Hopp til innhold

Vesam er ikkje kristen nok – får ikkje opphald i Noreg

Vesam Heydari har vore aktiv kristen sidan 2011, men utan ei leiande rolle. Difor er det trygt å sende han tilbake til Iran, slår domstolen fast.

Vesam Heydari

EKTE ELLER «STRATEGISK KRISTEN»? Vesam Heydari har vore aktiv kristen sidan 2011. Likevel vil staten sende han tilbake til heimlandet Iran, der det er forbode å forlate den islamske trua.

Foto: Olav Røli / NRK

– Dette er umenneskeleg og audmjukande. Livet mitt er øydelagt, seier Vesam Heydari. Han ser ned i bibelen han held i handa.

43-åringen sit i senga i den åtte kvadrat store hybelen på Stord. Berre nokre dagar har gått sidan han fekk nyheita:

Høgsterett sitt ankeutval slår fast at han ikkje får behandla saka si på nytt.

For kvar dag som går kjenner den iranske konvertitten på ei gnagande frykt for å bli send tilbake til heimlandet.

Frå islam til kristendom

Vesam Heydari har konvertert frå islam til kristendom, noko som er strengt forbode i Iran. Han vart døypt kort tid etter at han kom til Noreg i 2009.

Sidan 2011 har han gått til nattverd og vore fast deltakar på gudstenester i Førde, Bergen, på Sund og Stord.

Han har vore trufast medlem i ei persisk bibelgruppe og engasjert seg i Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA). Han har budd på sju ulike asylmottak og flytta 17 gonger.

Vesam Heydari

På ein liten hybel på Stord i Sunnhordland ventar Vesam Heydari i uvisse på kva som vil skje med han.

Foto: Olav Røli / NRK

Rettsmaraton

Heydari hevdar han vil bli utsett for forfølging dersom han blir send tilbake til Iran, men asylsøknaden vart avslått.

Først fekk han medhald både i tingretten og lagmannsretten. Men Utlendingsnemnda (UNE) anka og Høgsterett avgjorde at saka måtte opp på nytt. Heydari tapte under den nye behandlinga i lagmannsretten.

Nyleg slo Høgsterett sitt ankeutval fast at han ikkje får saka si opp igjen i retten. Noko som betyr at han må ut av landet. Dermed er ein rettsmaraton over fleire år over. Sentrale spørsmål i saka har vore om Heydari er «strategisk konvertitt», kor mykje han har «eksponert» trua si, og kva som er risikoen ved retur til heimlandet Iran.

Vesam Haydari i Førde kyrkje

Vesam Heydari har vore aktiv i kristne kyrkjelydar. Her er han fotografert i Førde kyrkje då han budde i Sunnfjord.

Foto: NRK SOGN OG FJORDANE

I den no rettskraftige domen blir det peika på at Heydari ikkje har hatt ei leiande kristen rolle, og at det «ikke foreligger en reell fare for forfølgelse» dersom han til dømes blir passiv medlem i ei iransk heimekyrkje.

Det blir vist til at mellom 50 og 200 konvertittar kvart år blir arresterte i Iran, men at dette er «svært lågt» i lys av at talet på konvertittar varierer mellom 300.000 og 1 million.

Konklusjonen er at Heydari «ikke har en velbegrunnet frykt for forfølgelse».

I ein fersk rapport frå UNE går det fram at den avgjerande faktoren i dei fleste iranske konvertittsakene ikkje er om søkjaren har konvertert, «men kor aktiv personen vil vere dersom han eller ho reiser attende til heimlandet».

Opprørt eks-biskop

Tidlegare biskop i Sør-Hålogaland, Tor B. Jørgensen, har vore sakkunnig frå kyrkja si side under rettsprosessen. Han meiner retten har gjort «ei openberr feilvurdering».

Vesam sin personlegdom og kristendomstype blir vurdert feil. Han framstår med stort truverd og integritet i høve trua si, seier Jørgensen.

Han meiner domen tyder på at dommarane ikkje forstår den reelle situasjonen for konvertittar i Iran i dag.

Alle som deltar i ulovleg kristen aktivitet blir sett på som fiendar av den islamske staten. Alle som blir tatt i ein razzia vil bli registrerte og må forplikte seg til ikkje å delta på slike møter. Blir dei tatt for andre gong, risikerer dei fengselsopphald under tortur.

.

Tor Berger Jørgensen

– Vesam Heydari er i stor fare dersom han blir sendt tilbake til Iran og praktiserer si kristne tru, seier tidlegare biskop i Sør-Hålogaland, Tor B. Jørgensen.

Foto: Privat

Seniorrådgjevar i Noas, Jon Ole Martinsen, er svært skuffa over utfallet.

Vi er uroa for at Vesam ved ein retur til Iran vil stå i fare for alvorlege reaksjonar på grunnlag av trua si, seier han.

Martinsen karakteriserer situasjonen for menneskerettane i Iran som «ekstremt vanskeleg», og legg til at dei omfattande demonstrasjonane i landet har forverra situasjonen ytterlegare.

Frp støttar domen

Innvandringspolitisk talsperson i Framstegspartiet, Erlend Wiborg, er av ei anna oppfatning.

– Her har norske styresmakter gjennom ei rekkje instansar grundig vurdert denne saka og kome fram til at Heydari ikkje har krav på opphald i Noreg. Det må vi godta. Korkje tidlegare biskopar eller andre er heva over lova, seier Wiborg.

Han legg til at det vil gå ut over andre som har reelt behov for vern, dersom folk utan behov for vern får vere i Noreg.

Erlend Wiborg, stortingsprepresentant for Frp

Innvandringspolitisk talsperson i Frp, Erlend Wiborg, meiner det er ingen grunn til å tvile på at Vesam Heydari ikkje har beskyttelsesbehov. Saka er veldig grundig vurdert, meiner han.

Foto: Christian Nicolai Bjørke/NRK

Åttande verste landet å leve ut kristentru

Å vere open om trua (i motsetning til diskre) er dekt i trusfridomen slik han er definert i menneskerettserklæringa artikkel 18 (om å utøve trua si).

Ifølgje World Watch List 2021 er Iran det åttande verste landet i verda å leve ut den kristne trua si.

I konvertittsaker baserer UNE seg på informasjon frå Landinfo, som er namnet på Utlendingsforvaltningas fageining for informasjon om ulike land.

I ein rapport frå 2019 konkluderer dei med at: «hovudbiletet (i Iran) er framleis at konvertittar som utøver høg aktivitet, eller har organisatoriske roller, normalt vert ramma hardare enn dei som held lågare profil.»

Utlendingsnemnda (UNE) er fornøgd med utfallet av saka. I ein e-post frå einingsleiar Terje Østraat skriv han at UNE har «notert seg» at retten har gjeve dei medhald.

Ut over dette har han ingen kommentar.

UNE har sidan 2018 behandla 120 saker der iranarar har konvertert til kristendom. Berre vel 30 prosent av dei har fått opphald i Noreg.

Når sakene kjem til retten, vinn UNE fram i vel 80 prosent av tilfella.