Hopp til innhold

Kjøper nettbrett til aldersheimar for fleire hundre tusen

Banksjefen får ikkje sjå den 93 år gamle mora si. No spanderer banken nettbrett til alle aldersheimane i Sogn og Fjordane.

Høyanger sjukeheim sørger for at bebuarane vert ein del av omverda.

HØYANGER: Ved Høyanger sjukeheim har dei tilsette kjøpt inn nettbrett og telefonar på eige initiativ. No blir det nettbrett på alle aldersheimane i Sogn og Fjordane. Her får Ragnhild Torkildsen (94) i Høyanger hjelp av tilsett Ingrid Lønne til å sjå familien sin.

Foto: HØYANGER KOMMUNE

– Det stikk i magen min når eg ikkje får sett ho. Det blir ikkje det same når vi får snakke saman på telefonen, seier banksjef for Sparebanken Sogn og Fjordane i Florø, Måløy og Bremanger, Ole Aukland.

Besøksforbod på aldersheimane gjer at eldre er avskorne frå omverda.

Ein av dei som får kjenne på dette om dagen er Aukland. Han kan ikkje besøke den 93 år gamle mora si på Furuhaugane omsorgssenter, men har saman med arbeidsgivaren sin funne ei løysing som vil lette på kvardagen for mange, skriv Firdaposten.

Kjøper nettbrett for 400.000 kroner

Banksjefen blei inspirert av sjukeheimen i Høyanger, der dei tilsette hadde kjøpt inn nettbrett for at bebuarane skulle kunne ha kontakt med familie og bekjente.

Aukland fekk med seg Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane på å kjøpe inn nettbrett til alle aldersheimane i Sogn og Fjordane. Det skal dei bruke 400.000 kroner på.

– Vi er 280 tilsette i same situasjon som folk flest, der vi har mindre kontakt og må følge reglar for å hindre smitte. Nettbrett kan legge til rette for at generasjonane kan ha kontakt, seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.

Trond Teigene

BLAR OPP: Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane skal bruke 400.000 kroner for å kjøpe inn nettbrett til aldersheimane i Sogn og Fjordane. Trond Teigene, som er administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, trur det blir eit lystglimt i kvardagen for mange eldre.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Blir nesten som besøk

Tilsette ved aldersheimane har tenkt mykje på korleis dei skal gjere kvardagen lettare for bebuarane i desse dagar, seier kommunalsjef for helse i Kinn kommune, Norunn Stavø.

– Dette er veldig flott for oss. Vi har lurt på korleis vi skal gjere kvardagen betre. Både brukarar og pårørande synest det er trist at dei ikkje kan vere med kvarandre på same måte som før, seier ho.

Tanken er å ha eit stort nettbrett på hjul som kan bli trilla inn på romma til bebuarane.

– Det blir nesten som besøk og at dei har pårørande hos seg, seier Stavø.

For heile Noreg er det ein ny kvardag i koronakrisa. Spesielt for dei som bur på aldersheimane.

– Eg har fått meldingar at nokre bebuarar er meir urolege. For mange er det rutine at dei får besøk, seier Stavø.