Hopp til innhold

Høgsterett skal avgjere om Vesam får bli i Noreg

Vesam Heydari har fleire gongar sigra over den norske stat i retten. No går saka heilt til Høgsterett.

Vesam Haydari

FØRDE KYRKJE: Staten ved Utlendingsnemda (UNE) har anka saka mot Vesam Heydari (bilete) til Høgsterett

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Heydari (42) kom til Noreg frå Iran i 2009. Tre år seinare fekk han avslag på asylsøknaden, og sidan den gong har Noreg ville kasta han ut.

Sist i september i Borgarting lagmannsrett. Der tok retten Heydari sitt parti og annullerte UNE sitt avslag om asyl.

UNE er klageinstansen til Utlendingsdirektoratet (UDI), og valde då å anke saka til Høgsterett.

Sidan har Høgsterett vurdert om dei vil ta saka.

26. november konkluderte ankeutvalet: Det blir ein ny runde i Høgsterett. Der er det kort sagt tre alternativ. Dei kan avgjera at lagmannsretten tolka lova rett, at lagmannsretten tolka lova feil, eller dei kan sende saka tilbake for ein ny vurdering.

Høyesterett

NESTE STOPP: 1. oktober varsla Utlendingsnemda (UNE) de dei anker Heydari-saka til topps i det norske rettssystemet.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Håpa å gå ei roleg juletid i møte

Jostein Løken er advokat til Vesam Heydari. Han seier til NRK at klienten er «lei seg» over den siste utviklinga og at han «håpa å gå ei roleg juletid i møte».

Men vi ser fram til prosedere saka i retten, for her er staten på ville vegar, seier Løken.

Jon Ole Martinsen er seniorrådgjevar i Norsk organisasjon for asylsøkjarar (NOAS).

Han er «overraska» og «skuffa» over avgjerda ettersom saka «omhandlar prinsipielle spørsmål som Høgsterett alt har tatt stilling til».

Vi håper og trur at Høgsterett her vil klart avvise utlendingsforvaltninga forsøk på å unndra seg full prøving av sine vedtak, seier han.

Han legg til:

Det er et grunnleggjande demokratisk prinsipp at domstolen kan prøve forvaltninga sine vedtak når det gjeld rett til vern.

Til Vårt Land seier at det er «oppsiktsvekkande» at UNE etter hans syn ønskjer å avgrense domstolane sin funksjon i å etterprøve avgjersler tekne av forvaltninga.

Konvertitt ber

FØRDE KYRKJE: Staten ved Utlendingsnemda (UNE) har anka saka mot Vesam Heydari (knelande) til Høgsterett

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Har sendt tallause e-postar til BT

I anken gjer Utlendingsnemda (UNE) eit poeng av at Heydari har «utvida sin kristne aktivitet» og viser til ein artikkel i Bergens Tidende frå 2018 der det vert påstått at Heydari «har sendt tallause e-postar til BT og bedt avisa om å skrive om han».

– Vi anker av prinsipielle grunner. Vi meiner det er behov for å avklare kva for rettslege rammer som gjeld når UDI og UNE skal gjere ein framtidsretta vurdering av om ein konvertitt risikerer forfølging ved retur, sa fungerande avdelingsleiar i UNE, Rolf Tore Thomassen til NRK i oktober.

Heydari var muslim før han vart kristen, og sentrale spørsmål har vore om han er «strategisk konvertitt», kor mykje han har «eksponert» trua si, og kva som er risikoen ved retur til heimlandet Iran.

Å vere open om trua (i motsetning til diskre) er dekka i trusfridomen slik han er definert i menneskerettserklæringa artikkel 18 (om å utøve sin tro).

Heydari bur i dag på øya Stord i Vestland. NRK fortalde historia hans i 2017.

Afghansk kyrkjeasyl-familie tapte i Høgsterett

I juni tapte ein afghansk kyrkjeasyl-familie på Hønefoss i Høgsterett. Det var første gang Høgsterett behandla ein såkalla konvertittsak.

Ifølge World Watch List 2021 er Iran det åttande verste landet i verda å leve ut si kristne tru.

I konvertittsaker baserer UNE seg på informasjon frå Landinfo, som er namnet på Utlendingsforvaltninga si fageining for informasjon om ulike land.

I ein rapport frå 2019 konkluderer dei med at: «hovudbiletet (i Iran) er framleis at konvertittar som utøver høg aktivitet, eller har organisatoriske roller, normalt vert ramma hardare enn dei som held lågare profil.»

Talet på muslimar som konverterer til kristendomen har auka dei siste åra, og auken er tydeleg blant asylsøkjarar. Konvertittatane fryktar fengsel og tortur i heimlandet. Likevel får mange avslag på asylsøknaden. 
  

Talet på muslimar som konverterer til kristendomen har auka dei siste åra, og auken er tydeleg blant asylsøkjarar. Konvertittane fryktar fengsel og tortur i heimlandet. Likevel får mange avslag på asylsøknaden.