Hopp til innhold

Set inn spesialhundar i leitinga etter Christer

Onsdag kjem det to kriminalsøkshundar frå hundepatruljen i Bergen for å hjelpe til i leitinga etter mannen som har vore sakna i Sogndal sidan 9. mai.

Leitar etter Christer

FORSVANN: Christer forsvann då han var ute og gjekk tur på Haukåsen i Sogndal 9. mai.

Foto: Privat

– Det er eit spesielt området som vi vil at hundane skal gjennomsøke, seier regionlensmann Arne Johannessen.

37 år gamle Christer forsvann på Haukåsen då han var på tur med to tilsette ved institusjonen han bur på , sidan har ingen sett han. Når politiet no set inn spesialhundar i leitinga er det på bakgrunn av tips frå publikum.

– Det er fleire som har meldt frå om sterk lukt i terrenget, og dei områda ynskjer vi no å sjekke betre ut, seier Johannesen.

Området som det skal søkast i, er eit området som det tidlegare har vore gjort fleire søk .

Mange tips

Christer har vore sakna i over ein månad. Det har vore gjennomført fleire større leiteaksjonar. Seinast i førre veke var det ein stor aksjon, der 50 personar deltok i leitinga. Men så langt har leitinga vore resultatlaus, men politiet har fått inn mange tips også frå synske.

Arne Johannessen

FÅR MANGE TIPS: Regionlensmann Arne Johannessen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi vurderer alle innspel som vi får. I og med at det har gått så lang tid er det mange som engasjerer seg, det fører og til spekulasjonar som gjerne resulterer i tips til politiet, seier Johannessen.

Utan spor

Fylkeslegen har på sjølvstendig grunnlag varsla at dei vil føre tilsyn både mot Melås Helse, som hadde ansvaret for mannen, og Christer sin heimkommune.

– Per no står vi utan klare haldepunkt for kva som har skjedd, seier Johannessen.

I tillegg til søk i terrenget der Christer forsvann, gjennomfører politiet også avhøyr av vitne i håp om at det skal kunne kaste lys over forsvinninga.

– Vi har ei grundig etterforsking, og det er mange avhøyr som skal gjerast og ulike ting blir sjekka ut for å skape eit best mogleg bileta av kva som skjedde i forkant av forsvinninga, seier Johannessen.