Hopp til innhold

Kan ikkje snakke høgt om at han er kristen

FØRDE (NRK): Vesam Heydari (38) har snudd ryggen til islam og har i årevis vore aktiv i kristent arbeid. I Iran fryktar han å bli fengsla og torturert, men Norge vil likevel sende han ut. – Eg må stole på Jesus, seier han.

Vesam Haydari

KRISTEN: Vesam Heydari (38) fryktar for sitt eige liv i Iran fordi han har konvertert frå Islam til kristendom. Konvertering er forbode i det strengt religiøse landet. Likevel får han ikkje opphald i Norge. Her ber Vesam i Førde kyrkje.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg føler meg deprimert og trist, seier Vesam Heydari.

Sidan han ikkje har fått opphaldsløyve, får han ikkje jobbe. Returnere til Iran torer ikkje. Han bur no på eit asylmottak i Førde og håper at norske styresmakter til slutt skal gje han asyl.

– Det som held meg oppe er trua på Jesus, seier han.

Biskopen i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, er opprørt over korleis Heydari blir behandla.

– Dette er noko Norge må skamme seg over. Heile premissen er at ein må halde den kristne trua si skjult. Det er pinleg at Norge praktiserer ein slik politikk, seier biskopen.

– Den norske politikken legg opp til eit planlagt brot på menneskerettane, legg han til.

biskop Halvor Nordhaug

STØTTAR HEYDARI: Biskop Halvor Nordhaug meiner behandlinga av konvertittane bryt menneskerettane.

Foto: NRK

Den norske politikken er skammeleg og pinleg.

Halvor Nordhaug

Avviser kritikken

Statssekretær i Justisdepartementet, Torkil Åmland (Frp), avviser kritikken frå biskopen.

– Dette er fullstendig feil av biskopen. Vi har eit grundig og godt sakshandsamingssystem både i UDI og UNE. I tillegg kan ein prøve sakene i retten. Vi har også styrka sakshandsaminga spesielt når det gjeld konvertittar med ei rekkje tiltak, seier han.

Heydari har bede UNE vurdere saka hans på nytt. Sidan saka ikkje er ferdig behandla, ønskjer ikkje UNE å kommentere saka.

Torkil Åmdal

– FORSVARLEG: Statssekretær Torkil Åmdal (Frp) meiner Norge behandlar konvertittane på ein forsvarleg måte.

Foto: Arbeids- og sosialdepartementet

Biskopen tek fullstendig feil.

Torkil Åmdal

Motteken i kyrkja

NRK møter Heydari framme ved alteret i Førde kyrkje. Han har nyleg kome til Førde, etter å ha budd fleire år i Sund i Hordaland, der asylmottaket nyleg vart lagt ned. I Sund har han vore veldig aktivt i kristent arbeid, noko han også ønskjer å vere i Førde.

– Du er velkomen til oss, seier sokneprest Stein Oltedal og smiler.

– Eg er så glad for å bli så godt motteken her, seier 38-åringen stille.

Stein Oltedal, Vesam Heydari og Vidar Klepsvik i Førde kyrkje

STØTTAR HAN: Vesam Heydari (i midten) får hjelp og støtte frå sokneprest Stein Oltedal Vidar Klepsvik.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Må halde stilt om at han er kristen

Heydari kom til Norge i mars 2009 og fortalde i asylintervjuet at han hadde vore fengsla og torturert etter at han året før vende om til kristendomen. Dette trur ikkje norske styresmakter og tingretten noko på.

Retten legg derimot til grunn at Vesam konverterte til kristendomen etter at han hadde kome til Norge. Likevel får han ikkje innvilga asyl. Det er i stor grad folk som står fram i det offentlege rom og forkynner kristendomen som blir utsette for reaksjonar, meiner retten.

I domen heiter det mellom anna: «Etter bevisførselen i saka er ikkje retten i tvil om at det føregår diskriminering av religiøse minoritetar i Iran, og at konvertering frå islam til kristendom kan føre til slik forfølging som gjev grunnlag for asyl i Norge. Slik tilhøva er skildra, finst det derimot ikkje bevis for at det er konverteringa i seg sjølv som utløyser risiko for alvorleg forfølging. Det er i stor grad folk som står fram i det offentlege rom som er utsette for reaksjonar frå iranske styresmakter si side».

Mellom 3000 og 5000 konvertittar

Vidar Klepsvik er ein av leiarane i det evangelisk lutherske kyrkjesamfunnet på Sund i Hordaland, der Vesam har vore aktiv sidan 2010. Nyleg vitja han Vesam i Førde.

– Eg har kjend Vesam i mange år. Det er ingen som helst tvil i at han er kristen. Det er heller ikkje tvil om at han er i fare dersom han reiser attende til Iran. Difor forstår vi ikkje kvifor han ikkje får innvilga asyl i Norge, seier Klepsvik.

Vesam Heydari og Stein Oltedal i Førde kyrkje

I BØN: Sokneprest Stein Oltedal står ved Vesam Heydari si side under bøn i Førde kyrkje.

Foto: Arne Stubhaug / nrk

Eit eige nasjonalt nettverk som jobbar for å fremje konvertittane sine interesser viser til at det truleg er mellom 3000 og 5000 konvertittar i Norge.

Deprimert

Sidan Heydari ikkje har opphaldsløyve, får han ikkje lov å jobbe eller drive frivillig arbeid. Han bur no på asylmottak i Førde. Han kan ikkje tvingast tilbake til heimlandet, sidan Norge ikkje har returavtale med Iran.

Eg set min lit til Jesus.

Vesam Heydari

– Eg søv dårleg og er deprimert. Det einaste som held meg oppe er trua på Jesus, seier 38-åringen. Han faldar hendene og gjer seg klar for bøn i kyrkja i Førde.