Hopp til innhold

Fiskebil fekk 100 000,- i bot

Eit litauisk transportselskap fekk i dag til saman 200 000 kroner i bot etter å ha blitt stogga for ulovleg transport i Norge. Dette er truleg ei av dei største bøtene som er gitt for eit slik lovbrot i Norge nokon sinne.

Vegvesenet sin kontrollstasjon på Håbakken ved E16 i Lærdal

STOGGA: Tysdag kveld stogga Vegvesenet i Lærdal ein lastebil frå Litauen som dei meiner har køyrd ulovleg. Etter ei liknande sak i Voss same kveld har firmaet no fått ei bot på 100 000 kroner.

Foto: Statens vegvesen

Lastebilen frå det litauiske transportfirmaet Girteka vart stogga av Statens vegvesen på Voss tysdag kveld. Bilen var då lasta med 16 tonn fersk fisk frå Firda Seafood på Byrknesøy i Gulen.

Politiet i Hordaland har no gitt selskapet ei bot på 100 000 kroner, medan sjåføren må betale 3000 kroner i bot.

– Vi meiner det er bevist at selskapet har utført fire ulovlege transportoppdrag i Norge. Dette er noko dei har tent ein betydeleg sum pengar på. I denne samanheng er ikkje 100 000 kroner ei veldig stor bot, seier politiadvokat Line Skjengen i Hordaland politidistrikt.

Det blir dobbelt opp for det litauiske selskapet, for torsdag ettermiddag vart det klart at Sogn og Fjordane politidistrikt ilegg selskapet 100 000 kroner i bot for same tilhøvet for ein bil som vart stansa på Håbakken i Lærdal.

Same firma tatt to gonger same kveld

Etter at Statens vegvesen på Voss i førre veke stogga to utanlandske vogntog som køyrde ulovleg i Norge på oppdrag av statseigde Bring har det blitt sett ekstra fokus på såkalla kabotasjekøyring.

Desse reglane skal regulere korleis utanlandske transportselskap kan drive transport i Norge. Eit utanlandsk vogntog som køyrer inn i Norge med internasjonal transport, kan etter dette køyre maksimalt tre turar i løpet av ei veke innanfor Norges grenser. Så må bilen ut av landet. Reglane stiller også krav til at transportane innanlands skal vere av tilfeldig karakter.

Tysdag denne veka stogga Vegvesenet to bilar frå same firma som dei meiner har køyrd ulovleg i Norge. Den eine vart stogga på Voss, medan den andre vart stogga i Lærdal. Politiet har allereie avgjort saka for vogntoget som vart stogga i Voss.

Kan ha køyrd fleire turar ulovleg

Politiet meiner dei har bevis for at bilen har køyrd fire ulovlege turar innanlands i Norge. Dei kan samtidig ikkje utelukke at det er snakk om fleire turar. Vegvesenet meinte det var snakk om seks turar.

Politiadvokaten Line Skjengen i Hordaland seier det er svært lite praksis i Norge på bøtelegging av denne typen lovbrot. Mange av sakene har blitt lagt vekk av politiet, men etter avsløringa i førre veke har det no blitt mykje fokus på problemet.

– Dette firmaet fekk i fjor ei bot på 20 000 kroner for liknande lovbrot. Det er særs lite praksis på dette området, men eg meiner ikkje ei bot på 100 000 kroner er spesielt stort, seier Skjengen til NRK.no.

Vil ha meir fokus på problemet

Skjengen seier dei no vil gripe fat i problemstillinga og at det i næraste framtid vil bli eit møte mellom politiet, UP, Vegvesenet og Norges Lastebileigarforbund.

– Kvar av desse ulovlege transportane går ut over norske selskap. Dei utanlandske selskapa har lågare lønningar, dei betaler heller ikkje vegavgift eller bompengar, seier Skjengen og legg til:

– Dei kan dermed tilby langt billegare transport enn det norske selskap kan. Vi er nøydde til å sjå nærare på dette for å finne ut kor stort omfanget er.

I denne saka har ikkje politiet vurdert å bøtelegge dei som kjøper transporten, men Skjengen seier dette kan bli aktuelt å gjere i framtida.

Tek ikkje ansvar for lovbrotet

Den ferske fisken på bilen var lasta ved Firda Seafood på Byrknesøy i Gulen. Administrerande direktør, Karl Erik Arnesen, beklagar at det skjer lovbrot på vegane, men meiner dei ikkje har ansvar for det som har skjedd.

– Dette er ikkje vår fisk. Vi har selt fisken til ein kunde, og det er kunden vår som har gjort avtale med transportør som kjem til oss for å hente fisken, seier Arnesen.

– Men kva tenkjer du om det moralske ansvaret de har i denne saka?

– Eg kan ikkje seie at vi har noko moralsk ansvar. Det er verken vår leverandør og heller ikkje vår fisk, den er allereie selt.

Arnesen seier samtidig at dei vil ta kontakt med sin kunde for å gje beskjed om at dei ikkje set pris på at det skjer ulovlege transportar knytt til deira selskap.

Håpar ryktet spreier seg

Dag Rykkje i Statens vegvesen på Voss er glad politiet har valt å reagere med ei bot på 100 000 kroner.

– Vi håpar at dette kan setje ein dempar på problemet med ulovleg transport innanlands i Norge. Kanskje dei etter kvart vil sjå at det ikkje er verdt det, seier Rykkje til NRK.no.

Rykkje seier det går rykte om at Girteka har mellom 20 og 30 vogntog som køyrer innlands i Norge til ei kvar tid, og seier Vegvesenet stadig observerer desse bilane langs vegane.

Også Skjengen trur det vil ryktast fort at selskapet har fått ei stor bot på grunn av ulovleg innanlandstransport.

– Eg håpar vi kan få til standardiserte satsar på bøter som følgje av ulovleg transport i Norge utført av utanlandske selskap. Dersom vi følgjer opp dette håpar eg at vi på sikt at utanlandske transportørar ikkje vil vere interesserte i drive ulovleg transport i Norge.

Vogntoget som vart stogga på Voss blir ståande der til bota er betalt.

Same bota i Lærdal

Politiadvokat Erling Melvær i Sogn og Fjordane politidistrikt stadfesta torsdag ettermiddag at han har gitt det litauiske transportselskapet 100 000 kroner i bot for brot på kabotasjereglane etter at ein annan av bilane til selskapet vart stansa i Lærdal.

Føraren fekk 5000 kroner i bot for brot på køyre- og kviletidreglane. Sjåføren har også mista retten til å køyre bil i Norge i seks månader.