Hopp til innhold

Gjorde vedtak om bompengering - Førde går inn med 150 millionar kroner

Etter ein lang debatt blei det i dag vedteke at Førde går vidare med søknaden om ein bompengering i Førde.

Bystyret i Førde

JA TIL BOMPENGAR: Bystyret i Førde gjorde i dag vedtak om at kommunen går inn med 150 millionar kroner til Førdepakken.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Olve Grotle

NØGD: Ordførar Olve Grotle (H) er glad for at prosessen no har kome så langt.

Foto: Høgre

– Bystyret har i kveld gjort vedtak om at det skal sendast ein bompengesøknad til Stortinget. Rett nok er dette vedtaket førebels. Det endelege vedtaket blir gjort seinare i haust, men det ligg nok i korta at neste vedtak blir likt det som blei gjort i dag, seier ordførar Olve Grotle (H).

Har vedteke hovudtrekka

Det blir i første omgang lagt opp til fem bomstasjonar rundt Førde for å delfinansiere Førdepakken. Ein sjette bomstasjon blir sett opp ved ein ny veg seinare. Nedbetalingstida blir på 12 år.

– Det vi vedtok i dag har i seg fleire moment. Vi har no fastsett dei store hovudtrekka i bompengesøknaden. Vi har også teke stilling til kvar bomstasjonane skal stå.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bomring i Førde

HER KJEM BOMMANE: Det vert lagt opp til to bommar på E39, éin på vestsida før rundkøyringa ved Førde hotell, éin på austsida på Bruland aust for Farsund Bygg, på riksveg 5 ved sørenden av Klettentunnelen, i Angedalsvegen mellom Kyrkjevegen og avkøyrsla til Presteholten og på fylkesveg 484 ved brua Kronborg-Vie. Det er i tillegg lagt opp til ein sjette bomstasjon på brua som er planlagd mellom Halbrendsøyra og Øyrane

Foto: Rambøll AS

Maksimum 600 koner i månaden

Det er også bestemt at det skal vere innkrevjing berre ein veg og kvar passeringa skal koste 20 kroner med rabatt. Maksimalt tal på innkrevjingar per månad blir 30 passeringar.

– Dette betyr at ingen må ut med meir enn 600 kroner i månaden per bil, seier han.

Formannskapet kom i slutten av august med ei tilråding og ei liste på 20 tiltak. Det var denne tilrådinga i dag som blei følgt i bystyret.

– Alle utanom dei to representantane frå Frp røysta for vedtaket, seier han.

No skal vegdirektoratet og Statens vegvesen arbeide vidare med vedtaket som blei gjort i dag.

– Dei skal gjere ei rekkje ting, som å sende det ut på høyring til nabokommunane.

150 millionar kvar

Går alt etter planen og dei andre aktørane gjer sine vedtak, vil kommunen sende inn bompengesøknaden i januar 2014.

– Då reknar vi med at behandlinga vil skje i vårsesjonen i Stortinget. Dersom dette fell på plass, vil vi starte bygginga av samferdslesatsinga i 2015.

Det ligg i vedtaket at Førde kommune, fylkeskommunen og staten kvar må inn med 150 millionar kroner.

– Det resterande skal dekkast inn gjennom bompengar. Totalpakken er på 1,5 milliardar kroner.

– Kor tek Førde kommune desse pengane frå?

– Det var også eit spørsmål som rådmannen fekk i dag Han må innarbeide dette i sine økonomiplanar og eg har stor tru på at dette løyser han fint. Førde kommune skal investere desse pengane over fleire år.

Folkerøysting kan bli eit tema

Frp har tidlegare kravd folkerøysting om bompengering i Førde. Grotle seier dette kan bli eit tema når bystyret skal gjere endeleg vedtak.

– Dette møtet blir mest truleg i byrjinga av oktober.

Som ordførar får han reaksjonar blant innbyggjarane som må betale for å køyre på vegane i Førde.

– Ingen likar bompengar, men det er mitt inntrykk at alle forstår er at alternativet er at vi ikkje får bygd vegar. Det er verre enn å betale bompengar. Difor trur eg folk vil vere med på dette spleiselag. Dette er ei gigantisk satsing på å utvikle Førde. Dette representer eit nytt kapittel for byen, seier Grotle.