Hopp til innhold

Måtte betale 100 000,- i bot

Eit litauisk transportselskap har fått 100 000 kroner i bot etter at dei vart ferska for ulovleg transport i Norge sist veke.

Vegvesenet sin kontrollstasjon på Håbakken ved E16 i Lærdal

STOGGA HER: Bilen som var lasta med fisk til Russland hadde ikkje alt i orden då kontrollørane tok papira nærare i augesyn sist veke.

Foto: Statens vegvesen

Det var kontrollørane ved Statens vegvesen sin kontrollstasjon på Håbakken i Lærdal som sist torsdag stogga bilen som då var på veg til Russland.

Utanlandske transportørar må rette seg etter dei såkalla kabotasjereglane som seier noko om korleis dei kan drive transport innanlands i Norge.

Men etter at kontrollørane såg nærare på papira til det litauiske vogntoget synte det seg at det hadde køyrd fleire turar enn det hadde lov til, skriv Transportmagasinet.

La alle korta på bordet

Dei såkalla kabotasjerelgane seier at eit utanlandsk vogntog som køyrer inn i Norge med internasjonal transport etter dette berre kan køyre maksimalt tre turar i løpet av ei veke innanfor Norges grenser. Så må bilen ut av landet. Reglane stiller også krav til at transportane innanlands skal vere av tilfeldig karakter.

Bilen som vart stogga på E16 ved Håbakken sist torsdag hadde derimot køyrd fem turar i Norge. Sjåførane skal ha lagt alle korta på bordet og viste mellom anna fram køyrebøker som viste kor dei hadde vore.

Lovbrotet vart straffa med ei bot på 100 000 kroner, ei bot som selskapet ifølgje Transportmagasinet har akseptert.

Fram til pengane kom på plass tok politiet i Lærdal beslag i bilen. Dei to sjåførane i bilen skal ha oppheldt seg i trekkvogna til i går.

Vegvesen og politi prioriterer sakene

Torgeir Bang i Statens vegvesen seier til Transportmagasinet at han er glad slike saker kjem fram i media.

– Vi har eit godt politi som følgjer opp slike saker i vårt distrikt. Eg trur kanskje mange ikkje kjenner regelverket godt nok når det gjeld kabotasjekøyring, seier han.

Seinast i desember fekk eit anna litauisk transportselskap 200 000 kroner i bot etter at to av deira bilar vart tekne for ulovleg transport i Norge. Politiadvokat Erling Melvær i Sogn og Fjordane politidistrikt sa den gong til NRK at denne typen saker vil bli prioriterte av både politiet og Vegvesenet i tida framover.

– Ulovleg innanlandstransport av utanlandske aktørar gjer det vanskeleg for norske firma som ikkje kan konkurrere på pris, sa Melvær til NRK.no den gong.

Selskapet som fekk 200 000 kroner i bot for ulovleg innanlandstransport hevdar dei ikkje har gjort noko gale, og vil ikkje vedta bøtene og saka hamnar no i rettssystemet.