Hopp til innhold

Legg Sogndal daudt

Helse Førde-styret kjem ikkje til å flytte det lokalmedisinske senteret frå Lærdal til Sogndal.

Clara Øberg

Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, garanterer for Lærdal.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Stryket stryk setninga frå det endelege framlegget til høyringsrunda. Det fortel styreleiar Clara Øbert til avisa Firda.

– Eg ser på alternativet som både praktisk og politisk umogeleg, seier Øberg til avisa.

Manglar pengar

Forslaget om å flytte eit eventuelt lokalmedisinsk senter frå Lærdal til Sogndal skapte stor debatt, og fleire har reagert både for og i mot forslaget .

Men no stadfestar altså styreleiaren i helseføretaket at styret ikkje kjem til å føreslå ei flytting frå Lærdal til Sogndal.

– Når skal Helse Førde kunne ha pengar til å byggje opp ein heilt ny institusjon i Sogndal frå grunnen av? Vi går 150 millionar kroner i minus, vi manglar bygningsmasse i psykiatrien, og vi manglar to operasjonsstover, for berre å nemne noko av det vi må ha pengar til, seier Øberg til Firda.

La ikkje merke til setninga

Styringsgruppa ikkje la merke til setninga om å skipe eit lokalmedisinsk senter i Sogndal då dei las gjennom utkastet, ifølgje styreleiaren.

– Vi i styringsgruppa oppdaga rett og slett ikkje desse setningane, då vi las gjennom utkastet før det vart lagt fram, seier Øberg til avisa.