Hopp til innhold

Ingen konkrete summar til Hordfast

Regjeringa løyver ikkje ein konkret sum til vidare planlegging av E39 mellom Stord og Os (Hordfast) og E39 mellom Bømlafjorden og Boknafjorden i Vestland/Rogaland. Samstundes skriv dei at planleggingsarbeidet skal gå vidare.

– Me har ikkje fått noko konkret sum, og må sjølv finna ut av dette innan dei rammene me har. Samstundes er desse to prosjekta prioriterte for planlegging. Og me må sjå kor mykje me kan setja av, seier utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen.

Han legg til at bygging av ny E10 i Nordland og Sotrasambandet er store prosjekt som krev mykje ressursar.

Hordfast