Hopp til innhold

Måtte flykte frå trugande elv

Daniel Skjerdal og familien evakuerte då elva vaks seg stor og trugande.

Far til Daniel, Jens Skjerdal, seier elva har minska i løpet av måndag.

- I dag er den berre ein brøkdel. Då var elva svolten. Ho åt godt på begge sider, seier Skjerdal. 

Tok med seg smie

Dei store nedbørsmengdene gjorde at elva vaks seg stadig større og større. Om lag klokka 12 evakuerte Daniel og familien då elva heldt på å grave seg oppunder huset.

Tre, og jord- og steinmasser vart teke med elva og ført ut på fjorden. To bruer og ei smie som stod på elvekanten fekk heller ikkje stå i fred. Skjerdal seier han aldri ha opplevd liknande.

Synfaring

Måndag var representantar frå Gloppen kommune på synfaring for å sjå kva som kan gjerast for å hindre at liknande skjer igjen.

- Eg har frykta at dette kunne skje sidan eg tok over garden. Vi har søkt om plastring sidan 1980-talet, seier Skjerdal.