Hopp til innhold

Kjelsnes: - Skuffa, men ikkje overraska

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes i Sogn og Fjordane er ikkje overraska over at politidirektøren vil ha seks politidistrikt i Norge i framtida.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

SKUFFA: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er skuffa over at politidirektøren vil gå vidare med ein modell med berre seks politidistrikt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Politidirektør Odd Reidar Humlegård la måndag føremiddag fram politidirektoratet sitt svar på politianalysen. Den legg opp til å redusere talet politidistrikt frå 26 til sju. Det vil også politidirektøren.

– Eg anbefaler at vi jobbar vidare med ein modell med seks politidistrikt, sa Humlegård på pressekonferansen.

Kjelsnes seier ho er skuffa, men ikkje overraska.

– Eg synest dette er skuffande, men eg er ikkje så veldig overraska. Eg synest Humlegård i lang tid har gitt signal som peikar i retninga av at han vil sentralisere mykje, seier Ap-politikaren.

Humlegård har tidlegare uttalt at han sluttar seg til alle anbefalingane i rapporten.

Vil ha større og meir robuste einingar

Sogn og Fjordane politidistrikt er blant distrikta som kan forsvinne om forslaget i den såkalla politianalysen går gjennom. Etter at rapporten vart lagt fram før sommaren har både politiet og politikarar i Sogn og Fjordane rusta seg til kamp.

I politianalysen blir det lagt opp til å redusere talet på politidistrikt frå 27 til seks. Det blir vist til behovet for større og meir robuste einingar. Sogn og Fjordane politidistrikt blir føreslått slått saman med Rogaland og Hordaland.

På pressekonferansen i dag sa Humlegård at Norge må ha eit politi som er tilgjengeleg når hendingane skjer.

– Ved å lage meir robuste politidistrikt, kan ein få betre politikompetanse på bakken der folk bur, sa han på pressekonferansen.

Misnøgd med prosessen

I Sogn og Fjordane er fylkesordførar Åshild Kjelsnes misnøgd med prosessen rundt nedleggingar av politidistrikt.

– Eg synst heile prosessen og utgreiinga ber preg av litt for mykje fasit, i staden for å ta det vide blikket og sjå at Norge er eit samansett land med store ulikskapar, seier Kjelsnes til NRK.no.

Ho viser til at Sogn og Fjordane kan vise til mellom anna høg oppklaringsprosent og at politiet brukar kort tid på oppklaring.

– Då synest eg det blir veldig lettvint å seie at stort og robust er det som må til. Og eg trur ikkje det vil bety at det kjem meir nærpoliti, seier Kjelsnes.

– Viktig person

Når den endelege avgjerda skal takast trur ho politidirektøren si meining vil bli tungt vektlagt.

– Det er vel ein fare for at hans meining vil bli tungt vektlagt, han er ein viktig person i denne samanhengen.

– Men eg håpar at når ein til sjuande og sist skal lage det nye kartet, at ein har eit vidare perspektiv enn vi har sett til no, seier ho.

– Kva har dette å seie for kampen som blir kjempa i Sogn og Fjordane for å behalde politidistriktet?

– Eg har sagt at eg skal følgje saka til siste slutt, og det aktar eg å gjere. Vi skal mellom anna ha møte med den nye stortingsbenken om nokre veker, og då blir dette ei av dei viktigaste sakene, seier fylkesordføraren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kjetil Drange

KRITISK: Kjetil Drange i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane har heile tida vore kritisk til nedlegging av politidistriktet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Var førebudd på dette

Kjetil Drange, som er tillitsvald i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane er også skuffa.

– Dette er noko vi nesten har budd oss på. Det har vore så sterke føringar for at det blir ein betydeleg reduksjon i politidistrikt. Eg synest det er beklageleg at ein startar i denne enden og ikkje ser på kva politi publikum skal ha krav på og synleggjer det, før ein startar prosessen med strukturen, seier Drange til NRK.no.

At det stadig blir vist til at ei samanslåing av distrikta vil føre til meir politiressursar, er eit reknestykke han heile tida har stilt spørsmålsteikn ved.

– Det er naturleg å spør seg om publikum i Sogn og Fjordane vil tape på ei sentralisering. Vil dei store sentera trekkje ressursar frå utkantane, seier Drange.