Hopp til innhold

Familiar kuttar julegåver – det synest Jakob (9) er heilt topp

Ferske tal syner at nordmenn kjem til å bruke mindre pengar på gåver i år. Enkelte familiar vel å droppe julegåver.

Anne-Lise og Frank Petter H. Langeland saman med borna Alma og Jakob(9)

GÅVEKUTT: I år får borna i familien Holmestrand Langeland berre éin presang. Jakob (9) synest det er heilt fint at foreldra Anne-Lise og Frank Petter heller vil bruke tid saman med han og veslesøster Alma (1 månad)

Foto: erlend blaalid oldeide / nrk

– Det går heilt fint at vi ikkje skal ha pakkar. Det er bra for naturen, og så får vi meir tid med familien, seier Jakob H. Langeland.

I staden for ein pakke frå besteforeldra, synest niåringen tid til å spele kort kan vere like fint.

– Det er kjekkare andre enn å opne pakkar, for då får ein berre noko for seg sjølv, seier Jakob.

Foreldra Anne-Lise og Frank Petter H. Langeland er einige.

I fleire år har dei ønskt å kutte ut presangar, og i år gjer dei alvor av planane.

– Det er dyrt, det er travelt, og du sit att med litt bismak etter jula. Du føler du har brukt mykje pengar, og så er det kanskje ingen av presangane som heilt fell i smak, seier småbarnsmora frå Sande i Sunnfjord.

Økonomiprofessor håper på ny trend

I år blir det færre julepresangar under norske juletre enn i fjor.

Prisveksten i samfunnet, høge straumprisar og renta som stig, gjer at fleire har dårlegare råd.

Anne-Lise og Frank Petter H. Langeland saman med vesle Alma.

Familien har fått mange positive tilbakemeldingar på at dei kuttar ut julegåver. Fleire har bestemt seg for å gjere det same, og det synest Anne-Lise er heilt topp.

Foto: ERLEND BLAALID OLDEIDE / NRK

4 av 10 seier dei kjem til å bruke mindre pengar på gåver i år enn i fjor.

Kvar av oss vil legge att 12.170 kroner i butikkar i desember. Det er ein nedgang på 500 kroner frå i fjor, syner ferske tal frå Virke.

Samstundes går netthandelen til himmels. November 2022 ser ut til å bli den beste månaden for netthandel nokosinne. I årets to siste månader er det venta netthandel for 21,2 milliardar kroner.

Totalt kjem nordmenn til å handle for 66 milliardar kroner i desember. Det er 5 milliardar meir enn i 2019. Men grunna prisvekst og inflasjon gir det mindre varer for pengane.

Are Oust, professor i økonomi på NTNU, synest det er strålande at familiar kuttar ned på gåver.

– Ofte får folk gåver dei ikkje treng, så med tanke på den personlege økonomien og berekraft, så er det ein god ting å bruke mindre pengar på presangar, seier han.

Sjølv kutta han og dei vaksne i familien ut julegåvene for 20 år sidan.

Professoren håper gåvekutt kan bli ein ny trend, som også kan lette gåvepresset for dei som ikkje har så mykje å rutte med.

Jakob H. Langeland

Foreldra til Jakob har snakka mykje om gåvekuttet. Sjølv synest 9- åringen det er heilt fint.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Korleis kan ei slik utvikling i så fall påverke butikkane?

– Julehandelen er viktig for mange butikkar, så det kan nok forverre økonomien for dei. Men å støtte handelsstanden kan ikkje vere hovudpoenget når vi handlar inn til jul.

Senterleiar Wilhelm Tangerud ved Sogningen storsenter i Sogndal er ikkje bekymra for kjøpestopp.

Les også Gi dine fineste julegaver og spar penger samtidig

Gjenbruk og julegaver

– Men eg er frykteleg spent på årets julehandel, vedgår han, vel vitande om at auka rente og auka prisar har begynt å bite frå seg.

