen stil og vann 15–6. Dermed er Førde klar for ein ny cupfinale.

Jokeren viste seg å vere eit ess i ermet

Svært få visste at Bjarne Nikolai Huus skulle spele kampen for moderklubben. For til dagleg spelar han for Long Beach State på øvste nivå i collegevolleyball i USA. No er han heime på juleferie.

Det visste Førde å nytte seg av. Men det var viktig å halde det heile hemmeleg.

– Vi ville overraske motstandaren, så vi ønskte ikkje at dei skulle vite det. Samstundes visste eg jo heller ikkje om han var god nok til å spele, seier trenar Jan Egil Tvinde.

Det skulle vise seg å vere eit sjakktrekk. For Bjarne Nikolai Huus var ein av dei viktigaste spelarane på Førde. Han slo inn 15 poeng, og kan ha vore tunga på vektskåla i kampen.

Sjå den siste ballvekslinga og den ville jubelen då Førde slo Randaberg og sikra seg plass i NM-finalen i volleyball.

ELLEVILL FEIRING: Sjå den siste ballvekslinga og den ville jubelen då Førde slo Randaberg og sikra seg plass i NM-finalen i volleyball. Foto: Rune Fossum

Har tapt tre cupfinalar med moderklubben ...

Huus er nøgd med å hjelpt Førde til cupfinalen – sjølv om det berre vart med den eine kampen. For cupfinalen får han ikkje spele. Reglane i USA seier nemleg at han kan spele for kven han vil medan han har ferie. I januar er han igjen formelt spelar for Long Beach State.

– Eg har spelt tre cupfinalar for Førde tidlegare, men tapt alle gongane. Så kanskje er det like greitt at eg ikkje får spele denne gongen, ler han.

Han trur uansett Førde vil klare seg godt utan han sjølv i Oslo i midten av januar.

– Geir Eithun og Mathias Loftesnes bidreg med mykje rutine, og dei har stor breidde i laget. Eg trur Førde tek dette, seier Huus.

Bjarne Nikolai Huus

NØGD: Bjarne Nikolai Huus nytta litt av juleferien til å hjelpe Førde til ny cupfinale.

Foto: Rune Fossum / NRK

Hadde nesten gløymt kor artig det kan vere

For cupfinalen har Geir Eithun planar om å få med seg. OL-håpet i sandvolleyball satsar for fullt på innandørs volleyball heilt fram til cupfinalen – deretter blir alt fokus retta mot sand.

Mot Randaberg hamra Eithun inn åtte poeng.

– Vi er veldig gode i periodar. Dette er ein gjeng med stort potensial, og det er dritmoro å vere med på dette. Eg har nesten gløymt kor artig det kan vere, ler han.

Førde møter NTNUI Volley i cupfinalen

Randaberg heldt lenge følge med Førde, men fekk merke heimelaget sitt høge maksnivå i periodar. Kanskje spesielt i det tredje settet, då Førde feia rogalendingane av bana med 25–9. Også i det femte og sjette settet viste heimelaget kven som hadde mest lyst til å spele cupfinale.

– Dette er ubeskriveleg herleg. No har vi så brei stall at det innimellom nesten er urettferdig kven som får spele og ikkje, seier Jan Egil Tvinde.

– Kva betyr det å få heim karar som Bjarne Nikolai Huus og Geir Eithun i slike kampar?

– Dei er fantastisk gode volleyballspelarar frå Førde. Dei gjer at det blir meir stabilt i alle fasar av spelet, seier trenaren.

Førde skal møte NTNUI Volley i cupfinalen i Oslo i midten av januar.

Geir Eithun, Vidar Vie, Jan Egil Tvinde og Bjarne Nikolai Huus i timeout

FOKUSERT: Trenar Jan Egil Tvinde manar laget til innsats i semifinalen mot Randaberg. Til venstre Geir Eithun og Vidar Vie. Bjarne Nikolai Huus til høgre.

Foto: Rune Fossum / NRK