Det vart omfattande skadar på eigedommen hans, og lensmannskjønnet etter flaumen vart sett til 3.985.000 kroner.
Naturskadefondet saksøkte Jens Skjerdal fordi dei meinte kravet hans var for høgt.
Les:
Jens Skjerdal
Foto: Torje Bjellaas / NRKStore skadar
Etter store nedbørsmengder og snøsmelting i slutten av oktober oppstod ein flaum som førde til kraftig utgraving i Skjerdalselva ved utløpet av fjorden.
Elva grov seg ned og utover i breidde på omlag 340 meter og elva gjorde stor skade ved at dyrka mark og matjord forsvann. I tillegg tok elva med seg to bruer og det vart gjort skade på fleire vassleidningar.
Grunnen til at Statens naturskadefond saksøkte Skjerdal var i hovudsak spørsmålet om kva som er gjennoppretting og kva som er sikringstiltak.
Ikkje pengar til sikring
No har Fjordane tingrett fastsett erstatningssummen til 2.259.500 kroner.
Retten legg til grunn at elva og areal rundt i utgangspunktet skal gjennopprettast til den stand den hadde før skaden. Men retten har sett vekk frå kostandene ved sikringstiltak når dei har sett taksten.
Skjerdal er skuffa
Jens Skjerdal seier Naturskadefondet har lukkast med å underbetale han for skadane etter flaumen i. Jens Skjerdal er skuffa over dommen og meiner at taksten er sett for lågt. Han meiner han knapt vil få oppretta skadene med dei pengane han no har fått.
- Det er ikkje sikkert at eg får ein entreprenør til å ta jobben for den summen.
- Korleis vil det gå med gjennoppbygginga no?
- Det må berre gå sin gang. Vi får ta ein dag om gangen.
Slepp sakskostnader
Men Skjerdal slepp å betale sakskostnader. Retten finn at det må gjerast unntak på grunn av det er stor ressursmessig skilnad på partane. Det viktigaste er likevel at saksøkte ikkje kan lastast for at overskjønnet har vore nødvendig, seier retten.