Hopp til innhold

Innfører nytt taxisystem utan bomavgift

Eigentleg skulle taxiane betale ti kroner for å få lov til å hente passasjerar på flyplassen i Bergen og Stavanger, men no droppar Avinor den omstridde bomavgifta.

Taxibommen på Flesland

UTAN BOMAVGIFT: Avinor kjem ikkje til einigheit med Norges Taxiforbund om bomavgift på Flesland og Sola, men innfører det nye taxisystemet likevel.

Foto: Christian Lura / NRK

Avinor har bestemt seg for å innføre det nye taxisystemet på Flesland og Sola frå neste veke.

I utgangspunktet ville det nye køsystemet innebera ei bomavgift på ti kroner for kvar gong taxiane skulle inn ved terminalen å hente passasjerar, men det blir det ikkje noko av.

Avinor har nemleg ikkje greidd å bli samde med Norges Taxiforbund om finansiering av ordninga.

– Vi ønskjer betre trafikkforhold utanfor lufthamnene, og vel no å innføra ordninga trass i at vi ikkje har lukkast med å bli samde med drosjenæringa om finansieringa, seier konserndirektør Egil Thompson i ei pressemelding.

Finansierer sjølv, inntil vidare

Den nye ordninga på Flesland og Sola går ut på at taxisjåførane ventar i eit depot eit stykke unna ankomstområda, og «taxivertar» frå Europark tek imot passasjerar og tildeler turane.

Dette systemet var det taxisjåførane som i utgangspunktet måtte betala for, med ti kroner for kvar gong. Dette var også ein sum som Avinor har sagt kunne auke med tida.

– Vi har mest lyst å knekke heile bommen, sa Norgestaxi-sjåførane Hamid Habibi, Masood Agid og Arif Mesbah som NRK trefte førre veke, då det såkalla Taxi Management System skulle innførast.

Det slepp dei altso no. Avinor vil inntil vidare ta seg av finansieringa av den nye ordninga.

– No er det viktigaste for oss at vi kjem i gang med å betre trafikkforholda utanfor lufthamnene, og gi eit best mogleg tilbod til dei reisande. Derfor legg vi no opp til at alle registrerte drosjer kan nytte seg av ordninga utan å betale noko ved oppstart eller forplikta seg til betaling i framtida, forklarar Thompson.

Hamid Habibi, Masood Agid og Arif Mesbah taxisjåfører på Flesland

Norgestaxi-sjåførane Hamid Habibi, Masood Agid og Arif Mesbah er ikkje positive til den nye ordninga på Flesland.

Foto: Christian Lura / NRK

– Ein delsiger

Systemet og bomavgifta har skapt ein voldsom debatt og har ført til forhandlingar mellom taxinæringa og Avinor i månadsvis.

Ein av dei som har vore kritiske er dagleg leiar Robert Aasmul i selskapet Taxi 1. Han kallar dette for ein delsiger.

– Det er positivt at dei legg vekk betalinga, men det er ingenting i verda som er gratis. Vi meiner uansett at det er feil at den nye ordninga kjem passasjerane til gode.

Aasmul har ikkje tru på av Avinor finansierer ordninga sjølv i alt for lang tid.