Hopp til innhold

Fylket truga av fleire nedleggingar - trass Senterpartiet i regjering

Sjølv om Senterpartiet har vore i regjeringa i åtte år, har fylket knapt vore meir truga av sentralisering.

Florø politistasjon/Toll/Alarmsentralen

KAN FORSVINNE FRÅ FYLKET: Både politidistriktet, Alarmsentralen og tollkontoret står i fare for å bli flytta eller lagt ned.

Foto: NRK

I heimfylket til SP-leiar Liv Signe Navarsete står både politidistrikt, Alarmsentralen og tollkontor i fare for å bli flytta eller lagt ned. Høgre meiner dette syner kor tafatt og handlingslamma regjeringa er.

– Senterpartiet har alltid halde fana høgt i kamp mot sentralisering og byråkrati. No har dei mista sitt truverd, meiner stortingsrepresentant Bjørn Lødemel for Høgre.

Har fått rett i mykje

Under opningstalen til Senterpartiet sitt fylkesårsmøte i mars, frykta fylkesleiar Karen Marie Hjelmeseter at vi stod ovanfor ein sentraliseringstendens innan justissektoren i landet. No viser det seg at frykta hennar kan gå i oppfylling. Mykje har allereie skjedd.

Eit utval føreslår å kutte 27 politidistrikt til seks. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap ville leggje ned ei rekkje alarmsentralar. Det forslaget er sett på vent, men ikkje avlyst. Og akkurat no ligg eit forslag på bordet til Toll- og avgiftsdirektoratet om å leggje ned Sogn og Fjordane sitt einaste tollkontor.

Ser eit mønster

Åshild Kjelsnes

LIKAR IKKJE MØNSTERET: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) ser med stor uro på alle forslaga om sentralisering.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Alt dette medan sentraliseringsmotstandarane i Senterpartiet har hatt med makta i åtte år.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes for Arbeidarpartiet frontar mange av kampane for tilboda i fylket.

– Dette føyer seg inn i eit mønster om å leggje ned diverse statlege arbeidsplassar i fylket vårt. Eg ser på dette med stor uro, seier ho.

Fryktar for arbeidsplassar

Men ho er ikkje den einaste som ser dette mønsteret. Leiar Anders Folkestad i Unio seier det er ei rekkje forslag som kjem no.

– Det handlar om helsesektor eller politi. Vi ser også skulenedlegginga. Nokre nedleggingar kjem som følgje av endringar i kommunikasjonsforma og tilgang på nye teknologi. Men tendensen tykkjer å vere sterkare enn det som blir utløyst av slike forhold, seier han.

Folkestad leiar paraplyorganisasjonen for ei rekkje fagforbund som organiserer politifolk, sjukepleiar, akademikarar med fleire. Dei er opptekne av at offentlege tilbod skal vere nær dei som treng dei.

– I lys av dette er det grunn vere kritisk til det som ser ut til å vere automatiske sentraliseringsprosessar på mange faglege område for tida. Også fordi det kan fjerne arbeidsplassar frå distrikta, seier han.

– Har ikkje skjedd noko som helst

Bjørn Lødemel

MEINER LITE HAR SKJEDD: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel for Høgre er ikkje imponert over Senterpartiet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I tillegg til sakene som er aktuelle no, har ei rekkje lokalsjukehus blitt bygde ned i denne regjeringsperioden. Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel for Høgre er ikkje imponert over Senterpartiet.

– Det viser at for Senterpartiet sin del er det mykje prat og lite handling. Det er ikkje handlekraft i forhold til dei store orda dei kjem ut med.

– Men kvifor er dette regjeringa sin feil? Alle desse prosessane er jo starta av byråkratiet.

– Det er jo politikarane og statsrådane som er ansvarlege. Å skubbe frå seg det ansvaret blir heilt feil.

– Har vi garanti for at slike ting ikkje vil skje under ei borgarleg regjering?

– Det er det som er interessert. Det har aldri vore så mykje utflytting av statlege arbeidsplassar som det var då Victor Norman var arbeids- og administrasjonsminister Der viste regjeringa handlekraft og gjorde jobben, i motsetnad til dei siste åtte åra der det ikkje har skjedd noko som helst.

Sande: – Forslag, ikkje vedtak

Erling Sande

- BERRE FORSLAG FØREBELS: Stortingsrepresentant Erling Sande frå Sp seier det enno ikkje er gjort vedtak.

Foto: NRK

Stortingsrepresentant Erling Sande frå Sp seier ingenting er vedteke enno og at det berre er forslag.

– Det er skilnad på forslag og vedtak. Det er rett at det har kome forslag om ei rekkje sentraliseringar frå råd og utval som har sett på omorganisering. Men vedtaka har jo ikkje Senterpartiet og regjering gjort, så det er litt tidleg å skulde oss for sentralisering all den tid vi ikkje har vedteke dette.

– Men eg er einig med Åshild Kjelsnes når vi heile tida må kjempe mot denne type forslag.

Og fagforeiningsleiaren Folkestad meiner Senterpartiet ikkje kan lastast for utviklinga.

– Eg er sikkert på at ein ikkje kan skulde Senterpartiet for dette. Det skuldast nok først og fremst at det er sterke faglege og politiske interesser som ligg bak og dreg i sentraliseringsretning.