Hopp til innhold

NVE: – No er det verste over

Naturkreftene har gjort store øydeleggingar og skapt mykje kaos på Vestlandet det siste dagane. No er det Nord-Norge som har fått ruskevêret.

Nedbør og mildvêr har ført til flaum og fare for flaum i elvar og vassdrag dei siste dagane. Rasfaren har også vore så stor at skredforskarar har bede folk om å halde seg heime.

– No er det verste over, seier sjefingeniør Inge Lavoll i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Store øydeleggingar

Måndag kveld vart eit bustadhus knust av eit stort ras i Flesje i Balestrand. Berre grunnmuren stod. Raset skylte bygningsrestar over ein kilometer ned i dalen.

Tysdag vart to personar funne døde - ein i rasmassane og ein sjøen like utanfor Balestrand sentrum.

Måndag kveld vart nærare 300 personar isolerte i Angedalen i Førde på grunn av flaum. Vegen vart totalt øydelagt av dei store vassmengdene som braut seg opp under asfalten.

Uvêret som har herja har også ført til ei rekkje snø- og jordras som har stengt fleire vegar på Vestlandet. Tysdag var over 40 vegar stengde på det meste.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flom i Angedalen

KNUST: Vegen til Angedalen i Førde vart øydelagt av flaum.

Foto: Jonas Sætre/NRK

Går mot betre tider

Sjefingeniør Inge Lavoll i NVE seier at det verste er over, men at dei har fått inn fleire bekymringsmeldingar også i dag. Ein av meldingane kom frå Vik kommune om Stadheimselvi.

– Der er dei redde for at det også der skal danne seg ei propp. Det er lett å oppdage faresignala, for dersom det blir mindre vatn i ei elv må det reagerast, seier Lavoll.

Raset som knuste eit hus i Balestrand var ei propp som gav etter; snø, is og vatn samla seg opp, og når mengdene vart for store eksploderte massane nedover elva og tok med seg huset.

– No går vi mot betre tider. Vêrmeldingane utover er positive, seier Lavoll.

– No blir det tryggare

Statsmeteorolog Haldis Berge ved Meteorologisk Institutt i Bergen seier vêret blir betre på Vestlandet framover.

– Temperaturen går ned på heile Vestlandet, noko vil minke rasfaren betrakteleg. Regnet går over til bygevêr og vinden vil minke. I morgon kan folk køyre tryggare på vegane på Vestlandet. Rasfaren vil vere der framleis, men den går nedover, seier Berge til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Huset i Balestrand som vart tatt av ras

KNUST: Bustadhuset i Balestrand vart knust av ras måndag kveld.

Foto: Fjellanger Widerøe/NRK
  • Rogaland: Her blir det frisk bris, og stort sett opphald i torsdag ettermiddag.
  • Hordaland: Stort sett opphald, men det kan komme enkelte byger. Det blir truleg ganske tørt i fylket.
  • Sogn og Fjordane: Her blir det frisk bris og enkelte snøbyger. Det blir regnbyger på kysten av fylket. Mest nedbør kjem det i Nordfjord. Det blir sludd og snø i indre strok, og regn i ytre strok.
  • Møre og Romsdal: Her blir det vestleg vind, og i natt blir det stiv kuling. Det vil minke torsdags morgon. Her blir det sludd og snø heile dagen.

Ifølgje statsmeteorologen er det dårlege vêret som har vore på Vestlandet dei siste dagane no kome til Nord-Norge. Det kraftige lågtrykket har flytta seg nordover, og det er i kveld mykje nedbør og vind der.

  • Nord-Norge: Her blir det mykje vind og nedbør. Det er sterk kuling utover kvelden, og det kan bli liten storm torsdag morgon. Dette gjeld for Nordland og Troms. I Vest-Finnmark er det venta full strom.

NETT-TV: Ras knuste hus i Balestrand

Video Begge personane er funne

NETT-TV: Begge personane funne etter raset i Balestrand.