Hopp til innhold

Kallar cruisekrisa «ein gyllen moglegheit» til strengare klimakrav

– Korona er ein sjanse til å få fart på omstillinga av cruisenæringa i utsleppsfri retning, seier ordførar i cruisekommune. Cruise Norway svarar at dei ikkje berre seglar i norske fjordar.

Loen Skylift, cruisekip ved Loen og Olden i bakgrunnen, fjell og fjorder

UTSLEPPSFRITT: Kan cruiseskip her i Loen og Nordfjord i framtida bli heilt utsleppsfrie?

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Historiene om cruiseskip med smitte om bord har dei to siste vekene ramma ei næring som allereie hadde sitt å stri med.

12. august varsla regjeringa at dei forlenger regelen om at skip med fleire enn 100 personar om bord ikkje får gå i land i norske hamnar eller på Svalbard.

Alfred Bjørlo (V) er ordførar i cruisekommunen Stad kommune.

Han kallar krisa ein «gyllen moglegheit».

– Korona gjer oss ein enda betre sjanse til å få fart på omstillinga av cruisenæringa i utsleppsfri retning, seier han.

«Tøffe, nasjonale krav» kan gjere to ting, forklarer han.

For det fyrste kan det gjere Noreg til eit grønt og attraktivt reisemål, og for det andre gjer det bransjen «noko å strekke seg etter».

– Då slår vi to fluer ein smekk.

– Du er ikkje redd for å skremme vekk nokre av aktørane?

– Altså, nokre av desse aktørane ynskjer vi å skremme vekk.

Alfred Bjørlo

MOGELEGHEIT: Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Stad kommune meiner koronakrisa er ein «gyllen mogelegheit» for å omstille cruisenæringa.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Noreg i ein unik posisjon

– No kan vi bestemme kva krav vi vil ha, seier forskar Stefan Gössling ved Vestlandsforsking.

Han meiner krisa i cruisebransjen gjer at næringa lettare kan bli med på «tankar om det grøne skiftet» og at norske hamner raskare kan ta posisjonen som «det grøne alternativet».

– Noreg er no i ein unik posisjon til å setje nye krav til dei reiarlaga som vil segle hit.

Geiranger

LOKKE: Forskar Stefan Gössling ved Vestlandsforsking meiner koronakrisa kastar om på etablerte sanningar om kva som er mogleg og kva som er lønnsamt.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Samde om 14 miljøkrav til cruisereiarlaga

I 2018 vedtok Stortinget at cruiseskip må vere heilt utsleppsfrie før dei får segla i norske verdsarvfjordar frå 2026.

I februar i 2019 vart 12 norske cruisekommunar samde om 14 miljøkrav til cruisereiarlaga.

Blant desse krava er bruk av landstraum frå 2025, og krav om utsleppsfri inn- og utsegling til alle norske cruisehamner.

– Når vi skal gjenopplive turistnæringa etter koronakrisa, bør vi stille strenge miljøkrav, utsleppskrav og lokale miljøkrav, som presser fram innovasjon og investering i ny teknologi i cruisenæringa, seier Marius Holm, dagleg leiar i miljøstiftinga Zero.

Han legg til at dette vil slå godt ut for mange av dei norske reiarlaga – fordi dei «alt har lukta på framtidas løysingar.»

Leder Marius Holm i miljøorganisasjonen Zero.

STRENGE KRAV: – Når vi skal gjenopplive turistnæringa etter koronakrisa, bør vi stille strenge miljøkrav, seier Marius Holm i Zero.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Fryktar tapt trafikk

Inge Tangerås i Cruise Norway fryktar at cruiseskip frå utanlandske reiarlag vil segle andre stadar dersom ein stiller for strenge krav.

– Reiarlaga bygger ikkje skip berre for å segle i norske fjordar eller farvatn, seier han.

Inst i Aurlandsfjorden ligg det verdskjente reisemålet Flåm.

Ordførar i Aurland kommune, Trygve Skjerdal, fortel at han støttar dei nye, strenge miljøkrava, men åtvarar mot absolutte krav.

– Dette er dramatisk for oss dersom vi kjem til 2026 og ikkje har teknologien på plass, og ingen cruiseskip skal kome inn fjordane.

Inge Tangerås er daglig leder for interesseorganisasjonen Cruise Norway

SEGLAR FORBI: Inge Tangerås i Cruise Norway er redd cruiseskipa vil segle til andre destinasjonar dersom krava blir for strenge.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK