Hopp til innhold

Ingen funn trass i leiting med spesialhundar

To kriminalsøkshundar frå hundepatruljen i Bergen søkte i går gjennom eitt område på Haukåsen i Sogndal utan å gjere funn av Christer, som har vore sakna sidan 9. mai.

Leitar etter Christer

INGEN SPOR: Christer forsvann frå turfølgjet sitt då han var ute og gjekk tur på Haukåsen i Sogndal 9. mai.

Foto: Privat

– Vi tok ein siste kvalitetssjekk på eit område som vi har merka att på kartet, men dette gav oss dessverre ingen svar på kva som har skjedd med den sakna, seier politibetjent ved Sogndal politistasjon, Stein Helge Selland.

37 år gamle Christer forsvann på Haukåsen 9. mai då han var på tur med to tilsette frå institusjonen han budde på. Sidan då har ingen sett han.

Dei to politihundane vart sette inn i søket etter tips frå publikum om at det var ei sterk lukt i terrenget.

– Våre folk merka ikkje noko til noko lukt i terrenget då vi var ute i går, seier Selland.

Vurderer nytt elvesøk

Hundeekvipasjane returnerte til Bergen i går, og det vil ikkje bli gjort noko nytt søk på Haukåsen i dag.

– Når det ikkje er nye opplysningar i saka, har vi ingen nye planar om å invitere hundane tilbake hit til oss, seier Selland.

Parallelt med søka på Haukåsen går eit etterforskingsarbeid ved politikontoret i Sogndal.

– Vi vil gjere ei ny evaluering om vi skal gjere eit nytt søk i elva når vasstanden vert så låg som råd, etter at snøsmeltinga er over. Så får vi sjå om det gir oss nokre svar, seier Selland.

Han legg til at når dette vil bli, er ei kontinuerleg vurdering basert på vêrmeldingar og tilhøva i elva.