Hopp til innhold

Avgjerd om landvind-skatten utsett enda ein gong

I strid med tidlegare løfte er avgjerda om grunnrenteskatten på landbasert vindkraft utsett enda ein gong.

Haramsfjellet vindkraft

GRUNNLEIGE: Grunngivinga for landvind-skatten er at fellesskapen skal ha sitt når knappe naturressursar vert utnytta. Slik ekstra inntekt blir kalla grunnrente, som i grunnleige (tenk engelsk).

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Etter mykje krøll vart Stortinget til slutt samde om utforminga til den såkalla lakseskatten i mai.

Då hadde regjeringspartia og opposisjonen forhandla om skatten i meir enn eit halvt år etter at han vart introdusert under ein hendingsrik pressekonferanse på Blaafarveværket året i førevegen.

Men «lakseskatten» var ikkje den einaste nye grunnrenteskatten som vart introdusert på Blaafarveværket i Modum.

Den andre «skattebomba» var 40 prosent grunnrenteskatt på landbasert vindkraft.

Men meir enn eitt år seinare er det enno ikkje avklart korleis «landvind-skatten» blir, berre at han blir lågare enn først førespegla.

Finanskomiteen på Stortinget hadde frist til å bli ferdig med saka denne veka, men no får NRK stadfesta at fristen ryk.

Først røk torsdagsfristen.

Så røk fredagsfristen.

– Dette er ei viktig sak som skal stå seg i mange år, skriv leiar i finanskomiteen Eigil Knutsen (Ap) i ein SMS til NRK.

wbQlJULMzwg

– Målet er eit breitt energipolitisk forlik, som ikkje er sårbart for partipolitiske konjunkturar, men står seg over tid, seier Eigil Knutsen (Ap).

Foto: NTB

I fyrste omgang er overleveringa av saka utsett til fredag 15. desember.

– Eg har ingen kommentar utover at vi held fram med behandlinga av saka, seier Kari Elisabeth Kaski (SV).

– Det går føre seg forhandlingar, og eg ønskjer ikkje si stort mykje om dette. Det viktigaste er å komma til ei semje som kan bidra til føreseielegheit for næringa, seier Mahmound Farahmand (H).

Spørsmål som skal avklarast er kor romslege overgangsordningane skal vera, om skatten skal ha tilbakeverkande kraft, og kva som blir den endelege satsen.

Skatteutvalet vil ha grunnrenteskatten

I tillegg til dei partipolitiske spenningane har det vore open strid mellom fornybarbransjen og Finansdepartementet om grunnrenteskatten på landskraft hemmar investeringslysta eller ikkje.

Ja, seier bransjen.

Nei, seier departementet.

strømprisen

– Det er ein lang og god tradisjon i Noreg at verdiar som blir skapte med dei felles ressursane våre også kjem fellesskapen til gode. Derfor meiner regjeringa det er rett å innføra ein grunnrenteskatt på landbasert vindkraft, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

På laget til departementet er Skatteutvalet, som i fjor tok til orde for at satsen på grunnrenteskatten bør vera 40 prosent.

Utvalet reknar med at ein slik skatt kan gi eit proveny på éin milliard kroner årleg, skriv utvalet i utgreiinga si.

Regjeringa har tidlegare spekulert i at grunnrenteskatten årleg kan trekkja inn 2,5 milliardar kroner.

I statsbudsjettet for neste år har dei justert ned forventningane til 300 millionar kroner.

SSB har berekna at ressursrenta frå vindkraftnæringa var negativ fram til 2020, men oppe i 7,6 milliardar kroner i «ekstremåret» 2022 (side 24).

Ragnar Torvik

NTNU-professor Ragnar Torvik leidde skatteutvalet til regjeringa. – Skatt på grunnrenteinntekt i vindkraft er bra og rettferdig. Rett forma ut vil han ikkje påverka avgjerder om investeringar og drift, slik andre skattar gjer, seier han.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Dette er ein lagnadstime for norsk industri

Fornybarnæringa meiner ein grunnrenteskatt på 25 prosent er meir enn nok, og har i tillegg protestert mot signala om at skatten får tilbakeverkande kraft.

Det er viktig at skattesystemet ikkje hindrar utviklinga av meir fornybar energi i Noreg, seier Statkraft-direktør Birgitte Ringstad Vartdal (sjå under).

NHO-direktør Ole Erik Almlid høgnar innsatsen og kallar det «ein lagnadstime».

Om vi ikkje byggjer meir kraft, kan det slå rett inn i straumprisane og ramma Noregs klimamål. Dette er ein lagnadstime for norsk industri som krev politisk handlekraft, seier han til NRK.

Les også Utset omstridd vindskatt: – Ein farse

Vindkraftpark i Havøysund.

Bakom syng tilrådingane til Energikommisjonen om «meir av alt, raskare».

I rapporten, som vart lagd fram i februar, heiter det Noreg treng 40 TWh til kraft innan 2030 for å greia det grøne skiftet.

På same tid sa ein rapport frå revisjons- og rådgivingsselskapet PwC at Noreg må ha 75 TWh meir i årleg kraftproduksjon innan 2030. Det er 50 prosent meir enn dagens produksjon (150 TWh).

Rapportane har vore kritisert for å vere «feberfantasiar» og i «overkant ambisiøse».

I eit høyringsvar som er gjæve att i Nettavisen karakteriserer NVE-direktøren fleire av måltala til Energikommisjonen for å vere «urealistiske» og «lite sannsynslege».

– Vind på land er den raskaste, enklaste og billigaste løysinga for å få opp mykje kraft, seier Åslaug Haga, som er leiar i Fornybar Noreg.

– Da bør politikarane samle seg om et bredt skatteforlik som gir føreseielegheit for næringa og stimulerer til meir investering.