Hopp til innhold

Han har samla inn 639 underskrifter med krav om folkerøysting om bompengar

Framstegspartiet i Førde har samla inn 639 underskrifter som krev folkerøysting om innføring av bompengar i Førde.

Ove H. Håkonsen

VIL HA FOLKERØYSTING: Ove H. Håkonsen i Førde Frp.

Foto: Anna Gytri / NRK

Denne veka skal bystyret handsame den såkalla Førdepakken.

– Drastisk innhogg

Ove H. Håkonsen, som er er gruppeleiar for Frp, seier dei meiner spørsmålet om å finansiere Førdepakken med bompengar er så stort at folket må få seie sitt.

– Vi meiner dette er såpass drastisk innhogg i privatøkonomien til folk at innbyggjarane bør få sjanse til å uttale seg om det i ei folkerøysting.

Håkonsen fortel at dei fekk nesten 1000 underskrifter, men at ein god del var frå grannekommunane, desse har han redigert ut.

– Det blir innhogg i økonomien til folk i nabokommunane og, men det er innbyggjarane i Førde som tel i denne underskriftskampanjen. Eg meiner bystyret i Førde må vere viljug til å ta ei folkerøysting på spørsmålet.

Slik vil Statens vegvesen legge E39 forbi Bruland.

PLANAR OM BOMPENGAR: Ein del av Førdepakken, ny E39 forbi Bruland.

Foto: Illustrasjon / Statens vegvesen