Hopp til innhold

Familie evakuert på grunn av flaum

Dei store nedbørsmengdene i helga førde til flaum og høg vasstand mange stader i fylket. Verst var det i den veglause bygda Skjerdal i Gloppen.

Send oss dine verbilete

Der tok elva fleire trær, ei bru og ei smie. Ein familie på fire valde å evakuere huset sitt då elva begynte å grave i terrenget slik at huset stod i fare for å rase ut. Dei måtte flytte over i hovudhuset til foreldra på garden.

Grov seg ned under huset

Dei opplevde situasjonen midt på dagen søndag som ganske dramatisk, fortel Jens Skjerdal.

- Huset ligg ikkje meir enn 30 meter frå elva, og no er ho grave seg djupt ned inn under huset. Ho har også teke fleire mål med innmark, seier han.

Tek ingen sjansar

Kva tid ungefolket, to vaksne og to born, flyttar tilbake til huset sitt, er litt usikkert. Men Jens Skjerdal seier dei vil først ha geolog på plass.

- Vi vil ikkje ta sjansen i eit slikt tilfelle, seier han.

Mykje overflatevatn

Overfløyming i Deknepollen

Overfløyming i Deknepollen

Foto: Bjarne Eldevik

Elles har mange av vegane i fylket vore prega av vegstengingar, mykje overflatevatn og stikkrenner som fløymer over. Sjå Regnet skapte problem på vegane

Ved Austrheim på Sandane var det søndag ettermiddag fare for at vatnet frå ei stikkrenne skulle renne inn i eit hus. Vegvesenet klarte ikkje å ordne opp i stikkrenna fordi vassmengdene var alt for store.

I Florø sentrum rennte det vatn i gatene søndag ettermiddag, og det fossa over enkelte kumlokk.