Kan ikkje love noko om bompengar

Med Framstegspartiet i regjering er det igjen uvisst kva som skjer med den planlagte Førdepakken.

Frank Willy Djuvik

KAN IKKJE LOVE NOKO: Frank Willy Djuvik er fylkesleiar i Framstegspartiet.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Frp gjekk til val på å få slutt på bompengefinansierte vegprosjekt. Her i fylket er det mellom anna aktuelt på den såkalla Førdepakken, ei utbygging som skal utbetre vegane i og kring Førde.

Men sjølv om dei borgarlege vann valet og Frp ligg i posisjon kan ikkje Frank Willy Djuvik som er fylkesleiar i Frp garantere at det ikkje vere bompengar på vegane rundt Førde.

– Eg kan ikkje love noko for Førdepakken spesielt, men Frp har ein politikk som seier at vi skal satse meir på samferdsle og løyve meir pengar til vegbygging, seier Djuvik til NRK.no.

«Ei stemme til Frp er ei stemme mot bomring»

Bystyret i Førde har med støtte frå fylkestinget gått inn for bompengefinansiering av Førdepakken. I første omgang er det lagt opp til fem bomstasjonar, og går ting etter planen kan folk som skal inn til byen måtte betale allereie frå 2015.

FrP har vore sterkt imot bompengefinansiering, også her i fylket. I saka om Førdepakken røysta partiet som dei einaste imot ei slik brukarbetaling då saka var oppe i fylkestinget.

Nokre veker før valet aksjonerte Frp mot bomringen som er planlagt rundt Førde. Med store skilt stilte deg seg opp på innfartsårene og fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, sa den gong at ei stemme til Frp er ei stemme mot bomringen.

– Viss Frp vinn stortingsvalet, vil de kunne påverke om det blir bomring eller ikkje rundt Førde?

– Utan tvil. Frp har som ei av sine viktigaste saker i valet å byggje bomfrie vegar Norge. Ei stemme til Frp er ei stemme mot bomring. Eg håpar vi skal få den makta som skal til. Men då må innbyggjarane i Førde vise at dei faktisk er i mot bomringen, seier Djuvik.

Kan ikkje love noko

Men no som det ligg an til regjeringsskifte kan Djuvik ikkje love at det ikkje vert bompengering rundt Førde.

– Førdepakken er eit viktig prosjekt som må finne si løysing når den nye regjeringa kjem på plass, seier Djuvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Tore Kilnes

AKSJON: I slutten av august aksjonerte lokale FrP-folk mot den planlagde bomringen rundt Førde. Jan Tore Kilnes stod med eit stort skilt på innkøyringa til Førde frå vest på E39.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi er veldig spente

Høgre, KrF nasjonalt og Venstre lokalt har vore tydelege overfor styret i Førdepakken på at dei ønskjer å halde fram med utbygginga slik den til no er tenkt finansiert.

Johan Kåre Kjærstad som sit som styremedlem i Førdepakken AS kan heller ikkje seie noko sikkert om kva som kjem til å skje med det planlagte vegprosjektet.

– Vi er veldig spente.

– Tre av desse partane er veldig tydelege på at dei vil støtte framleis finansiering av vegar og samferdsle med bompengar, men den fjerde parten er tydelege på at dei er i stikk motsett ende. Korleis dette ender er det veldig vanskeleg å seie noko om no, seier Kjærstad.