Hopp til innhold

Elevane treng skyss til skulen – men desse bussane skal ingenstad

Kapasiteten på skuleskyss er sprengt. Samstundes står ledige bussar parkerte over heile landet. – Uforståelig, seier forbundsleiar.

Busser i Førde

PARKERT: Hos busselskapet Firda Billag i Førde står fleire bussar parkerte.

Foto: Håvard Nyhus

Firda Billag i Førde ein formiddag i mai.

Side om side står buss etter buss parkert.

På same tid melder skulebussane at dei ikkje har kapasitet til å bringe alle elevane fram til skulane. Smitteverntiltaka gjer at fleire av seta i bussane må stå tomme.

– Uforståeleg, seier Trude Valle, som er fungerande forbundsleiar i Yrkestrafikkforbundet.

No tek ho til orde for å sette inn ekspress- og turbussar for å kompensere for alle dei tomme setene på skulebussane.

– Dette er ein kritisk situasjon der me skal opne att samfunnet og frakte våre mest dyrebare til og frå skulen, seier ho.

Nestleiar i Yrkestrafikkforbundet, Trude Valle.

UFORSTÅELEG: Fungerande leiar i Yrkestrafikkforbundet, Trude Valle, vil sette inn ekspress- og turbussar som ikkje er i bruk for å kompansere for manglande kapasitet på skulebussane.

Foto: Yrkestrafikkforbundet

– Kan ikkje strande på dette

Ho får følgje av Harald Sivertsen, kommunalsjef for oppvekst og opplæring i Stad kommune. I eit brev til fylkeskommunen skriv han at skulane er klare til å ta imot elevane, og «dette kan då ikkje strande på manglande skuleskyss».

– Vi veit at andre busselskap har ledig kapasitet og er klare til å frakte elevar til og frå skulane, skriv han.

– Dette forventar eg at fylkeskommunen klarar å ordne.

I revidert nasjonalbudsjett vart det tysdag klart at regjeringen vil overføre 1,5 milliardar kroner til fylkeskommunene for tapte billettinntekter frå kollektivtrafikken.

–Trengst meir pengar

Målfrid Vik Sønstabø er direktør i transportselskapet Skyss, som har ansvaret for all elevtransport i Vestland fylke.

Ho seier det både trengst meir pengar og meir tid for å få på plass eit utvida skysstilbod til elevane.

– Skal vi leige inn nye ressursar, vil det krevje midlar ut over dagens budsjett, seier ho.

Målfrid Vik Sønstabø

MEIR PENGAR: Direktør i Skyss, Målfrid Sønstabø, etterlyser meir pengar om dei skal klare å få fleire bussar på vegane.

Foto: PRESSEBILDE / SKYSS

John Stordrange er administrerande direktør i NHO Transport. Også han meiner at problemet kan løysast med penger.

– Bussar har me, og permitterte sjåførar kan tilbakekallast på kort varsel. Det er pengane det står på, seier han.

I likskap med Valle og Sivertsen ser han for seg ei løysing der turbussane blir sette inn for å supplere skulebussane.

– Nokre stader har me fått det til. Problemet er primært at fylkeskommunane ikkje har midlar til det.

Følgjer med på utviklinga

Ingelin Noresjø er statssekretær i Samferdselsdepartementet.

På spørsmål om det vil bli løyvd ekstra midlar til fylket for å sikre skuleskyss til alle, svarar ho at departementet har «tett kontakt» med KS og fylkeskommunen om problemstillinga.

– Me har hatt eit møte med partane og diskutert dette, og skal ha eit nytt møte 14. mai. Opninga av Noreg går gradvis, og det vil komme problemstillinger me ikkje heilt har svaret på i framkant. Dette er ei slik sak, der me vil følgje med på utviklinga og vurdere behov for tiltak ut frå dialog med dei berørte, seier ho.

Parkerte bussar, Sotra Arena

KLARE: På rekke og rad står bussane klare ved Sotra Arena utanfor Bergen.

Foto: Helena Victoria Johnsen / NRK

– Altfor dårleg!

Frank Sønnesvik er FAO-leiar ved Rosendal ungdomsskule.

Her kan 8. og 9. klassingane berre gå på skulen ein dag i veka. Kvifor? Fordi kapasiteten til skulebussane er sprengt.

– Når skulen har gjort ein kjempejobb og er klar til å ta imot alle elevane, er det altfor dårleg at mangel på skuleskyss skal gjere at mange elevar ikkje kjem seg på skulen, seier Sønnesvik.

No krev han at fleire bussar kjem i sving.

– Dette må ordnast opp i snarast råd.

Frank Søllesvik

IKKJE NØGD: Frank Sønnesvik er FAO-leiar ved Rosendal ungdomsskule. Han er ikkje nøgd med at det ikkje er bussar nok til å frakte elevane til og frå skulen.

Foto: Bård Siem