Hopp til innhold

Kamelen frikjend for å rope «fuck politi» på konsert

Lagmannsretten med ny avgjerd i saka etter den famøse Kristiansand-konserten. Bergensrapparen er likevel ikkje heilt nøgd med grunngjevinga.

Kamelen - Marcus Kabelo Møll Mosele

POPULÆR: Bergensrapparen Kamelen under konsert i Oslo i januar 2020.

Foto: Lars Opstad / NRK

Det er Rett24.no som melder om frikjenninga i Agder lagmannsrett.

– Vi er letta over den nye dommen, seier forsvarar Jørgen Riple til NRK.

Bergensartisten Marcus Kabelo Møll Mosele, betre kjend som Kamelen, vart dømd i tingretten i september i fjor.

Kamelen fekk 8000 kroner i bot, eller 16 dagar i fengsel, for forulemping av offentleg tenestemann under ein konsert i Kristiansand i 2018.

Bergensrapparen ropte nemleg «fuck politi» fleire gonger under konserten. Inne i lokalet var to polititenestemenn i gule refleksvestar.

Kamelen under konsert i Kristiansand 2018

FRIKJEND FOR DETTE: Kamelen fekk publikum med seg på å rope «fuck the police» under konserten i Kristiansand. To politibetjentar tok han med seg ut av lokalet og arresterte han.

Frikjend for ytringen

Dommen fekk kritikk frå fleire hald.

I den førre rettssaka forsvara Kamelen seg med at å rope «fuck politi» eller «fuck the police», ligg innanfor den kunstneriske ytringsfridomen til ein artist.

Agder lagmannsrett har kome fram til at Kamelen skal frikjennast, men ikkje argumentert ut frå ytringsfridom.

Retten trur nemleg bergensrapparen på at han ikkje var klar over at det var politi i konsertlokalet då orda vart ytra.

Lagmannsretten viser til at både «crowd surfinga» og ropinga var ein vanleg del av showet hans, «som han brukte som allment uttrykk av misbilligelse mot politiet og andre offentlige myndighetsorganer.»

«Ut fra den konkrete konteksten og under de omstendighetene uttrykket ble fremsatt, er det ikke ført tilstrekkelig bevis for at Moseles forsett var å forulempe de to tjenestemennene», heiter det i dommen.

Ikkje heilt nøgd

Forsvarar Jørgen Riple er likevel ikkje heilt nøgd med det prinsippielle i saka.

– Kamelen er naturleg nok nøgd med frikjenninga, men vi hadde jo håpa at retten skulle frikjenne utifrå perspektivet om at «fuck politi» må vera lovleg for ein artist å seie under ein konsert, seier han til NRK.

I prinsippet kan difor Kamelen, og andre artistar, risikere nye rundar i retten om liknande skjer på andre konsertar.

Eg er ganske trygg på at dette er noko han meiner han har lov til å seie. Om politiet skulle meine det motsette, så får dei pågripe han igjen og så får vi ta ein ny runde, seier Riple.

Mosele vart også dømd for bruk av kokain og cannabis i tingrettsdommen. Lagmannsretten set ned straffa til 4000 kroner, eller åtte dagar i fengsal.