Rapport: – Cruiseskip slepper ut ti gonger meir svoveloksid enn 260 millionar bilar

Det største cruisereiarlaget i verda, Carnival, var i 2017 ansvarleg for ti gonger så mykje utslepp av svoveloksid (SOx) i Europa som alle dei 260 millionar bilane i verdsdelen, går det fram av ein fersk forskingsrapport.

Cruisebåter i Bergen

Cruisebåtane ligg tett ved Skoltegrunnskaia i Bergen i høgsesongen. Bergen er den største cruisehamna i Noreg.

Foto: Atle Markeng / NRK

Det nest største cruiserederiet i verda, Royal Caribbean Cruises, slepp ut fire gonger så mykje som alle bilane i Europa til saman, går det fram av rapporten, som er gjort av organisasjonen Transport and Environment.

Noreg er ifølgje rapporten eitt av dei landa som er verst ramma av forureining frå cruiseskip. Verst er det i Spania, Italia og Hellas, med Frankrike som nummer fire og Noreg som nummer fem.

Verst i Barcelona

Faig Abbasov i Transport and Enviroment.

Faig Abbasov er skipsfartspolitisk ansvarleg i organisasjonen Transport & Enviroment.

Foto: T&E

Dei verst ramma byane er Barcelona, Palma de Mallorca, Venezia, Civitavecchia utanfor Roma og Southampton. Faig Abbasov, skipsfartspolitisk ansvarleg i Transport and Enviroment, skuldar cruisereiarlaga for å bruke noko av det skitnaste drivstoffet som er mogleg å oppdrive.

– Det er bra at storbyane forbyr sterkt forureinande dieselbilar, men samstundes er det fritt fram for cruisenæringa å spy ut giftige avgassar som gjer stor skade på både folk om bord og på land. Dette er ikkje akseptabelt, seier han.

Også utsleppa av Nitrogenoksidar (NOx) frå cruiseskipa er eit stort problem, sjølv om det er mindre enn frå bilar. Det er likevel ein betydeleg kjelde. Ifølgje rapporten slapp 57 cruiseskap i den franske byen Marseilles i 2017 nesten ein fjerdedel så mykje som dei 340.000 personbilane i byen.

Utsleppa frå cruiseskip utgjer rundt 15 prosent av alle utsleppa av nitrogenoksid (NOX) som bilparken er ansvarleg for.

SOx og NOx blir ikkje rekna med blant klimagassane, slik som CO2. Her er det snakk om lokal luftforureining. Når det gjeld CO2 så er bilar ei langt større utsleppskjelde enn cruiseskip.

"Harmony of the Seas" i Barclona.

Eitt av dei største cruiseskipa i verda, «Harmony of the Seas» ved kai i Barcelona. Barcelona er den byen i verda som er verst ramma av luftforureining frå cruiseskip.

Foto: Manu Fernandez / AP

– Krav om nullutslepp

Faig Abbasov meiner det er heilt naudsynt innføre krav om nullutslepp i alle hamner.

– Det finst tilgjengeleg teknologi i dag som kan gjere cruiseskipa reine. Landstraum er eit tiltak, medan batteridrift kan vere ei løysing for kortare distansar. Dei største cruiseskipa kan gå over til hydrogen-teknologi. Det verkar som om cruisenæringa ikkje er villig til å ta dette skiftet frivillig, så då må styresmaktene i land med cruisetrafikk vedta lover om nullutslepp, seier han.

I mai i fjor bad Stortinget regjeringa om innføre krav om nullutslepp frå turistskip og ferjer i verdsarvfjordane, seinast innan 2026. I februar i år vart cruisekommunane Oslo, Bergen, Ålesund. Stavanger, Kristiansand, Trondheim, Stranda, Eidfjord, Aurland, Molde, Rauma, Tromsø og Nordkapp samde om 14 miljøkrav til cruisereiarlaga.

Blant desse krava er bruk av landstraum frå 2025, og krav om utsleppsfri inn- og utsegling til alle norske cruisehamner.

Berre Kristiansand, som er ei middels stor cruisehamn etter norsk målestokk, har landstraum for cruiseskip. I Oslo er det landstraum for passasjerferjer.

Cruiseskip i Flåm

Eit cruiseskip i Flåm i Sogn og Fjordane.

Foto: Erling Oppheim

Bergen størst

Bergen er største cruisehamna i Noreg med over 300 anløp og 600.000 cruiseturistar i året. Dei er no i ferd med å byggje det største landstraumanlegget i Europa, og som skal kunne forsyne tre skip med straum samstundes. Det skal stå klart i løpet av 2020, og prislappen er 120 millionar kroner.

Både Ålesund og Stavanger har signalisert at dei ynskjer å følgje etter.

Det står på økonomien, sidan landstraum til skip er dyrt.

Kirsten Å. Øystese er prosjektleiar for grøn skipsfart i Norsk klimastiftelse. Ho meiner det er viktig å stille tøffe, men oppnåelege klimakrav til cruisenæringa . Ho åtvarar likevel mot å stille umoglege krav til næringa, for då vil skipa berre finne nye hamner.

Demonstrasjon mot cruiseskip i Venezia

Rundt 5000 mennesker deltok i ein demonstrasjon mot cruisetrafikken i Venezia laurdag ettermiddag.

Foto: Luca Bruno / AP

Demonstrasjon mot cruiseskip i Venezia

Laurdag ettermiddag deltok rundt 5000 menneske i ein demonstrasjon mot cruisetrafikken i Venezia. Dei meiner skipa er for store for byen, at skipa forureinar, truar økosystemet i sjøen og er ein stor fare for tryggleiken.

Sist helg kolliderte eit cruiseskip med ein liten turistbåt som låg ved kai i byen. Fire menneske vart lettare skadde i samanstøyten.

NRK presiserer: Ein tidlegare versjon av denne saka hadde tittelen «– Cruiseskip forureinar ti gonger meir enn 260 millionar bilar». Ettersom rapporten omhandlar svoveloksid, er tittelen endra til: «Rapport: – Cruiseskip slepp ut ti gonger meir svoveloksid enn 260 millionar bilar »

SISTE NYTT

Siste nytt