Hopp til innhold

Meiner Kamelen ikkje var verna av ytringsfridomen: «Hadde bedt om pause og han var på vei mot baren»

Bergensrapparen er dømd for å ha ropt «fuck politi» under ein konsert i Kristiansand. – Vurderinga er altfor enkel og dommen lagar eit kunstig skilje, meiner professor.

Kamelen under konsert i Kristiansand 2018

DØMD FOR DETTE: Kamelen fekk publikum med seg på å rope «fuck the police» under konserten i Kristiansand. To politibetjentar tok han med seg ut av lokalet og arresterte han.

Bergensartisten Marcus Kabelo Møll Mosele, betre kjend som Kamelen, fekk dommen i den mykje omtalte saka onsdag kveld.

Kamelen får 8000 kroner i bot, eventuelt 16 dagar i fengsel, for mellom anna å ha ropt «fuck politi» fleire gongar under ein konsert i Kristiansand i 2018.

Han er og dømd for bruk av kokain og cannabis.

Det var Bergensavisen som skreiv om dommen først. Forsvarar Jørgen Riple seier dei ankar saka til lagmannsretten.

– Dette er i stor grad ein prinsippsak som går på kva kunstneriske fridomar ein artist har på scena, seier Riple til Bergens Tidende.

– Ikkje verna av ytringsfridomen

I retten forsvarte 27-åringen seg med at roping av «fuck politi» eller «fuck the police» ligg innanfor den kunstneriske ytringsfridomen.

Men den kjøper ikkje Kristiansand tingrett. Dei meiner at i denne konkrete saka var ikkje ytringa verna:

«Riktignok holdt tiltalte konsert og noen av tiltales tekster inneholder negative utsagn om bla. politiet. Tiltalte utsagn/ytring kom imidlertid ikke fra scenen i forbindelse med en sang eller fremføring av tekst.»

«Tiltalte hadde bedt om pause og han var på vei mot baren, da han åpenbart så at det var uniformert politi i lokalet. Polititjenestemennene var dessuten godt synlige i lokalet med gule refleksvester med påskrift politi», heiter det i dommen.

Kamelen stagediver på Slottsfjellfestivalen

STAGEDIVING: Kamelen er ikkje ukjend med å hoppe frå scena under konsert. Her frå Slottsfjellfestivalen.

Foto: Tom Øverli / NRK P3

Meiner vurderinga i dommen er for dårleg

Saka har vore heftig debattert i fleire medium.

Kulturkommentator Frode Bjerkestrand i BT har skrive at saka «er blitt en sørgelig fortelling om ordensmaktens forhold til ytringsfriheten».

Professor i rettsvitenskap ved UiB, Hans Fredrik Marthinussen, har lese dommen og tykkjer vurderinga til retten er svak.

– I nokre situasjonar er nok kunstnaren sitt uttrykk meir verna om det skjer på scena, enn om lyset vert sløkt, han går i baren og byrjar å rope skjellsord mot politiet.

– Men vurderingar som er gjort her er verken særleg grundig eller særleg god. Dei lagar eit kunstig skilje. Ein må kunne stille spørsmål ved om ikkje det Kamelen ropar medan han stagedivar, faktisk er ein del av hans sceneshow og hans artistiske uttrykk, seier Marthinussen til NRK.

Hans Fredrik Marthinussen

SVAK VURDERING: Meiner professor i rettsvitenskap, Hans Fredrik Marthinussen ved UiB.

Foto: Kamilla Marie Johnsen / NRK

– Ropt «fuck politi» i fem år

Sjølv seier Kamelen at dette er noko han gjer på alle konsertar, og at han ikkje såg at det var politiet i salen.

– Det er ei greie vi har. Eg syng «fuck politi» og så blir det allsong. Det har vi gjort i fem år. Eg har aldri opplevd problem noko annan stad enn i Kristiansand, sa han under rettssaka, ifølge BT.

Retten er ikkje i tvil at om utsegnene frå Kamelen var skjellsord og forulemping av tenestemennene som var i salen.

«Da er man etter rettens syn utenfor ytringsfriheten, og der polititjenetestemenn er vernet mot skjellsord og fornærmelig adferd under lovlig utførelse av polititjeneste».

Kamelen - Marcus Kabelo Møll Mosele

POPULÆR: Bergensrapparen Kamelen under konsert i Oslo i januar 2020.

Foto: Lars Opstad / NRK

Retten trur på politimennene

Situasjonen oppstod under konsert på utestaden Kick i Kristiansand 8. desember. To polititenestemenn hadde tatt seg inn i salen etter meldingar om uro og ordensforstyrringar på staden.

I retten forklarte dei to politibetjentane at dei stod bak i salen, uniformert med refleksvest med påskrifta politi.

Kamelen skal ha sagt frå scena at han ville ha ein pause. Rapparen hoppa frå scena og «crowdsurfa» mot baren.

«Retten er etter bevisførselen overbevist om at tiltalte først begynte å rope «fuck politi» etter at han så polititjenestemennene i uniform inne på utestedet Kick.», skriv tingretten.

– Kamelen har sagt han ikkje såg dei. Det er problematisk at det er politiet si vurdering av situasjonen som blir teken til følgje. I veldig mange andre straffesaker ville ikkje dette halde som bevis, meiner Marthinussen.

Kamelen har varsla at han tek saka heilt til Høgsterett om han må. Marthinussen trur artisten har betre sjansar for ei «skikkeleg vurdering» då.

– I norsk rett har vi, desverre, eit vanvittig vern for politiet. Vi har lagt lista så lågt at dei kan straffeforfølge nesten kva som helst av mishagsytringar. Denne typen kunstneriske ytringar bør ha eit særskild vern, ellers risikerer vi at politiet griper inn i den frie kunsten.