Hopp til innhold

Klare for å lage stor musikkfest

Likar du god musikk? No kan du gle deg til ein laurdagskveld fullspekka med underhaldning.

Kjartan Lauritzen

PÅ SCENA: Theodor og Per Kvikne i Kjartan Lauritzen er klare for scena under det store Luttpris-showet på Larris Scene i Førde. Dei er også sjølve nominert til Luttprisen 2017.

For laurdag 20. januar blir det stor fest på Larris Scene i Førde, med konsertar, prisutdeling, talentkonkurranse, direktesendingar og spennande diskusjonar.

Ronny Brede Aase i aksjon under P3aksjonen 2017.

LEIAR SHOWET: Ronny Brede Aase frå Førde er programleiar for Luttprisen.

Foto: Mattis Folkestad / NRK P3

Mellom anna skal Luttprisen delast ut på eit direktesendt show med fleire av dei nasjonale artistane frå Sogn og Fjordane på scena.

Der får du oppleve både Kjartan Lauritzen, Sigrid Moldestad, Vilde & Anna, Elida Høgalmen og Andrea Santiago i løpet av prisutdelinga.

Ronny Brede Aase frå Førde er programleiar, og Iselin Solheim, Alexander Pavelich, musikksjef i NRKP1 Atle Bredal og MGPjr-vinnar Oselie er blant prisutdelarar.

Direkte på radio og nett-tv

Stian Sjursen Takle

HÅPER DU KJEM: Stian Sjursen Takle inviterer til stor musikkfest for Sogn og Fjordane direkte frå Larris Scene i Førde.

Foto: NRK

– Vår plan er å lage eit gnistrande show som får deg i feststemning, og som verkeleg viser fram nokre av dei fantastiske musikarane vi har frå dette fylket. Denne gjengen er jo like nasjonale som dei er lokale. Luttprisen blir ein flott måte å heidre dei som har engasjert oss i 2017, seier Stian Sjursen Takle.

Han er musikksjef i NRK Sogn og Fjordane og prosjektleiar for Luttprisen. Luttprisen kan du sjå direkte på nett-tv eller høyre på radio. Men håpet er at publikum også fyller den nye Larris Scene i Førde der showet vert arrangert.

TV-bilane frå den nye NRK-satsinga «Norge Nå» skal nyttast i produksjonen. Etter showet vert det festkonsert med partybandet «Fagernes Yacht Klubb», der du mellom anna finn Håkon Njøten frå Gulen på scena.

Leitar etter nye talent

Musikkfesten har også vore ute å leita etter heilt nye musikalske talent. Før jul vart det lyst ut ein talentkonkurranse, og denne får finale i løpet av laurdag 20. januar. Det har kome inn spennande ny musikk frå Sogn og Fjordane gjennom konkurransen.

Maritine Håland, Sofia Hyttedalen og Blasfemisk Eksplosjon spelar finale laurdag kl 1700 på Larris Scene. Vinnaren får spele låten si under det store Luttpris-showet seinare på kvelden.

– Dette blir ein flott måte å vise seg fram på, seier Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane.

Blest for musikkbransjen

Elise Hessevik

ARRANGØR: Elise Hessevik i Brak gler seg til å samle artistar, arrangørar, festivalar og publikum til stor musikkfest laurdag 20. januar i Førde.

Foto: Brak

Men det skjer mykje anna i løpet av dagen. På dagtid samlast artistar og arrangørar til Blest, som er eit seminar der ein mellom anna diskuterer korleis artistar kan få låtar på radio og Spotify. Ein av programposten vert også sendt direkte på radio.

Der får du møte gjester som Iselin Solheim, Kjartan Lauritzen, Alexander Pavelich og SJUR. Denne radiosendinga går direkte frå lobbybaren til Sunnfjord hotell, og er open for alle.

– Vi gler oss veldig til å samle så mykje bra og flinke folk, seier prosjektleiar Elise Hessevik i BRAK som er ein av arrangørane av musikkfesten.

Stort samarbeid

Det er aller første gong ein slik samla musikkfest vert arrangert i Sogn og Fjordane. Bak står mellom anna BRAK, NRK, Larris Scene, OnCue og Øyre Lyd. Dei har også med seg Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane som i samarbeid støttar musikkfesten.

– Heile denne dagen er starten på det vi håpar kan bli eit einaste stort samarbeid mellom alle som set pris på musikk frå Sogn og Fjordane. Vi er eit lite fylke, og har alt å tene på å samarbeide og hjelpe kvarandre, seier Stian Sjursen Takle.

Røyst på Luttprisfinalistar

Det er heller ikkje for seint å vere med å røyste fram vinnar av Luttprisen. Fram til 15. januar kan du finne din favoritt og gi di røyst på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane. I finalen i år er Erlend Apneseth, Sigrid Moldestad, Kjartan Lauritzen, Silo, Andrea Santiago, Oselie, Ketil Thorbjørnsen, Steinar Karlsen, Månevenn, Sjur og Vilde & Anna.

Prisen er eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim, og eit stipend frå Sparebanken Vest. Ein artist vil også under showet få tildelt ein «Vi har trua»-pris, som er eit Furorestipend frå Sparebankstiftinga.