Hopp til innhold

Høgsterett krev at konvertittsak vert handsama på ny

Vesam Heydari har fleire gonger sigra over den norske staten i retten. No sender Høgsterett saka tilbake til lagmannsretten.

Vesam Haydari

KONVERTITT: Sentrale spørsmål i saka mot Heydari har vore om han er «strategisk konvertitt», kor mykje han har «eksponert» trua si, og kva som er risikoen ved retur til heimlandet Iran.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Heydari (42) kom til Noreg frå Iran i 2009. Tre år seinare fekk han avslag på asylsøknaden, og sidan har Noreg ville kaste han ut.

Sist i september i Borgarting lagmannsrett. Men der tok retten Heydari sitt parti og annullerte Utlendingsnemnda (UNE) sitt asylavslag.

UNE er klageinstansen til Utlendingsdirektoratet (UDI), og svarte med å anke saka til Høgsterett.

No vert det endå ein runde i rettsvesenet, etter at Høgsterett har avgjort å sende saka tilbake til start.

Bakgrunnen er at lagmannsretten i fyrste runde ikkje vurderte betydninga av at asylsøkjaren tilpassa forklaringa si undervegs.

Det skriv Høgsterett i ein dom datert 5. mai. Dei konkluderer: «Dommen til lagmannsretten må opphevast».

Sentrale spørsmål i saka mot Heydari har vore om han er «strategisk konvertitt», kor mykje han har «eksponert» trua si, og kva som er risikoen ved retur til heimlandet Iran.

Vi anka saka fordi vi var usamd i lagmannsretten sin dom, og fordi vi ønskte ei avklaring av dei rettslege rammene rundt vurdering av forfølgingsrisiko for konvertittar, seier einingsleiar i UNE, Terje Østraat.

Ho legg til:

Den avklaringa har vi no fått.

Høyesterett
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Dumt at lagmannsretten ikkje gav god nok grunngiving

– Det var dumt at Høgsterett meinte lagmannsretten ikkje hadde gitt ein konkret god nok grunngiving for resultatet sitt, men det betyr berre at han og vitna må møte ein gong til. Om lagmannsretten seier det same som sist, vil han måtte vinne fram i saka igjen, seier John Christian Elden, som forsvarte Heydari.

Vesam Heydari vart døypt kort tid etter at han kom til Noreg i 2009, og saka har engasjert biskopar, politikarar og Norsk organisasjon for asylsøkere (Noas).

Heydari bur i dag på Stord i Vestland. NRK fortalde historia hans i 2017.

Domsavsigelse i Bertheussen-saken

FORSVARAR: – Det var dumt at Høgsterett meinte lagmannsretten ikkje hadde gitt ei konkret god nok grunngiving for resultatet sitt, seier John Christian Elden.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Pool / NTB

Seniorrådgjevar i Noas, Jon Ole Martinsen, seier til NRK at det er «veldig bra» at Heydari fekk medhald i dei rettslege tvistepunkta og at dommen slår fast at beviskravet ved framtidig trusutøving berre er «avdempa».

Omsett til daglegtale betyr det at domstolane har rett til å overprøve vurderingane til forvaltninga. Og at Heydari ikkje må vise at det er sannsynsovervekt for at han blir forfølgd for trua si ved retur til Iran, men at det er «nokolunde sannsynleg» at han blir det.

– Rettstryggleik tek tid. Det må vi ha aksept for. Og at det trass alt unntaket at det tek så lang tid som her, seier Martinsen.

Morten Askeland er generalsekretær i Åpne Dører, som hjelper forfølgde kristne i 70 land.

Vi er glade for at styresmaktene tar konvertittsaker på alvor og ønsker å belyse alle relevante sider. Samstundes må det vere krevjande for Heydari at ting trekkjer ut, og at saka må gjennom så mange instansar, seier han.

I fjor tapte ein afghansk kyrkjeasyl-familie på Hønefoss i Høgsterett. Det var første gong Høgsterett behandla ein såkalla konvertittsak.

Konvertitt ber

FØRDE KYRKJE: Staten ved Utlendingsnemda (UNE) anka saka mot Vesam Heydari (knelande) til Høgsterett

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Åttande verste landet å leve ut kristentru

Å vere open om trua (i motsetning til diskre) er dekt i trusfridomen slik han er definert i menneskerettserklæringa artikkel 18 (om å utøve trua si).

Ifølgje World Watch List 2021 er Iran det åttande verste landet i verda å leve ut den kristne trua si.

I konvertittsaker baserer UNE seg på informasjon frå Landinfo, som er namnet på Utlendingsforvaltningas fageining for informasjon om ulike land.

I ein rapport frå 2019 konkluderer dei med at: «hovudbiletet (i Iran) er framleis at konvertittar som utøver høg aktivitet, eller har organisatoriske roller, normalt vert ramma hardare enn dei som held lågare profil.»

Talet på muslimar som konverterer til kristendomen har auka dei siste åra, og auken er tydeleg blant asylsøkjarar. Konvertittatane fryktar fengsel og tortur i heimlandet. Likevel får mange avslag på asylsøknaden. 
  

Talet på muslimar som konverterer til kristendomen har auka dei siste åra, og auken er tydeleg blant asylsøkjarar. Konvertittane fryktar fengsel og tortur i heimlandet. Likevel får mange avslag på asylsøknaden.