Hopp til innhold

Jusprofessor sjokkert over Mæland si forklaring om karantenehotell

Jusprofessor seier at bruken av karantehotell er å sperre folk inne utan dom. Justisminister Monica Mæland (H) avviser påstandane.

Høring i Stortinget om salg av Bergen Engines, Monica Mæland tar på seg munnbind

AVVISER: Justisminister Monica Mæland (H) avviser at EØS-borgarar på karantehotell blir utsett for internering. – Me meiner sjølvsagt at dette er lovleg, og at det er i tråd med menneskerettane.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

Fleire EØS-borgarar med lovleg opphald i Noreg har opplevd at dei har blitt vist bort, etter at dei kom tilbake frå reise til heimlandet.

Desse har vore på karantenehotell medan dei ventar på bli vist bort frå landet.

Ein av dei er Irma frå Litauen, som opplevde at ho at ikkje fekk kjøpe bleier og morsmjølkerstatning til sonen sin under opphaldet på karantehotell.

Gravide Girdvile Bucienkante kom ikkje inn i Noreg fordi offentlege etatar er usamde om kva det vil seie å vere busett i landet.

Irma Zabitine

I KARANTENE: Irma Zabitiene var på karantenehotell med sonen sin. Ho er ei av mange EØS-borgarar som reagerer på behandlinga ho fekk der.

Foto: Privat

– Må avgjerast av ein dommar

Jusprofessor Ole Gjems-Onstad ved Institutt for rettsvitskap og styring ved Handelshøgskulen BI tar til orde for at karantenehotella er ein form for internering.

Han meiner at praksisen er eit brot på den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).

– Internering må avgjerast av ein dommar eller i ein domstolsliknande prosess, seier han.

Internering er fridomsrøving som blir føretatt av styresmaktene ovanfor ein person, ikkje som ei straff, men for å ha kontroll på personen.

Prosedyren for å internere folk er feil med tanke på rettstryggleiksgarantiane frå den Europeiske menneskerettsdomstolen, meiner han.

Mæland: – I tråd med menneskerettane

Under regjeringa sin pressekonferanse onsdag, kommenterte justisminister Monica Mæland (H) problemstillinga, etter at NRK hadde sett fokus på temaet.

– Me har sett i media ein del eksempel på EØS-borgarar som ikkje slepp inn i Noreg etter å ha vore på besøk i heimlandet, sa Mæland innleiingsvis.

Mæland sa ho hadde forståing for at dette var inngripande tiltak. Trass i kritikken meiner ho at lov og retningslinjer er på regjeringa si side.

– Me har sjølvsagt gjort grundige juridiske vurderingar, men dette er ingen internering. Dette er for at me ikkje skal spreie smitte.

Justisministeren meiner at smittevernloven gjev fullmakter til slike tiltak, og at dette utelukkande var for å halde smitten nede.

– Dette handlar om å sikre at alle held karantenekrava og blir testa.

Mæland seier at det å vera på eit karantenehotell ikkje er det same som å vera i isolasjon, eller å vera internert.

– Me meiner sjølvsagt at dette er lovleg, og at det er i tråd med menneskerettane, seier ho.

3qKnOisG-ts

I TRÅD: Justisminister Monica Mæland seier at reglane for karantenehotell er i tråd med menneskerettane.

Foto: Berit Roald / NTB

– Eit overraskande utsagn

Ole Gjems-Onstad er sjokkert over justisministeren si forklaring.

– Det syns eg er eit overraskande utsagn når ein tar i betraktning kor langvarig dette varer for enkelte. Det er ikkje lett å sjå at dette er ein riktig forståing av EMK, seier Gjems-Onstad.

Ole Gjems-Onstad

REAGERER: Jusprofessor Ole Gjems-Onstad meiner at reglane for karantenehotell ikkje er i tråd med den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Jusprofessoren meiner at departementet må gjere sine juridiske vurderingar offentleg kjende, slik at kjeldene og argumenta kjem fram.

Gjems-Onstad reagerer òg på at Mæland ikkje kallar karantenehotell for internering.

– Internering er at du ikkje får bevege deg fritt, som jo eit karantenehotell er. Det blir ikkje kalla fengsel, men ei fridomsrøving er det utan tvil, seier Gjems-Onstad.

Gjems-Onstad er overraska over at justisministeren meiner at smittevernloven trumfar EMK.

– Norsk lovgjeving viker for den europeiske menneskerettskonvensjonen, det er heilt openbert, avsluttar Gjems-Onstad.

Girdvile Buicenkaite

KARANTENE: Girdvile Bucienkante og sambuaren Deividas Vidziunas fekk etter fem dagar i karantenehotell lov til å flytta seg opp på taket av hotellet.

Foto: Privat

– Me reagerer sterkt

Advokat Lina Smorr i advokatfirmaet Andersen & Bache-Wiig representerer fleire personar som har blitt plasserte på karantenehotell.

Ho meiner at slik karantehotellreglane er no, inneber dei fridomsrøving.

– For dei som har vore på karantenehotell mens ein ventar på retur, har det blitt praktisert som ein arrest.

Korleis reagerer du på dette?

– Me reagerer sterkt på det, fordi me får fleire førespurnader frå personar som fortel om same praksis. Dei skulle hatt ein advokat, og dei skulle ha vore stilt for retten slik at retten kunne bestemme om denne fridomsrøvinga er forholdsmessig.

Hei!

Eg jobbar som journalist i NRK Vestland. Har du tips til saker eg burde dekka? Ikkje nøl med å ta kontakt med meg!