Hopp til innhold

Fleirtalet i fylkets minste vil ikkje bli større

Eit stort fleirtal av dei spurte innbyggjarane i Solund vil at kommunen skal halde fram åleine. Spesielt dei yngste i Sogn og Fjordane sin minste kommune seier nei til kommunesamanslåing.

Gunn Åmdal Mongstad

NEI TIL SAMANSLÅING: Eit klart fleirtal av dei spurte i Solund vil at kommunen held fram som i dag. Ordførar Gunn Åmdal Mongstad frå Senterpartiet.

Foto: Bård Siem / NRK

– No har vi fått tydelege signal. Eg trur også det er eit klokt signal ut frå min ståstad. Eg er glad for at eg tenkjer i same bane som dei fleste innbyggjarane, seier Senterparti-ordførar Gunn Åmdal Mongstad i Solund.

Solund er ein av fleire kommunar som har valt å be innbyggjarane til råds med ei såkalla innbyggjarundersøking. Undersøkinga er gjort av Opinion AS over telefon. I Solund har 150 innbyggjarar sagt sitt. 67 prosent av dei spurte er mot samanslåing, medan 20 er for.

Laster innhold, vennligst vent..

(Klikk på grafikken for å sjå prosentfordelinga. Merk: Resten av dei 150 spurte har svart Veit ikkje eller Vil ikkje svare).

Politikarane har flagga nei

Kommunestyret i Solund skal ta endeleg stilling til kommunereforma seinare i vår, men har allereie flagga at dei meiner geografien gjer at dei er best tente åleine. På vegen mot dette standpunktet har Solund-politikarane vore gjennom fem ulike utgreiingar og skrive under på tre intensjonsavtalar.

– Vi har enno til gode å sjå noko som tilseier at ei samanslåing vil vere bra for vårt samfunn, uttalte ordførar Gunn Åmdal Mongstad til NRK.no i byrjinga av mars.

– Ikkje overraskande

No har ordføraren og kommunepolitikarane fått svara frå innbyggjarundersøkinga. Der støttar eit stort fleirtal altså opp om den retninga politikarane har valt.

Solund-ordføraren synest det er vanskeleg å svare på om undersøkinga er farga av at politikarane allereie har vore tydelege på eit nei.

– Vi har gjennomført tre undersøkingar før denne, og tendensen var den same i dei. Resultatet er ikkje noko veldig overraskande, seier Åmdal Mongstad.

Størst motstand blant dei unge

Går ein inn i tala viser undersøkinga at motstanden mot samanslåing er spesielt stor blant dei yngste. I aldersgruppa 16–29 år er 90 % mot samanslåing, og berre 10 prosent for. I aldersgruppa 30–44 år er 71 % mot og 25 % for, i gruppa 45–59 år er 60 % mot og 19 for, medan det i aldersgruppa 60+ er 61 % mot samanslåing og 23 % for.

Ordføraren meiner det er interessant at motstanden er stor blant dei unge. Ho viser til at mange i denne aldersgruppa reiser ut av kommunen for å gå på vidaregåande skule og gjerne blir vekke nokre år.

– Dei yngste som har vore med i undersøkinga er sterkt knytt til Solund. Det er interessant at heile denne arbeidsgruppa stemmer slik, også at dei som er i etablerarfasen tenkjer at det å vere eigen kommune er det beste alternativet, seier ordføraren om rådet dei har fått.

Sjekk resultata frå alle folkerøystingane og innbyggjarundersøkinga i dei andre kommunane her.

Klikk på kartet for å sjå røystealternativa i dei ulike kommunane.

Folkeavstemminga om kommunesamanslåing (Sogn og Fjordane)