Vil ha julemagien tilbake

Galina Eriksen og familien i Sunnfjord har også slutta med «gåvebyting» for lenge sidan.

– Mange av vennene og familien vår bur langt unna, så vi sparar heller pengane til dei gongene vi møtest, seier trebarnsmora, som opphavleg kjem frå Bulgaria.

Galina Eriksen og mannen Øystein. Martin på 16, Simen på 10 og Livia på 8 år.

Galina og Øystein Eriksen vil heller ha tid i lag med familien enn å kjøpe mange presangar. Her med 16-åringen Martin (til venstre), Livia (8) og Simen (10).

Foto: privat

Hos den norske delen av familien får borna gåver, medan dei vaksne kuttar det ut.

Elisabeth Offerdal frå Sørbøvåg i Sogn har også fått nok av alt kjøpepresset.

– Eg føler magien rundt jula blir vekke, seier ho.

I år gjer ho grep. Familiemora vil heller bruke tida og pengane sine på å gjere noko i lag med familien.

– Eg ynskjer meg at desember blir tatt tilbake, seier Offerdal.

Illustration viser garnnøkle og garn.

Gi noe hjemmelaget.

Skriv en sang, strikk et pannebånd eller lag hjemmelaget granola. Da gir du samtidig en liten del av hjertet ditt.

Illustration viser malerutstyr og gavekort der beskriver at en person vil komme og male sovrommet i gave.

Gi bort en tjeneste.

Gleden blir stor hvis du tilbyr deg å male, kommer for å lage mat eller skifte dekk. Men husk å gjennomføre tjenestene!

Illustration viser bakke med kaker og kaffe.

Gi bort en opplevelse.

Og den kan være helt gratis! Be med ut på skitur, still med varm kakao og hjemmebakte wienerbrød.

Illustration viser et par briller og et brilleetui pakket ind i gavebånd.

Gi noe du selv har!

«Regifting» (å gi gaver videre) er veldig populært. Gi for eksempel en bok hvor du skriver en hyggelig hilsen og markerer noen favorittavsnitt, for å vise ekstra omtanke.

Illustration i sort hvid viser en app på telefon med et par brugte sko til salg

Bruk brukt-apper!

Hvis du vet hvilket klesmerke vennene dine liker best og bruker mest, skriv det inn på Finn eller gjenbruksapper som Tise. Da får man lettere råd til de merkene og kan gjøre et kupp.

Illustration i sort/hvid viser symaskine, skaks, garn, og brukt tøj.

Gi nytt liv til gamle ting.

Kanskje bor det en liten kreatør i deg? Fram med symaskinen og kreativiteten!

Illustration viser gave med gavebånd og teksten "God jul til deg" og et hjerte.

Gi noe personlig.

Vis at du tenkte på denne personen da gaven ble kjøpt eller lagd. Har du sett at noen mangler noe? Ingenting trumfer ting som får affeksjonsverdi.


Har hemmeleg nisse

I familien til Liva Sofia Devold Midtun har dei også fått nok av gåvemaset.

For nokre år sidan bestemte dei seg for berre å gi éin presang.

Les også – Du bør byrje å kjøpe julegåvene dine no

Julegavene på Bragernes torg i Drammen. Nå er den grønne med rødt bånd stjålet.

Kven du kjøper til, blir avgjort ved å trekkje ein lapp med eit namn på. På julaftan skal alle vere med å gjette kven gåva er frå, altså ein slags «hemmeleg nisse».

– Det blir ei artig greie og du må verkeleg bryne deg på kva du trur personen ønskjer seg, seier studenten.

Fremtiden i våre hender er glad for å høyre om gåvekutt. Dei viser til at dersom alle hadde same forbruk som nordmenn, ville vi trenge 3,6 jordklodar.

– Så vi er nøydde til å få ned forbruket ganske kraftig, seier Anja Bakken Riise i organisasjonen.