Hopp til innhold
Hardangerbrua
Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Samferdsle i Vestland

Oppsummert

Siste nytt om samferdsle og infrastruktur i Vestland.

  • Utvidar familierabatten på buss og bybane

    Det blir ingen auke i kollektivprisane i Vestland fylke neste år. I tillegg er fleirtalet av fylkespolitikarane samde om å utvide familierabatten på buss og bybane. I dag gjeld den berre i helgene, men no blir den utvida til å gjelda heile veka.

    Det betyr at ein vaksen kan ta med seg fire barn på billetten.

    – Der mange har utfordringar med å få pengane til å strekke til, er det viktig å halde igjen på bussprisane for at fleire totalt sett skal velje kollektivt, seier gruppeleiar Marthe Hammer i SV.

    Også studentane får gjennomslag i kollektivbudsjettet, der prisen for enkeltbillett blir redusert med 40 prosent.

    Det blir heller ingen kutt i rutetilbodet, trass i at det har vore mangel på sjåførar i 2022. Fylkespolitikarane set av pengar til å satse på rekruttering av nye sjåførar.

    Det er fleirtalskoalisjonen mellom Sp, MDG, Ap, Venstre, SV og KrF som er samde om kollektivbudsjettet.

    Bybanen i Bergen
    Foto: Atle Markeng
  • To ferjer om sommaren

    Til sommaren vil det gå to ferjer på ferjesambandet mellom Jondal og Tørvikbygd. Fleirtalskoalisjonen i fylkestinget (Ap, SV, Sp, MDG, KrF, V) løyver pengar til ei ekstra ferje i fire månadar.

    Ferjesambandet har auke i passasjertal kvart år. Om sommaren har det vore kaos grunna mange reisande som og har skapa trafikkfarlege situasjonar.

    Frå neste år vil det gå ei ferje i halvtimen, i staden for kvar time som i dag

    Jondal-Tørvikbygd
    Foto: Tale Hauso / NRK
  • Kommunen betalar for flyrute

    Koalisjonen i Stord kommune (Ap, Sp og KrF) legg pengar på bordet for å sikra flytilbodet ved Stord lufthamn Sørstokken, skriv avisa Sunnhordland. Til neste års budsjett vil dei betala flykjøp mellom Stord og Oslo for perioden januar-mars. Opposisjonen er kritisk, og Øyvind Kyvik (H) seier til Stord24 at næringslivet også må stilla opp. Ikkje berre kommunen.

  • Vil bygge ny Fløyfjelltunnel

    Statens vegvesen har bestemt seg for korleis den nye Fløyfjelltunnelen skal byggast, skriv Bergens Tidende.

    Dei vil bygge to heilt nye løp frå Nygårdstangen til Eidsvåg, der dei nye tunnelane vil byrja kring 150 meter inn frå dagens tunnelløp i sentrum. Prislappen blir på 7 milliardar kroner.

    Ny Fløyfjelltunnel er ein føresetnad for å komme i gang med ny bybane til Åsane. Vegvesenet trur på byggestart først i 2026.

  • Høgre vil utsette Lærdalstunnelen-stenging

    Høgre meiner det er for brått å heilårsstenge Lærdalstunnelen frå 2023. – For Høgre sin del er det ikkje aktuelt å setja i gang med stenging av Lærdalstunnelen før vi har fått konsekvensane på bordet, og vi veit kva dei avbøtande tiltaka blir. Det seier Liv Kari Eskeland som sit i Stortinget sin transportkomité for Høgre til Sogn Avis.

    Lærdalstunnelen E16
    Foto: Sondre Dalaker / NRK