– Fødetilbodet vert rasert

Fødetilbodet for kvinner i Nordfjord vert rasert dersom styret i Helse Førde får det som dei vil.

Nordfjord Sjukehus

Jordmorforeininga fryktar for fodetilbodet dersom Nordfjord sjukehus blir omgjort til lokalmedisinsk senter.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det skriv den norske jordmorforeininga i Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

For dersom strategiplanen til Helse Førde går gjennom, vil fødetilbodet på sjukehuset på Nordfjordeid forsvinne.

– Vi er bekymra for det tilbodet som kvinner i Nordfjord kjem til å få i framtida dersom dette strategidokumentet blir gjort gjeldande, seier Aud Jekteberg Nordpoll, leiar i jordmorforeininga i fylket til NRK.

– Større risiko

Dersom styret i Helse Førde får det som dei ønskjer vil fødeavdelinga på Nordfjordeid og den forsterka fødestua i Lærdal forsvinne.

Jordmorforeninga meiner dette vil rasere fødetilbodet for kvinnene i Nordfjord.

– Det vil bli vesentleg lengre veg til ei fødeavdeling for dei fleste kvinnene i Nordfjord. Og når ein då veit at risikoen for transportfødslar aukar med lengre reisetid, er det alvorleg, seier Jekteberg Nordpoll og legg til:

– I tillegg er det ingen lovbestemt rettigheit å ha med kompetent følgje til fødestaden. Vi meiner det vil bli ein vesentleg større risiko for desse kvinnene.

– Vil svekke sentralsjukehuset

Jekteberg Nordpoll meiner dessutan at Helse Førde sine beregningar av reisetid ikkje er riktige fordi responstid, ventetid på ferge eller varierende vêr ikkje er tatt med.

Nedlegginga vil føre til at det blir færre fødslar i Hels Førde når 200 kvinner blir sendt til Volda og dei sør for Sognefjorden blir sendt til Helse Bergen.

– På sikt vil det svekke sentralsjukehuset og dei funksjonane ein vil oppretthalde der, seier ho.

– Men de er veldig klare på dette vil føre til ein rasering av tilbodet for kvinnene i Nordfjord, kva med kvinnene i Sogn?

– Den vurderinga har vi ikkje tatt, men den vurderinga kan vi gjerne ta, svarar Jekteberg Nordpoll.

Vil ikkje kommentere

Jorunn Ringstad

Jorunn Ringstad

Foto: Helse Førde

Nestleiar i Helse Førde-styret, Jorunn Ringstad, seier dei ikkje vil kommentere saka fordi den er ute på høyring.

– Eg ser ingen grunn til uttale meg om enkeltinnspel i den prosessen vi er inne i, seier Ringstad.